Forskarar i farleg farvatn

Det er ikkje berre mistilliten til media som har gode vekstvilkår. Forskarar som stiller seg kritiske til oppdrettsnæringa, risikerar trugsmål.

Dersom presteskapet innan oppdrettsnæringa skal få tura fram, treng vi uredde vitskapsfolk.

Nyleg såg vi for ope kamera korleis Donald Trump “banka opp” ein CNN-journalist. Konfliktar mellom journalistar og forskarar på eine sida og pengefolk og politikarar på den andre sida set demokratiet på prøve. Over heile den vestlege verda ser motsetnadene ut til å byggja seg opp. I samfunn med mykje pengar, og Noreg er pr. capita rikare enn USA, kan stats- og finansmakt fristast til å gå til urettvise åttak på den fjerde statsmakt, pressa, og deira viktige informantar, forskarane. Pengar gjev makt. Forskarar kan verte frista til å la seg kjøpa opp. No ser vi tendensar til at media anten teier eller formidlar falske nyhende frå t.d. oppdrettsføretak. Sistnevnte har tent gigant(milliard-)formuar på kort tid. For å sikra propagandaen vert det hyra inn informatørar og advokatar for store pengar. Eit spørsmål vi ikkje har fått svar på: kva for rolle spelar advokatane i kampen om sanninga? Dei let seg vel ikkje løna for å lyga.

Pressa si utfordring veks i takt med talet på oppdrettsføretak. Godt samansveisa og kvalifiserte journalistar har framfor seg spanande oppgåve. Thomas Jefferson som nærmast på eiga hand skreiv den amerikanske grunnloven, sa i 1787: “Måtte eg velja mellom å ha ei regjering, men ikkje aviser, eller aviser, men ikkje ei regjering, så ville eg utan å nøla ein augeblink føretrekkja det siste.”

Under det presset som massemedia no er utsette for, vert det naudsynleg å reisa eit forsvarsverk mot løgnfabrikkantane. NRK-journalisten Thormod Strand har i tidsskiftet Prosa 2/2017 åtvara media mot å gje etter. Margaret Sullivan i Washington Post definerar “Fake news” som “løgner konstruert med siktemål, i form av nyhendeartiklar, å villeda publikum.” Norske politikarar har også gått til åttak på media. Per-Willy Amundsen (FrP), sjølvaste justisministeren, har skulda Nordlys, for å produsere falske nyhende og opptre som Pravda, (ru:”sanning”). Partikamerat Mazyar Keshwari hevdar at “etablerte media er de største produsentene av falske nyheter”. Altså, politikarar i toppstillingar, fryktar debatt og sjølvsagt å bli tekne med buksene nede.

Framfor stortingsvalet har dei store partia vore sams om at oppdrettsnæringa skal kunne fem-doblas fram mot 2030. I 2050 kan omsetjinga av oppdrettslaks passera 500 milliardar kroner. Det er forståeleg at folk sluttar opp om ei næring som kan sikra velferd og utdanning etter kvart som petroleumsinntektene går ned. Freistnaden til overmot aukar når oppdrettsnæringa i fjor, trass i ein nedgang i eksportvolum på 3,5 prosent, kunne visa til ein oppgang i -verdi på 31 prosent eller 15,4 mrd, kroner.

Morgenbladet har i ein serie fått fram korleis forskarar vert utsette for utskjelling, kjeft og drittpakkar (nr. 22/2017). Fiskeriministeren har kalt kritiske forskarar “mørke motkrefter”. “Femtekolonistar” er eit anna omgrep. Vert “terroristar” det neste? Avisa stadfestar noko av det som er skrive av forfattarar som Henning Røed, Gunnar Grytås og Kjersti Sandvik. Dei peikar på korleis rovdrift, privatisering av felleseigedomen og slett forvaltning har teke over der vi skulle ha politisk styring og pågåande media. Korrupsjon?

Foran stortingsvalet har dei politiske partia vore påfallande tause om skadeomfanget ved lakseoppdrett. På møtet i Tromsø 20/6 fortsatte Jonas Gahr Støre (Ap) sin prediken om “havrommet” medan europaminister Frank Bakke-Jensen himla med augene og såg for seg eventyrleg vokster. Eit unntak har vore Torgeir Knag Fylkesnes (SV) som vil at meir av superinntektene skal kome lokalsamfunna til gode. Men sjølv han er smålåten, redd for taburetten?

Forskarar skal ha stor ros for å gjera sin plikt, gå inn i debatten og kaste ljos over slett politisk forvaltning. Dersom presteskapet innan oppdrettsnæringa skal få tura fram, treng vi uredde vitskapsfolk. Men må dei vera gått av frå sine embede for å seia sanninga? Professor emeritus, veterinær Trygve Poppe tek i Aftenposten Innsikt 07/2017 for seg korleis laks og reinsefisk av lakselus går dauden i møte i sjukdomskampen, og sluttar med at “Det er i denne sammenheng et behov for at de veterinære stemmer høres høyt og tydelig i den offentlige debatt om fiskevelferd.”

Presset på forskarane kan føre at Noreg får ein guru som kan minna om Stalin sin yndlingsforskar, genetikaren Trofim Lysenko (1898-1976). Han motsette seg Darwin si utviklingslære og påstod enda til at virus kunne bli til celler og celler til virus. Ideane hans vart villare og farlegare, og han fekk motstandarar sparka og sendt på straff til Gulag. Etter at Stalin døydde i 1953, medverka atomfysikaren Andrej Sakharov (1921-1989) sterkt til at han vart avsett.

Til slutt ei lokalhistorie. Nordkapp kommune har gått med på å leggja ut ein lokalitet der villfisken har gytt og vokse opp til Grieg Seafood. Firmaet Akvaplan Niva har gjort ei undersøking som gjev GS grønt ljos for igangsetting. På spørsmål herifrå om korleis ein gjekk fram, kva ein fann og kor osv. avviste AN innsyn i resultata. Dei er eigd av bergensfirmaet GS. Kolonialismen styrkar seg i Finnmark.

Ei ny Alta-sak kan vera i emning. Eller er det Mehamn-opprøret 1903?

                          

Lik Nordnorsk Debatt på Facebook

Nordlys overvåker denne debatten kontinuerlig mellom kl. 07 og 24. Kommentarfeltet er nå stengt og åpner igjen kl. 07.00. Velkommen tilbake da!