Det er ei urovekkjande auke i økonomisk ulikskap blant folk i dette landet, og det går føre seg ein massiv sentraliseringspolitikk.

I landsmøtet til Nei til EU på Ringerike nord for Hamar frå 11. – 13. november 2016 vart det blant anna bestemt at Nei til EU skal arbeide for å få sagt opp EØS-avtalen og erstatta han med ei moderne utgåve av den gamle handelsavtalen Noreg har med EU. Denne avtalen er utruleg nok ikkje sagt opp av nokon av partane.

Kan hende Gro Harlem Brundtland, statsminister i Noreg på den tida, gløymde den gamle handelsavtalen i iveren etter å få knytt Noreg så nært opp til EU systemet som råd var, i tilfellet det norske folk ville sei Nei til EU ved folkerøystinga 28. november 1994.

Me veit alle kva resultatet vart. Det norske folk sette verdiar som demokrati, internasjonal solidaritet, eit arbeidsliv tufta på arbeidsmiljølov, tariffavtalar om løns og arbeidsvilkår, eit godt offentleg velferdstilbod for folk flest, størst mogeleg økonomisk likskap mellom folk og sjølvråderett.

I eit lesarinnlegg i «Nordlys» på laurdag 12. november skriv Andreas Bakke og Andrè Løvik, styret i Europabevegelsen i Tromsø, at Brexit har gitt Nei til EU blod på tann i arbeidet med å få reforhandla EØS avtalen Noreg har med EU.

Det er klårt at Brexit er ei vitamininnsprøyting i arbeidet med å få sagt opp EØS avtalen. Dette er ein handelsavtale som tener big business og ikkje folk flest. Det er liknande handelsavtalar, TTIP og TTP, Trump vil avskaffe.

Europabevegelsen meiner at dette tiltaket er ein av grunnane til at Trump sigra i presidentvalkampen. Det har dei sikkert rett i og det er forståeleg at folk reagerer på handelsavtalar, som favoriserer store multinasjonale selskap der effektivisering, dårlegare  og dårlegare løns og arbeidsvilkår for dei tilsette, høgare tempo på  arbeidsplassen, avskaffing av retten til å organisere seg i ei fagforeining vert meir og meir vanleg. Det går føre seg ei liknande utvikling i EU.

Brot på arbeidsmiljølov, ei nedbyggjing av retten til fagorganisering, sosial dumping, eller ei underbetaling til dei tilsette, vert stadig vanlegare i Noreg. Denne utviklinga er eit resultat av av EØS avtalen og dei fire fridomane: fri flyt av arbeidskraft (mennesker), kapital, varer og tenester. Mange arbeidsgiverar i Noreg nyttar høvet til å underbetale arbeiderar som kjem frå land med dårlegare løns-og arbeidsvilkår enn i Noreg. Dette har ført til at verksemder, som betaler tariff- løn til sine tilsette ikkje klarer å konkurrera med useriøse arbeidsgiverar, som betaler langt mindre til sine tilsette, dumpar lønsutbetalingane. Resultatet er konkurs eller oppseiing av tilsette i dei lovlydige, seriøse verksemdene.

Europabevegelsen hevdar at det er liten folkeleg støtte for ei EØS-utmelding. Dei skriv at 61% av dei spurte i spørjeundersøkjing vil ha EØS-avtalen. Men denne spørjeundersøkjinga får ikkje med seg at det er  ei veksande misnøye med EØS avtalen blant stadig fleire nordmenn. Heile 39% av dei spurde vil sei opp EØS avtalen. Det er mest rart at det talet er så høgt som det er.

Kvifor er det rart? Grunnen er at norske rikspolitikarar, regjeringsmedlemmer og representantar for NHO maler den såkalla «fanden på veggen» når dei opptrer i TV og radioprogram. Dei hevdar alle at Noreg  ha EØS-avtalen for å få selt varene på marknadene i EU området. Dei same representantane for den politiske og økonomiske eliten i dette landet er og samde om at EØS avtalen er viktig for utvikling og framgang for næringsliv og samfunnsliv i Noreg.

Dette er løgn og atter løgn! Når elitesjiktet i det norske samfunnslivet feilinformerer det norske folket, er det demagogi, ei forføring av det norske folket. (Hemmeleghald av informasjon og feilinformasjon frå politikarane si side gjer seg gjeldande i land etter land , noko som er med på å auke avstanden mellom politikarane og folket og skaper mistillit.)

Den norske eliten med Jonas Gahr Støre, Erna Solberg, Elisabeth Aspaker og Kristin Skogen Lund (den siste er leiar av NHO) med mange fleire frå det skiktet har klart å forføre/lure 61% av dei spurde i ei spørjeundersøkjing (det er dette talet Europabevegelsen i Tromsø viser til) til å tru at EØS-avtalen er eit vera eller ikkje vera for norske varer på EU marknaden. Kva respekt viser desse menneska for det norske folk?

Europabevegelsen skriv vidare: «EØS avtalen … har stimulert til økt handel og samarbeid og bidratt til økonomisk vekst og sysselsetting i Norge.»

«Stimulert til auka handel»? Noreg hadde allereie gjennom den gamle Handelsavtalen ein utstrakt handel med EU- og då støtta opp med ein handelsavtale, ein tosidig avtale utan direktiv frå Brüssel, som skulle regulere arbeidsliv og samfunnsliv i Noreg. Med inngåinga av EØS avtalen kjem det regelmessig direktiv/lover frå Brussel som får konsekvensar for det norske arbeidslivet.

Offentleg sektor med kommune, fylke og stat måtte investere store summar i å byggje opp kompetanse på det å handle i samsvar med denne avtalen. Både politikarar og administrasjon måtte bruke mykje tid på dette arbeidet – og gjer det heile tida.

Ta til dømes anbudsdirektivet. I fylgje dette direktivet må offentlege etatar leggje ut store byggjeprosjekt, med kostnad over ein viss sum, på anbod i heile EU/EØS-området. Det er forbode å gå direkte til lokale entreprenørar! Dermed starta prosessen med nedbyggjinga av eit lokalt næringsliv i distrikta.

Den same verknaden har anskaffelsesdirektivet. Ifylgje dette direktivet må innkjøp med ein kostnad over ein viss sum annonserast i heile EØS- området og lokale verksemder, ofte mindre,  taper i konkurransen med dei store. Europabevegelsen må få augo opp for at EØS avtalen, med ulike direktiv, er med på å byggje ned Noreg. Det kjem direktiv frå Brüssel, som fører til store kostnader både for små og mellomstore verksemder og for bønder.

Overvakingsorganet ESA, som skal sjå til at direktiva/lovene frå Brüssel vert respektert og etterlevd, har til og med «gått til krig» mot statlege overføringar til Hurtigruta, for det var konkurransevridande (det nye mote ordet i samband med EØS avtalen).

Me skal heller ikkje gløyme postdirektivet, som den blå-blå regjeringa har gjort til norsk lov. Andre direktiv har vidare ført til konflikter om forvaltning av norske naturressursar, distriktspolitikk, nasjonalt eigarskap, alkoholpolitikk, likestilligspolitikk, gradert arbeidsgivar avgift og mange fleire, som grip inn inn i «vår» måte å regulere samfunnslivet på.

Europabevegelsen kallar EU for frihetsområdet. Den jevne mann og kvinne føler det ikkje slik. Det er eit stort gap mellom den elitiske tankegongen i Brüssel og korleis folk har det. Fri flyt politikken kopla saman med sparing i offentleg sektor har  dreve utruleg mange mennesker ut i arbeidsløyse, mange av desse er unge menneske. Mange er blitt så desperate på grunn av politikken frå Brüssel at dei har tatt sjølvmord. Kva slag frihetsområde er dette?

Europabevegelsen meiner at Nei til EU ikkje kunne ha valgt seg eit dårlegare tidspunkt på for « å kreve at Norge skal løse sine handelspolitiske utfordringer helt alene». Nei til EU har aldri tatt til orde for nokon isolasjonspolitikk. Tvert om! Nei til EU ynskjer å halda fram både med handel med EU gjennom ei revitalisering og modernisering  av den gamle Handelsavtalen (utan direktiv) og ha eit nært samkvem med EU innan kultur,utdaning og forskning.  I tillegg til det å handle med EU ynskjer Nei til EU at Noreg skal handle med andre land utanfor EU området. Verda er stor og det er mange mogelegheiter.

Ei utmelding av EØS vil ikkje berre gi oss reell fridom i dette landet, men det vil og gi oss ein stoltheit av å ha sjølvråderett til å arbeide for folket og syta for at små og store verksemder skal tene folket og fellesskapet og ikkje at folket skal syta for mest mogeleg profitt for «Big Business». For å få dette til trengs det ein New Deal politikk, etter førebilete av president Franklin Delano Roosevelt i USA i dei harde 1930 åra. Denne politikken skal vera ei motvekt mot den New Public Management-politikken til Erna Solberg, Jonas Gahr Støre, Kristin Skogen Lund(leiar av NHO)Trine Skei Grande og mange andre blant  rikspolitikarane.

Dei må alle ta inn over seg at det er ei urovekkjande auke i økonomisk ulikskap blant folk i dette landet og at det går føre seg ein massiv sentraliseringspolitikk. Med ei oppseiing av EØS avtalen har dei sjølvråderett til å «reparere» på biletet av Noreg som likheitssamfunnet med det gode velferdssystemet og der det bur folk i heile landet.

Lik Nordnorsk Debatt på Facebook

På forsiden nå

Sandra Borch (SP) er stadig er ute og arresterer folk, senest Justisministeren, så nå er jeg lysten på å bruke samme arrestmetoden på henne og SP.

11
1,220

SV vil innføre en nasjonal regel som sikrer skolene flere lærere, og dette kravet støttes av lærerne selv.

0
8