Etter tre år med ein politisk kaldfront mellom Russland og Noreg forsikrar regjeringa at samarbeidet framleis er som det har vore, og skal vere i nord. Med tanke på korleis dette samarbeidet vart bygt opp på eit skjørt grunnlag sidan midten av 1950-åra er det ein dristig påstand.

For det skjedde ei dramatisk omlegging i norsk Russlands-politikk då Noreg sommaren 2014 stilte seg bak EU-flagget med ein blåkopi av straffesanksjonane mot folkerettslege brot mot Krim og Ukraina. Så kan vi berre undrast over kvifor det vart gjort på denne måten, og at kritikken ikkje vart formulert på «eigen kjøl» slik vi har eit sterkt diplomati og fleire kanalar for å gjere. Ei  årsak til at eit fleirtal røysta nei til EU i 1994 var behovet for norsk suverenitet i utanrikspolitikken. Her var ein norsk Russlands-politikk viktig, først og fremst av omsyn til det norsk/russiske kyststat-ansvaret for å forvalte nokre av dei rikaste fiskestammane i verda.

Sanksjonane kostar også Noreg dyrt. Då handelsblokaden kom som ein russisk motreaksjon, tapte vi vår største marknad for fisk som i 2013 var på sju milliardar, og i rivande utvikling mot noko mykje større. Kor mykje nordnorsk sjømatnæring tapte på at ein så viktig nærmarknad tørka inn har regjeringa aldri problematisert. Det var som Russland aldri hadde eksistert. I håp om å vinne tilbake litt av dette har vi inngått ei forsoning med Kina der vi lovar å ikkje støtte handlingar som er i strid med Kina sine strategiske interesser. Det kan vere så mykje rart, ikkje minst til havs. Ikkje alle brot på folkeretten er like viktige. Dalai Lama kjem nok aldri meir til Noreg. «Flagget følger flæsket», sa danskane. Vi kan sei det same om laksen.

Tilhøvet til Russland vil aldri bli som før, har forsvarsminister Eriksen Søreide sagt.  Skal det bli ein sjøloppfyllande profeti? Etter sanksjonane og handelsblokaden kom Storskogkrisa hausten 2015, NATO-basen i Trøndelag, rakettskjoldplanane, visumstrid og PST sine risikoanalyser som skarpslipar fiendebiletet av Russland. Med andre ord; nye striper i dei mørke og dystre, over 100 år gamle, «teikneseriane» av Russland som eit trugsmål mot Europa, uansett om dei måtte vere kannibalske kosakkaer, kommunistar eller nasjonalistar. Ein bodskap som alltid har hatt best grobotn i sør, men dårlegare vilkår i nord. Ei fersk Sentio-måling som viser at tre av fire nordlendingar vil at Noreg må gjere meir for å betre naboskapet til Russland kan tyde på at det framleis er slik.

Om samarbeidet med Russland for alvor går i baklås vil det for Noreg vere eit dramatisk brot med ei lang linje for tillitsfull dialog og samarbeid med Russland. Korleis dette «asymetriske naboskapet» i frykt og forventning vart utvikla frå midten av 1950-talet blir godt skildra på cirka 300 sider i verket om Noreg og Russlands felles historie som kom ut i 2015. Ei historie om korleis Einar Gerhardsen vart den første inviterte statsleiar frå NATO som vitja Sovjet, og fann tonen med Khrutsjov. Midt i den kalde krigen vart det med små skritt utvikla eit samarbeid: fiskerigrensene i Varanger i 1961, kraftverket i Pasvik i 1963, fiskeriavtalen om forvaltning og ressursfordeling i 1974, gråsoneavtalen frå 1977 og ei semje om å vere usamde om Svalbardsona.

Gerhardsen måtte slåst mot haukar både i NATO og sitt eige parti, men greidde å skape aksept for at Noreg måtte stå fritt til å snakke og forhandle med Sovjet for å løyse felles problem. Høgre og dei borgarlege avisene var sterkt kritiske, og hevda at regjeringa var naive og heile tida gav etter for russarane. Etter 1990 kom Barentssamarbeidet med nye avtalar om kystvakt, miljøvern, energisamarbeid, atomtryggleik, søk og redning, før vi endeleg fekk ein avtale om ei sjøgrense frå 2010.

Slik det ser ut no blir vedlikehaldet av det vi har oppnådd i dialog med Russland, ofra for EU-sanksjonane. Samstundes har regjeringa fortalt at det er marine ressursar frå Barentshavet vi skal leve av etter oljen. Det vil sei fisk som vi forvaltar og fordeler saman med Russland, slik vi er forplikta til etter havretten. Eller har regjeringa andre planar? Om dei leitar etter ein sterk storebror mellom våre vestlege allierte kan det bli vanskeleg å finne han.

Kan det være EU som i desse dagar deler ut «lisensar» for eit piratfiske etter snøkrabbe ved Svalbard, og vil ta seg til rette på same måten som dei har prøvd mange gonger før? Er det USA som framleis ikkje har ratifisert havrettstraktaten? Her har det heile tida vore «America First», men Donald Trump kan sikkert gje dette endå ein ny dimensjon. Eller Kina som er godt truande til å starte piratfiske i Polhavet som eit framhald av kampen om olje, fisk og øyar i Sør-Kinahavet. Men har vi lov å kritisere dette?

I nord blir det slett ikkje enklare i tiåra som kjem med eit varmare havklima der torsk, sild og lodde vil vandre lenger mot nord, ut av norsk sone, kanskje inn i russisk eller inn i Polhavet med krav om nye reguleringar og kvotefordeling. Her vil det bli nye, reelle konflikter mellom Noreg og Russland. Dei to landa har forplikta seg til å løyse dette i samsvar med havretten, men det er også viktig at evna til å føre langsiktig dialog ikkje forvitrar. Det vil bli lettare om EU-flagget blir fjerna frå bordet.

 

 

 

 

 

 

 

  

 

 

Lik Nordnorsk Debatt på Facebook

På forsiden nå

Når man skal gjøre opp med fortiden, behøver man ikke gå seg vill i egen samtid.

5
127

Tidligere sametingspresident, Ole Henrik Magga, sier til Nordlys at det ikke er behov for egen granskingskommisjon av fornorskingen. Han begrunner det med at fornorskingen og dens skader er allerede grundig dokumentert, og at samene har fått et vern i grunnloven.

2
207