Den 15. mai arrangerer Stortinget høyring om forslaget om ein sannings- og forsoningskommisjon om fornorskinga. Den siste tida har det vore eit ordskifte i Nordlys (Nordnorsk debatt) om saka, med innlegg mellom anna frå fleire historikarar. Det ordskiftet har ikkje vore berre klargjerande. 

Sjølv om Einar Niemi i kronikken sin Sannhetskommisjon, politikk og kampen om fortida 11. mai med rette peiker på at dei historiske forholda rundt fornorskinga er samansette og fleirtydige, kunne han godt ha kombinert den bodskapen med eit klart standpunkt om han meiner ein sannings- og forsoningskommisjon har noko føre seg eller ikkje. I staden gir Niemi debattantar og lesarar ei utgreiing som det er mest nærliggjande å tolka som sterk skepsis mot opprettinga av ein slik kommisjon.

Niemis historikarkollega Bård A. Berg er meir tydeleg i sitt innlegg dagen etterpå. Han meiner at heller enn ein sannings- og forsoningskommisjon trengst det meir kunnskap og forsking. Hovudargumentet synest å vera at dei kulturelle overgrepa som har vore gjort mot den samiske og kvenske befolkninga i Nord-Noreg, ikkje er så graverande som det som har gått føre seg i andre land der ein nyleg har hatt eller skal få slike kommisjonar, slik som i Sør-Afrika og Canada. Dessutan peikar Berg på at det er delte meiningar om nytten av ein slik prosess også i det samiske miljøet.

Men samtidig som Berg ønskjer meir kunnskap og forsking, seier han: «Jeg kan ikke se for meg dramatiske avsløringer av hittil ukjente overgrep og jeg har problemer med å skjønne hva ytterligere forsoning skulle bestå i.» Det heng – med respekt å melda – ikkje på greip. Viss ein no altså har rimeleg god oversikt over kva som føregjekk og ikkje forventar nokon overraskingar, kvifor treng ein då meir kunnskap og forsking?

I sosiale medium synest fleire representantar for historikarmiljøet ved UiT å støtta opp om meiningane som Niemi og Berg målber. Eg ønskjer å seia følgjande til historikarkollegaene mine: Ein eventuell sanning- og forsoningskommisjon om fornorskinga er ikkje til for dokker. Den skal ikkje ha som formål å avgjera om ho er rett eller galen, den forståinga dokker har av kva som skjedde i det dryge hundreåret med offisiell statleg assimileringspolitikk overfor to nordnorske historiske minoritetar. Den skal ha som mål å gjera tilværet betre for dei individa som vart råka av det som skjedde, og for etterkommarane deira.

Då spelar det lita rolle om internatskulestyrar X tolka fornorskingspolitikken strengare enn internatskulestyrar Y, eller om kommune A brukte middel frå Finnefondet annleis enn kommune B. Det er også underordna om fornorskinga var basert på sikkerheitspolitikk eller sett på som eit middel til å auka levestandard og utdanningsnivå. Enkeltpersonar vart råka! Mange enkeltpersonar, og for mange av dei fekk det negative konsekvensar. Som i neste omgang ramma andre i omgivnadane deira, ikkje minst etterkommarar. Det er dei kommisjonen skal vera til for. Ikkje for dei som ikkje vart råka. Ikkje dei som kom seg gjennom norskspråkeg skulegang på internat med løfta hovud, sikre på sin identiet som same eller kven og med språket i god behald. Og kommisjonen skal slett ikkje vera til for oss forskarar.

Derimot treng ein eventuell sanning- og forsoningskommisjon oss forskarar. Den treng dyktige historikarar, men det trengst òg kompetanse frå andre fagfelt: Psykologi, lingvistikk og pedagogikk for å forstå kva det gjer med eit barn å få skulegangen på eit språk det i utgangspunktet ikkje forstår og/eller å bli diskriminert på ulike andre måtar; antropologi, sosiologi for å forstå konsekvensane dette får for gruppene og samfunna desse individa er og vert ein del av. Andre vitskapar kan heilt sikkert også bidra.

Eg skal seia meg einig med Bård A. Berg i at vi treng meir kunnskap og forsking. Men det treng vi uavhengig av spørsmålet om oppretting av ein sannings- og forsoningskommisjon. Og den auka forskingsinnsatsen bør vera tverrfagleg. Ein stad å byrja er å få fram fleire tal. Vi treng ein database med oversikt over mellom anna alle internatskulane i Nord-Noreg: Kor mange var dei, kor lenge var dei operative, kor stor del av elevmassen fekk sin skulegang der, kva førstespråk hadde dei, korleis var skulegangen der det ikkje var internat, korleis vart fornorskingspolitikken gjennomført dei ulike stadene osv. Eg reknar med at ein god del av dette er kjent, men det må systematiserast. Først når vi har eit slikt grunnlagsmateriale, kan vi byrja å analysera konsekvensane på ein heilskapleg måte med innsikter frå ulike humanistiske og samfunnsvitskaplege disiplinar.

Lik Nordnorsk Debatt på Facebook

På forsiden nå

I motsetning til radarparet Fjellheim og Magga mener jeg at vi tåler en sannhetkommisjon. Vi tåler det som individer. Vi tåler det som samfunn og som folk.

0
191

Når man skal gjøre opp med fortiden, behøver man ikke gå seg vill i egen samtid.

19
211