Direktørar som Solheim bør førebu seg på harde tak. Ho har heilt rett i at "Oppdrettsnæringen skaper verdier". For kven? Kom med svar på spørsmåla!

Det er alltid godt å bli korrigert når ein legg fram opplysningar som ikkje samsvarar med realitetane. Difor las eg med stor interesse svaret frå Regiondirektør Turid Lande Solheim i Marine Harvest Nord til min kronikk i Nordlys 10/10, “Milliardar og møkk”

I bidraget gjekk eg m.a. inn på selskapet si verksemd i Kvænangen med utgangspunkt i spelet om det planlagte føretaket Spildra. Dagens Næringsliv 21/5-2016 hadde ein omfattande reportasje, Kampen om havet, som tok opp utviklinga i Kvænangen. Eg følgde opp med å ta telefonar til kommune og andre som kunne sitje på fakta. Men det var svært vanskeleg å få desse fram. På spørsmål om årleg omsetnad fekk eg veta at dette var hemmeleg etter som Marine Harvest er på børs. Difor til direktør Solheim:

1. Kor stor har brutto omsetninga av oppdrettslaks vore i kommunen kvart år dei siste fem åra?

2. Kor mykje går til kommunen i arealavgift pr. år?

3. Kor mange tilsette har føretaket i kommunen? Kor mykje legg dei att i skatt?

  Solheim stadfestar at John Fredriksen er ein av 20.000 aksjonærer i MH

4. Kor stor eigardel har han?

5. Kor mykje skatt yter han fellesskapen?

Direktør Solheim skriv at JG hevder “det rømmer 2 millioner fisk hvert år”. Eg skreiv at det “kvart år rømer opp mot to millionar laks frå merdene”. Las ho ikkje artikkelen min? Solheim skuldar “den gamle journalisten” for mangel på “objektivitet og kildekritikk”. Sidan eg enno ikkje har fått diagnosen senil, må eg visa til kjeldene:

(a) I band V av Norges fiskeri- og kysthistorie (Fagbokforlaget 2014:211) står det:

“I årene 1988-92 lå tallet på gjennomsnittlig 1,6 mill. fisk pr. år. Fiskeridirektoratet anslo at ca. 2 millioner oppdrettsfisk rømte i 1989.” 

(b) Kvart år kjem Havforskningsrapporten frå Havforskningsinstituttet og i utgåva for 2016 kan vi lesa at det blei registrert 287 000 rømte laks i 2014. “Totalt er det registrert mer enn 5 millioner rømte laks i perioden 2001-2014, men flere gjenfangststudier av utsatt oppdrettslaks tyder på at det reelle tallet er 2-4 ganger høyere” (s. 16).

(c) Fiskeridirektoratet sin statistikk over rømt laks og regnbueaure etter 2000 viser urovekkjende tal, og dette er tala som føretake sjøl kjem med. 921 000 laks rømte i 2006, og 315 000 aure i 2007. 

Regjeringa går inn for seksdobling av oppdrettsnæringa, og eit mindretal - mange bur langt utafor Nord-Noreg - tek ut superprofittar. Journalistar har som oppgåve å ettergå fakta: kva kjem kystfolket til gode? Eit hav av usvarte spørsmål ligg foran oss, m.a. om den forureininga som kysten vert utsett for frå 1100 føretak.

Journalistar bør difor ikkje få dei keisamt i åra som kjem, og direktørar som Solheim bør førebu seg på harde tak. Ho har heilt rett i at “Oppdrettsnæringen skaper verdier”. For kven? Kom med svar på spørsmåla!

Lik Nordnorsk Debatt på Facebook

På forsiden nå

Åpent brev til Frank Bakke-Jensen, vår nye forsvarsminister

1
276

Regjeringen forsikrer at norsk forsvars- og utenrikspolitikk er i sin skjønneste orden i en «uforutsigbar» og «komplisert» verden.. Sist ute var tidligere forsvarsminister Ine Eriksen Søreide i Adresseavisen 16.10.

2
90