Dei to bøkene i 1923 og 1924 må ha fått konsekvensar. Folk i Balsfjord kjende seg att i "Strengen brast".

I ei tid då kjærleik mellom personar av same kjønn var både straffbart og sjukleggjort, tok ein ung lærar i Oksfjordhamn i Nord-Troms opp pennen. Alf Martin Jæger er ein gløymd pioner som heva røysta eit kvart hundreår før ei norsk homorørsle blei grunnlagd og nær på 50 år før sex mellom menn blei avkriminalisert her i landet.

I vår tid står kjenslene i sentrum for intime forhold. Det er ikkje det formelle, om ein er gift eller ikkje, eller praktiske forhold, om den utkåra er av den eller den bakgrunnen, som avgjer om eit parforhold er riktig eller godt. Slik liker me i alle fall å tenka.

For ikkje mange tiåra sidan var dette heilt annleis. Sambuarforhold mellom menn og kvinner som var ugifte var forbodne ved lov fram til 1972, det same gjaldt seksualitet mellom menn. Då ein norsk organisasjon for homofile blei grunnlagd i 1950 var føresetnaden strengt hemmeleghald av medlemslister og møtestader.

Før 1950 var homo- eller biseksualitet sjeldan nemnd i offentlegheita så sant det ikkje var som skandale, straffesak eller sjukdomsbeskrivelse. Om det var tema i skjønnlitteraturen var det nesten utelukkande med negativt forteikn, og sjølv då brukte forfattaren ofte psevdonym.  

Det er desto meir forbløffande at den unge skulemannen og skribenten Alf Martin Jæger (f. 1895 i Alta) på byrjinga av 1920-talet kunne sitja i Nord-Troms og skriva to romanar som omhandla temaet. Begge blei publiserte under fullt namn. Den første, Strengen brast frå 1923, handlar om den unge læraren Leif Vang i ei lita bygd nordpå. Han forlovar seg med ei ung jente i bygda, men møter også den mystiske Øistein i ei hytte på fjellet, og søv i same seng som han. Det heile endar ikkje særleg bra.

Året etter, i romanen Odd Lyng, var temaet meir utbrodert og tydeleg. Den unge journalisten Odd Lyng treffer Carsten Ulve, ein ung mann rundt dei 20, mens han arbeider som journalist i Tromsø. Han prøver å flykta frå kjenslene og slit med opplevinga av å vera annleis:

«Men naar en nu engang er slik at en ikke kan bli tilfredsstillet uten netop [gjennom] det som menneskene har laget love imot, skal en da ikke ha lov til at følge sin naturs krav? Nei, en skal leve og lide. En skal lutres i en skjærsild – i et helvede her paa jorden. En skal være en forsagende asket som ikke forgriper sig paa andre mennesker.»

Jæger let her Lyng forstå homoseksualiteten som noko ibuande, «sin naturs krav», og han reflekterer over om det kan vera ei følgje av dårleg innverknad i oppveksten eller «slegtsarv».  I legevitskapen i samtida blei også desse to teoriane diskutert. Nokon (som Freud) la vekt på den psykologiske utviklinga i oppveksten, andre såg på det som noko medfødd. Legen Magnus Hirschfeld i Tyskland heldt på det siste, men i motsetning til dei fleste av kollegene sine såg han det som ein normalvariasjon, ikkje som ein sjukleg eigenskap. Hirschfeld var leiaren for den tyske homorørsla, som hadde sitt utspring i storbyen Berlin (noko liknande eksisterte knapt nokon annan stad i verda), og som argumenterte for at ein medfødd eigenskap ikkje kunne straffast.

Det er langt frå Berlin til Oksfjordhamn, men Alf Martin Jæger ser ut for å ha delt desse oppfatningane. Ulike referansar i boka, til Oscar Wilde og den danske diktaren Herman Bang, tyder på at han må ha lese seg opp på ein del av det som fanst av litteratur på feltet i tida.

I Odd Lyng dukkar også omgrepet «homoseksuell» for første gong opp i ei skjønnlitterært norsk verk. Lyng kunne bruka dette omgrepet når han reflekterte over sin eigen seksualitet. Han kunne også tenka følgjande: «Gud, hvorfor skapte du mig som mand og gav mig en kvindes hjerte?». Også her liknar Jæger si skildring av Odd Lyng på Hirschfeld sine teoriar – om at homoseksuelle utgjorde eit «tredje kjønn».

Det heile enda dårleg; brevet der Carsten Ulve gjengjelder kjenslene kjem etter at Lyng på tragisk vis har gjort ende på sine lidingar. Ein roman om ung likekjønna kjærleik kunne ikkje få ein lukkeleg slutt i 1924, det hadde vore for provoserande. Måten Jæger skriv om det på antydar likevel at det ikkje måtte enda slik, hadde berre samfunnet sine haldningar vore annleis.

Dei to bøkene i 1923 og 1924 må ha fått konsekvensar. Folk i Balsfjord kjende seg att i Strengen brast. Også Odd Lyng blei oppfatta som sjølvbiografisk. Det skulle gå mange år før ei ny bok kom frå Jæger si hand, barneboka Ser du en stjerne frå 1950. Her skildrar han ein tolv år gammal gut sine varme kjensler for ein kamerat. Forelskinga er ulykkeleg, men utgangen er noko meir håpefull enn i dei tidlegare bøkene og peiker på ei mogleg betre framtid. 

I 1951 brevveksla Jæger med formannen for det nystarta Forbundet av 1948, den norske foreininga for homofile. Han var positiv til Forbundet, og han meinte endåtil at det burde drivast «aapenlys agitasjon» for å oppheva straffeforbodet mot seksualitet mellom menn.

Alf Martin Jæger var fødd utanfor ekteskap, og vaks opp hos besteforeldra sine på morssida i Alta (sistnemnde var kven). Han viste tidleg litterære interesser og kom i kontakt med den sosialistiske agitatoren Ellisif Wessel i Kirkenes. Takka vera henne fekk han gå på lærarskule i Tromsø. Han var lærar i Balsfjord og Lenvik før han kom til Oksfjordhamn i 1921. Han var òg ein flittig skribent, særleg i aviser knytt til arbeidarrørsla. Han var mellom anna bokmeldar i Nordlys gjennom mange år og han sat i kommunestyret for Arbeidarpartiet i Skjervøy på 1930-talet.

Jæger engasjerte seg på mange felt, mellom anna mot fysisk avstraffing av born i skulen. At alle dei tre romanane han skreiv handla om homofil kjærleik indikerer likevel på at dette var ei sak som var spesielt viktig for han. Det er mykje som tyder på at han baserte seg på eigne erfaringar,  men om han berre kjende erotisk tiltrekking til menn er uvisst. I alle høve gifta han seg i 1935, men han og kona Aagot Georgine Josefsen (1896-1964) frå Karlsøy fekk ingen born.

Forfattaren av denne artikkelen har byrja å forska på Alf Martin Jæger sitt liv, men det er mykje som framleis er ukjend. Etter at han i 1944–45 blei evakuert frå Oksfjordhamn vende han ikkje tilbake, men busette seg i Berg i Senja, der han var lærar i Ersfjord og Steinfjord. Som pensjonist flytta han til Saltdal i Nordland der han døydde i 1967. Det hadde vore av stor interesse å få belyst livet til denne mangfaldige mannen i større grad, og eg tar gjerne mot alle moglege opplysningar, frå folk som har kjent han eller kan føra meg til meir informasjon. 

Lik Nordnorsk Debatt på Facebook

På forsiden nå

Først tenkte jeg å la dette ligge, det blir bare mer bråk av det. Men så fant jeg ut at ja, det SKAL bli bråk, jo mer bråk jo bedre!

0
46

Helse Nord må rette ryggen og ta et oppgjør med de som har enøyd fokus på seg selv, og gir blaffen i Nord-Norge.

5
303