Vi må skape eit forsvar som på sjøvstendig grunnlag er avskrekkande mot eit angrep på Noreg.

Vi lever i utrygge tider. Det internasjonale samfunnet er i bevegelse, tilhøvet mellom atommaktene er usikkert og vi i nord lever på grensa til ei av desse maktene – Russland. Då må vi finne balansen mellom avspenning og eit truverdig forsvar av Noreg.

Noreg må derfor leve med denne balansegangen og vi må, som SVs Torgeir Knag Fylkesnes har tatt til orde for ha eit norsk forsvar som kan forsvare Noreg, samstundes vi må sørge for avspenning i nordområda mot Russland. Eg meiner at desse kan la seg foreine. Det er derfor to ting vi må få til:

Vi må skape eit forsvar som på sjøvstendig grunnlag er avskrekkande mot eit angrep på Noreg. Det vil og opne for at vi over tid kan avvikle NATO-medlemsskapen og få til eit nordisk forsvarssamarbeid.

Samtidig må vi bygge tillit mellom Noreg og Russland. Det kan vi gjere gjennom å halde fast på dei sjølvpålagte skrankane vi hadde under den kalde krigen. Det vil seie at vi ikkje kan aksepterer fast stasjonering av utanlandske styrkar i Noreg i fredstid og at vi ikkje tillet øving av utanlandske styrkar aust for 23. graden. Utstasjoneringa av 300 amerikanske soldatar på Værnes er ikkje i seg sjølv avgjerande for styrkebalansen i nord, men det sender eit signal – eit signal om at Noreg går vekk frå den avspenningspolitikken vi har ført i nord.

Det er likeins grunnleggande viktig at vi utviklar Barentssamarbeidet vidare. Folk til folk samarbeid, næringsliv på tvers av grensene må til for avspenning og for å utvikle Nord-Noreg. Samarbeid innafor kultur, idrett, næringsliv og anna bygger tillit og gjer at vi kan føle oss trygge på at den norsk-russiske grensa held fram med å vere ei fredeleg grense, slik ho har vore alltid.

Lik Nordnorsk Debatt på Facebook

På forsiden nå

På samme sted som Lyngens første Gudshus ble reist for over 350 år siden, skrives det nå et nytt kapittel i kommunens kirkehistorie. Det skjer fredag når det første likekjønnede paret i kommunen blir viet av en prest i Den norsk kirke.

1
667

Vil vi ha et likestilt samfunn har vi kvinner også et ansvar om å delta og diskutere de beslutningene som blir tatt. Skal likestillingen tas på alvor må vi også tørre å heve stemmen i andre forum enn hjemme i stua.

0
36