Om målet er å få til ei forsoning så meiner eg dei politiske styresmakter bør strekke seg langt for å få til ein kommisjon.

I dag 15. mai drøfter Stortingets kontroll- og konstitusjonskomité eit representantforslag frå Kirsti Bergstø og Torgeir Knag Fylkesnes, begge frå SV, om nedsetting av ein kommisjon for granske «fornorskingpolitikk og urett begått mot det samiske og kvenske folk i Norge». Etter å ha følgt denne saka over tid har eg kome fram til at eg syns Stortinget burde sette ned ein sannings- og forsoningskommisjon.

Dette er for meg ikkje eit spørsmål om kor mykje eller lite vi i dag veit om fornorskingspolitikken og verknadene av den. Og eg trur heller ikkje det er mogleg å kome fram til den endelege sanninga med stor S.

For meg er dette eit spørsmål om forsoning. Ei forsoning mellom dei som på den eine sida var utsett for fornorskingspolitikken, og deira etterkommarar, og på den andre sida majoritetssamfunnet ved den norske stat, dvs dei som initierte, implementerte og gjennomførte fornorskingspolitikken. Om målet er å få til ei forsoning så meiner eg dei politiske styresmakter bør strekke seg langt for å få til ein kommisjon.

For å få til ei forsoning så må alle få kome fram med sine opplevingar og sine forteljingar. Så langt som moglege må vi få fram alle dimensjonane ved fornorskingspolitikken. Skolen blir sjølvsagt viktig, men vi må også sjå breiare. Det er godt kjent at fornorskingspolitikkens i Finnmark var så gjennomgripande at den greip inn i alle sider ved samfunnslivet, også på det individuelle planet. Dette må speglast i kommisjonens mandat. Vi må få fram dei ulike fortelingane, dei ulike erfaringane, dei ulike nyansane både frå dei som stod bak fornorskingspolitikken og dei som var offer for den. Vi må tåle at nye forteljingar kjem fram, at det var variasjonar, at folk har ulike erfaringar og opplevingar, at det var forskjellar og at ein i ettertid vurderer det på ulikt vis.

Ein sannings- og forsoningskommisjon må naturleg nok mykje handle om fortida, men den må vere for framtida.

Lik Nordnorsk Debatt på Facebook

På forsiden nå

Åpent brev til Frank Bakke-Jensen, vår nye forsvarsminister

1
301

Regjeringen forsikrer at norsk forsvars- og utenrikspolitikk er i sin skjønneste orden i en «uforutsigbar» og «komplisert» verden.. Sist ute var tidligere forsvarsminister Ine Eriksen Søreide i Adresseavisen 16.10.

2
92