For to år siden hadde Hilde Sagland besøk av Trine Skei Grande på "jernbanestasjonen" sin på Olsborg. Venstre-lederens hilsen i gjestebok var en helt annen enn det hun nå gir uttrykk for om jernbane-utbygging i nord. Foto: Nordlys-arkiv.

Hugsar du kva du skreiv i gjesteboka, Trine Skei Grande?

Meiner Schei Grande at vi da skal holde kjeft og godta i all framtid å bli klistra til det som ho sjølv kaller “den transportformen som slipper ut desidert mest klimagasser”?

3. november las eg i Nordlys Trine Skei Grande sine fabuleringar rundt eventuell usemje mellom Venstre og Svein Ludvigsen om m.a. flypassasjeravgifter og billettprisar på toget. Så langt – alt vel.

Men det sette virkeleg ein støkk i meg at Skei Grande i artikkelen sin slår fast at “i de nordligste delene av landet er det ikke realistisk å tro at tog noen gang vil bli et alternativ.” Derfor må denne landsdelen, iflg. Schei Grande, fritakast frå flypassasjeravgifta “siden togtilbudet i Nord-Norge dessverre er dårlig utbygget.”

Kva skal vi med “subsidiering” på 50kr eller 80 kr pr flyreise – tilsvarande ein kopp kaffi og ei vaffel? Meiner Skei Grande at vi da skal holde kjeft og godta i all framtid å bli klistra til det som ho sjølv kaller “den transportformen som slipper ut desidert mest klimagasser”?

Tydelegvis har Skei Grande gløymt si gjesting på Prolog jernbanestasjon på Olsborg i 2014. I gjesteboka på venterommet der kan all verda lese hennes varme takk for togengasjementet her på innlandet “for en sak som er viktig, grønn og en sak for framtiden.” Under dette stasjonsmøtet forsikra ho at sidan Troms for tida ikkje har V – representasjon på Stortinget, ville ho sjølv følge opp Troms sine interesser.

Så vi togtilhengarar reknar med at ho på landsmøtet vil støtte Troms Venstre sitt samla krav om å få ei ny utreiing av Nord-Norgebanen inn i partiet sitt valgprogram for 2017.

Vi reknar også med at ho ser fram til togsamarbeid med Troms Venstre sin 1.kandidat, Morten Skandfer, når han kjem på tinget – ivrig forkjempar for Nord-Norgebanen som han er.

Trine Skei Grande slår vidare fast at “toget er det mest miljøvennlige alternativet som finns på strekninger som  er for lange til å gå eller sykle.” Javisst! Men da ser Skei Grande ut til å tenke at toget er berre for pendlarar. På dei skikkeleg lange strekningane her nordpå slår miljøgevinsten ekstra sterkt ut når mesteparten av sjømat- og godstrafikk kan flyttast over på skinner. Det trengs no som Parisavtalen krev 40% reduksjon av klimagassutslepp i forhold til 1990-nivået. Avslutningsvis prøver ho å trøyste seg – og oss – med at i framtida er det muleg å fly over lange avstandar med miljøvennleg drivstoff. Dette kling utopisk i forhold til iverksetting av ein miljøvennleg Nord-Norgebane. Elles i verda brukes baner nettopp der avstandane er formidable.

Diskusjonen om pris på togbillettar blir reint flisespikkeri i forhold  til framtidig straffeavgift på klimagassutslepp. Det kan ikkje seiast ofte nok: Her nord er det godstrafikken som skal legitimere Nord-Norgebanen. Pendling og all anna persontrafikk blir rein bonus. Med påfølgande positiv samfunnsutvikling og aukt bolyst skal vi gladeleg greie å betale togbillettane.

Lik Nordnorsk Debatt på Facebook

Her er du velkommen til å debattere saken videre. Men tenk gjennom hvordan du vil framstå og hvilke uttrykk du bruker. En liten huskeregel: Ikke skriv noe som du ikke kunne ha ropt ut på torget med mange tilhørere. Du må bruke fullt navn - falske profiler blir utestengt. Hold deg til saken, vis respekt og stor raushet overfor andre. Trakassering, trusler og hatske meldinger slettes.

Med vennlig hilsen Guttorm Pedersen, debattredigerer