Det er stortingsval hausten 2017 og noxit vil spela ei viktig rolle for dei partia som vil styre landet til det beste for folk flest.

Brexit, Storbritannia ut av EU, var eit faktum etter folkerøystinga 23. juni 2016. Britane hadde fått nok av fjernstyringa frå Brüssel. Theresa May, Statsministeren frå det konservative partiet, sjølv EU tilhengjar, rettar seg etter folkefleirtalet.

Ho har i, motsetning til Ap og fleirtalet av den politiske eliten i Noreg, kome med ei fråsegn om kva slag handelsavtale med EU, som vil ivareta folket og landet sine interesser på best mogeleg måte.Ho har samstundes gjort det klårt at nokon EØS liknande «husmannsavtale», slik Noreg har med EU er uaktuelt for Storbritannia. Grunnen til dette er innlysande, berre ikkje for Jonas Gahr Støre, Erna Solberg med regjering og fleirtalet på Stortinget.

Theresa May vil ha ein tosidig handelsavtale med EU – ein liknande avtale, som den Noreg hadde med EU på det tidspunktet Gro Harlem Brundtland  og Jonas Garhr Støre fekk Stortinget til å vedta EØS avtalen. Ho skrotar EØS alternativet fordi ein slik avtale vil binde Storbritannia til EU sine fire friheiter; fri flyt av av arbeidskraft, kapital, varer og tenester  i tillegg til å vera underlagt det lovgivande regimet i Brüssel, som med alle direktiva sine har fråtatt dei ulike nasjonalforsamlingane innan EU/EØS området sin sjølvstendige rett til å laga funksjonelle lovar i eigne land.

Theresa May ynskjer sjølvråderett og likestilling mellom EU og Storbritannia. Difor vil ho ut av den såkalla indre marknaden og framforhandle ein heilt ny tosidig avtale med EU. Theresa May vil at Parlamentet skal ha det fulle ansvaret for lovgivinga og ikkje vera avhengig av å innlemme dei alle uforutseielege direktiva frå Brüssel i det britiske lovverket. Ho vil ha slutt på sosial dumping, underbetaling, av EU arbeidarar, noko som og er blitt eit press på lønsnivået i ulike bransjar i Storbritannia. Å ha kontroll med arbeidsvilkåra og arbeidsinnvandringa er viktig for å unngå «texastilstandar» (noko som skjer stradig oftare i Noreg).

Theresa May vil og på fritt grunnlag, uavhengig av EU, inngå handelsavtalar med andre land.

Vidare peikar ho på at Storbritannia er ein stor og viktig marknad for EU (og for Noreg), noko som ho framleis vil vera open for å  oppretthalde når landet ikkje er EU medlem lenger. På den andre sida er EU  og ein viktig marknad for britane. Med godt, sunt «bondevet» konkluderer ho med at det vert eit spørsmål om å gi og ta. Storbritannia og EU skal vera likeverdige partar.Den britiske statsministeren skjønar kor viktig det er å ha sjølvråderett. Det gjer noko med sjølvkjensla.

Brexit viser uunngåeleg til Noreg sin «servile»= underdanige EØS avtale med EU. No er tidspunktet å få eit likeverdig tilhøve mellom EU og Noreg, som samhandlingspartnarar, slik Theresa May legg opp til i Storbritannia. Avtalevilkåra for EØS avtalen opnar opp for ein noxit, ei utmelding av avtalen med eitt års forvarsel, før Noreg kan kjenna seg kvitt EU-åket (som den marknadsliberalistiske Elisabeth Aspaker såg på som ei livbøye). Dermed kan Stortinget igjen bli den lovgivande institusjonen her i landet og ikkje EU-kommisjonen i Brüssel!

Med noxit vert kommunane, fylkeskommunane og staten fristilla til å hente inn anbod på prosjekt og innkjøp der dei vil utan innblanding frå Brüssel. Det er slik dert skal vera i eitkvart demokrati.

Fleire fagforbund i Noreg krev ein noxit. Dei registerer dagleg sosial dumping, og ei uverdig utnytting og utbytting av arbeidsinnvandrarar frå EU. Arbeidstidsordningar, som bryt med arbeidsmiljølova, skjer oftare og oftare i jakta på stadig meir profitt for arbeidsgivarane. Arbeidstakarane,  familiefolk eller aleinebuande, alle treng forutseielege løns- og arbeidsvilkår. Det er dei som skaper verdiane i samfunnet.

Det er LO-kongress i vår og noxit, ei oppseiing av EØS- avtalen vert ei viktig sak på programmet. Det er stortingsval hausten 2017 og noxit vil spela ei viktig rolle for dei partia som vil styre landet til det beste for folk flest.

Me må gjera som Theresa May; arbeide for ein noxit og sjølvråderett gjennom ein ny tosidig avtale  med EU.

Lik Nordnorsk Debatt på Facebook

På forsiden nå

SV har foreslått at Stortinget skal nedsette en granskingskommisjon som skal være en sannhetskommisjon for fornorskningspolitikk og urett begått mot det samiske og kvenske folk. Etter at forslaget ble lansert har vi fått mye støtte, men også mange spørsmål.

0
12

EØS-avtalen tilrettelegg no for privatisering av offentlege tenester og kortsiktig vinning. Fellesskapet vert skadelidande.

0
149