50 år etter starten har realisering av regionale mål vist at UiT har medverka til å utvikla heile landsdelen, og at Tromsø har blitt ein kunnskapshovudstad i nord, skriver rektor Anne Husebekk og viserektor Sveinung Eikeland. Foto: Yngve Olsen

Gjennom Nord-Noreg til Arktis?

Landsdelen taper systematisk kandidatar til næringslivet i Oslo-regionen og utlandet.

Etter 50 år tek UiT Noregs arktiske universitet (UiT) ei sentral rolle i den arktiske kunnskapshovudstaden. Vegen dit går først og fremst gjennom å husa forsking om Arktis som tener til å utvikla verda. Vi er på den vegen, det visar globale målingar. Men allereie for 50 år sidan handla bygginga av UiT om å utvikla ein kunnskapshovudstad. Om ikkje i Arktis, så i regionane i nord. Arktis er difor òg ei naturleg utviding av den regionale basisen og det regionale oppdraget til universitetet.

Ein hovudstad er kjenneteikna av at struktur og kapasitet har ei innretting utover byen sjølv. Den viktigaste grunngjevinga for etableringa av universitetet var å utvikla heile Nord-Norge. 50 år etter starten har realisering av regionale mål vist at UiT har medverka til å utvikla heile landsdelen, og at Tromsø har blitt ein kunnskapshovudstad i nord. Nokon av dei 58.000 kandidatane som har blitt utdanna ved UiT har blitt verande i hovudstaden i nord, men dei aller fleste har flytta til andre delar av landsdelen. Med nye strukturreformar i både vår sektor og regionane kan kunnskapsstrategiar i større grad enn før samkøyrast på ein måte som involverer alle regionar i nord.  

Ein kan ta utgangspunkt i oss som er busette nordaust for hovudstaden; Av dei 3500 studentane som er frå Finnmark i norsk, høgare utdanning i dag, studerer 2100 ved UiT. 800 av desse igjen studerer i Finnmark, og 1100- 1200 i Tromsø. UiT sine strategiar er difor viktig for samfunn også utanfor hovudstaden.  Mellom anna fordi UiT kvart år uteksaminerer 300 kandidatar som får seg jobb i Finnmark.

Når 150 av desse går til kommunesektoren i fylket, visar det at vi i alle år har gjort det mogleg å byggja ein sterk offentleg velferdssektor i nord. Både i hovudstad, byar og i små utkantkommunar. Og at vi frå 1990-talet også har tatt del i bygginga av ein stor velferdssektor i samiske samfunn. Den arktiske kunnskapshovudstaden må utvikla ein profil som tek vare på ansvaret for det offentlege.  Men det er privat sektor som har vore drivaren i  veksten vi har sett i nord sidan 2010. Denne utviklinga ser vi i store delar av Nord-Norge, både i by og land. Årsakene er ulike. Offentleg sektor i distrikta slit både med den demografiske utviklinga og kommuneøkonomien. Det gir færre jobbar for ei stor gruppe av kandidatar frå UiT. Samstundes er næringsveksten ei strategisk utfordring når det gjeld det moderne utkantarbeidslivets plass i utdanningar og forsking.

Veksten i privat sektor er gledeleg, men òg utfordrande for samfunna i nord, kandidatane og for UiT. Veksten i privat sektor dei siste åra har vore mogleg på grunn av innvandring og pendling til landsdelen, og har medført at sysselsetjingsdelen blant innvandrarar er like høg som i «normalbefolkninga» i store delar av Nord-Norge Den skapar også uro. Lokalsamfunn nesten utan offentlege tenester har næringsvekst, men vi veit ikkje om dette gir gode samfunn. Fleire grupper UiT-kandidatar som rettar seg inn mot kompetansekrevjande jobbar i næringslivet, blir ikkje igjen i nord. Landsdelen taper systematisk kandidatar til næringslivet i Oslo-regionen og  utlandet.

Her må det nye hovudstadsstrategiar til, og dei må ha fleire geografiske adresser. UiT må halde fram med å utvikla næringsretta fag i samhandling med det geografisk spreidde næringslivet i Nord-Noreg. Vi er godt i gang med slikt samarbeid med sjømatnæringa. Vi satsar på mineral – og gruvenæringane slik at dei kan bli moderne næringar. I Narvik og Alta blir det bygd infrastruktur for undervising og forsking retta mot bygg– og anleggsnæringa. For at våre kandidatar skal bli verande i desse næringane i nord er det viktig med opphald ute i industrien gjennom studietida. Vi ser berre starten på dei  moglegheitene digitalisering gir for samhandling mellom hovudstad, distribuerte campusar og eit geografisk spreidd næringsliv. 

Privat vekst er også i nord i stor grad knytt til byane, og veksten i Tromsø er stor. I ein hovudstad blir det lett ein sterk kultur knytt til det offentlege. I nord kan det bety at for mange godt utdanna kandidatar innan næringsretta fag ser sørover. Da blir innvandring og pendling inn til Tromsø viktig for at også denne byen  kan vekse. Samstundes visar innovasjonsanalysar at bedrifter i landsdelen som skal ha forskarhjelp i innovasjonsprosessar hentar den i Tromsø. Ikkje så ofte på UiT, men helst i forskingsinstitutta. Forskingsrådet sine analysar viser til dømes ei sterk marin næringsklynge som er bygd på at distriktsbedrifter i nord ser kunnskap  i Tromsø som ikkje finnast andre stader i nord. Såleis blir kunnskapshovudstaden utvikla.

Når arktiske samfunn også ser slik kunnskap, skapast ein arktisk kunnskapshovudstad. Hovudstadsstrategiar må ta inn over seg nye behov, nye vekstprosessar og institusjonelle endringar i nord og i Arktis. Alle inkluderer geografi, ofte på nye måtar. Det arktiske er ei naturleg utviding av det regionale perspektivet som har prega UiT dei første 50 åra. Både utvidinga av geografien gjennom det arktiske og endringar i nordnorske regionar gir kunnskapshovudstaden nye og viktige utfordringar.

 

 

 

 

Lik Nordnorsk Debatt på Facebook

Her er du velkommen til å debattere saken videre. Men tenk gjennom hvordan du vil framstå og hvilke uttrykk du bruker. En liten huskeregel: Ikke skriv noe som du ikke kunne ha ropt ut på torget med mange tilhørere. Du må bruke fullt navn - falske profiler blir utestengt. Hold deg til saken, vis respekt og stor raushet overfor andre. Trakassering, trusler og hatske meldinger slettes.

Med vennlig hilsen Guttorm Pedersen, debattredigerer