Eit nødvendig budsjett

Byrådet legg i dag fram sitt framlegg til kommunebudsjett for 2016. Budsjettet inneheld både gode og dårlege nyheiter.

Vi trur eit godt samarbeid med og tillit til dei tilsette vil gjere dette mogleg.

Den verkeleg gode nyheita er at vi styrker skoleramma og tilset ti nye lærarar. For SV har nettopp det å styrke skolen vore det aller viktigaste.

Dessverre vil vi måtte auke eigedomsskatten i dette budsjettet. Vi arvar ein økonomi med store underskott. For å kunne klare å både spare inn dette overforbruket og halde fram å tilby gode tenester til innbyggarane må vi dessverre auke skatten.

Det er leit, men nødvendig. I 2015 vil kommunen ha eit overforbruk på 100 millionar. Det må vi ta inn over dei neste to åra, samstundes med at vi må drive betre og meir effektivt. Det skal vi klare saman med dei tilsette og fagforeiningane. Vi trur eit godt samarbeid med og tillit til dei tilsette vil gjere dette mogleg.

Eg trur ikkje det er nokon som mottar kravet om eigedomsskatt med mykje glede. Eg er ein av dei som ikkje betaler skatt med glede, men eg betaler med ein forståelse av at det er dette som må til for gode velferdstenester, gode skolar til ungane våre, og gode tenester til dei som treng litt hjelp i ein vanskeleg periode.

Men nettopp fordi vi no må auke skatten (eg håper og trur vi kan sette den ned igjen når underskottet er betalt) er det viktig at kommuneleiinga går i front i ein vanskeleg situasjon. Sjølv om det ikkje betyr svært mykje for den totale kommuneøkonomien så meiner Tromsø SV at det er rett å redusere lønningane til politikarane no. Medlemsmøtet vårt var klart, skal skattene opp må lønningane ned.

Når vi får avskaffa parlamentarismen til sommaren vil også den totale kostnaden til politikarar gå ned i Tromsø. Det ser vi fram til.

Lik Nordnorsk Debatt på Facebook

Her er du velkommen til å debattere saken videre. Men tenk gjennom hvordan du vil framstå og hvilke uttrykk du bruker. En liten huskeregel: Ikke skriv noe som du ikke kunne ha ropt ut på torget med mange tilhørere. Du må bruke fullt navn - falske profiler blir utestengt. Hold deg til saken, vis respekt og stor raushet overfor andre. Trakassering, trusler og hatske meldinger slettes.

Med vennlig hilsen Guttorm Pedersen, debattredigerer