Utviklinga i kystkommunene i Finnmark viser et stabilt folketall, skriver Nils Aarsæther ved UiT Norges arktiske universitet. Illustrasjonsfoto: Erlend Hykkerud

Fakta fra kyst-Finnmark

Dersom vi har ein «håplaus» kommunestruktur, korfor kan det gå såpass godt i Nord-Norge som det faktisk gjer?

Problemet for Skjalg Fjellheim og andre bekymrings-kommentatorar er at dei ikkje har oppdaga eller ønska å ta innover seg den endringa som har skjedd i nordnorske distriktskommunar etter 2009.

Dersom dei mange småkommunane stod i vegen for utvikling, korleis kan vi då oppleve vekst i fiske, oppdrett og reiseliv over heile landsdelen? Dette spørsmålet bør tilhengarane av tvangsbruk i kommunereformen tenke grundig over.

Ved å sette seg inn i befolkningsstatistikk over utviklinga i landsdelen, ser ein at det er tre periodar i etterkrigstida: Først var det befolkningsvekst fram til 1982. Då kom det ein nedgangsperiode som varte heilt til 2009. I denne perioden makta ikkje dei tre «vekst-motorane» Tromsø, Bodø og Alta å sørge for vekst i heile i landsdelen. Nedgangen i distriktskommunane var for stor. Men ting har endra seg. Etter 2009 har det vore ein samanhengande (men rett nok svak) vekst i alle dei tre fylka.

Problemet for Skjalg Fjellheim (Nordlys 27.2) og andre bekymrings-kommentatorar er at dei ikkje har oppdaga eller ønska å ta innover seg den endringa som har skjedd i nordnorske distriktskommunar etter 2009. Frå til dels sterk tilbakegang i perioden 1982-2009 har mange av desse kommunane vore i stand til å omstille seg til meir stabile lokalsamfunn.

Dette skal eg illustrere ved å ta vise utviklinga i dei absolutt mest sårbare områda i Norge – dei små kystkommunane i Finnmark. Det dreier seg om 9 kommunar på ei strekning fra Loppa i vest til Vardø i aust. Petroleumskommunen Hammerfest er utelatt, slik at den sterke veksten der ikkje drar opp totalen. (Innlegget fortsetter etter tabellen)

Kommune

Folketal 2009  

Folketal 2017 (1. jan.)

Loppa

1.087

968

Hasvik

970

1.037

Måsøy

1.309

1.204

Nordkapp

3.180

3.291

Lebesby

1.332

1.330

Gamvik

1.025

1.137

Berlevåg

1.061

991

Båtsfjord

2.074

2.207

Vardø

2.144

2.104

Alle 9

14.182

14.269

(tal frå ssb.no)

Bildet viser stabilisering – nokre av kommunane går litt opp, andre litt ned; Lebesby er den mest stabile. Men totalsummen er (svakt) positiv. Går ein bak talla, viser det seg at det er fleire dødsfall enn fødslar i dei fleste av kommunane. Dermed er det positiv flyttebalanse som forklarer stabilitet og (litt) vekst. Altså det motsatte av den utflyttinga som kommentatorar legg så stor vekt på.

Ei god oppsummering er at ei aldrande norsk befolkning er i ferd med å bli erstatta av yngre tilflyttarar – mange av dei innvandrarar. Og korfor har dei flytta dit? For å jobbe. Og det er vel ikkje det verste som kan skje? Og bør ikkje vi som nasjon støtte opp om den eksportmessig viktige jobben som blir utført langs finnmarkskysten, i staden for å mane fram eit bilde av nedgangstider, spesielt når det ikkje har bakgrunn i faktiske forhold?

Lik Nordnorsk Debatt på Facebook

Her er du velkommen til å debattere saken videre. Men tenk gjennom hvordan du vil framstå og hvilke uttrykk du bruker. En liten huskeregel: Ikke skriv noe som du ikke kunne ha ropt ut på torget med mange tilhørere. Du må bruke fullt navn - falske profiler blir utestengt. Hold deg til saken, vis respekt og stor raushet overfor andre. Trakassering, trusler og hatske meldinger slettes.

Med vennlig hilsen Guttorm Pedersen, debattredigerer