Frå at samisk for vel hundre år sidan var eit levande språk i store delar av Nord-Noreg og Trøndelag, var det for 30 år sidan praktisk talt bare i tre kommunar at språket blei naturlig overført frå foreldre til barn. Kvensk blei i same periode så godt som utrydda. Foto: NTB Scanpix

Ikkje behov for sanningskommisjon?

Om vi toler å høre sanninga (og det gjør vi vel?), kva har vi da å tape på å oppnemne ein breitt samansett sanningskommisjon til å granske historia og legge fram forslag til kva som må gjørast for å oppnå ei forsoning etter dei såra som fornorskinga har skapt?

Stortingsrepresentant Kirsti Bergstø ønsker å ta opp i Stortinget spørsmål om ein eigen sanningskommisjon om fornorskingspolitikken. Men straks kjem regjeringa ved statssekretær Anne Karin Olli og fortel oss at nei, det er det ikkje behov for. I følge NRK er grunngivinga hennar som så:

“– Det er gjort mye på det samepolitiske feltet. Blant annet etter samerettsutvalget kom med sine utredninger, så har det ført til opprettelse av Sametinget, sameloven og en egen Grunnlovsbestemmelse. Det er begrunnet i fornorskningspolitikken.

Hun sier også at samefolketsfond ble opprettet i år 2000 som mente å være kollektiv erstatning i henhold til fornorskningspolitikken som ble påført den samiske befolkningen.”

Med forbehold om at ho er referert rett av NRK, er dette ein oppsiktsvekkande uttale av regjeringa sin fremste talsperson i samepolitiske saker. Det ho viser til som er gjort på det samepolitiske feltet er vedtak som blei gjort for snart 30 år sidan, og som da ikkje blei grunngitt med fornorskingspolitikken spesielt, men med at samane i Noreg hadde rett til å bevare og utvikle eige språk og kultur og til ein eigen politisk representasjon. Så viser ho til Samefolkets fond, og at dette skulle vere ei kollektiv erstatning til fornorskingspolitikken. Med dette skulle altså norske styresmakter sitt ansvar for å rette opp skadane etter fornorskingspolitikken vere oppgjort ein gong for alle. Fondet var på 75 millionar kroner, og ga i nokre år utbetalingar på rundt 5 millionar for året til forskjellige kulturtiltak. Inntil det blei omgjort til ei årlig løyving over statsbudsjettet på 5 mill. kr. Vi må altså tolke det slik at fornorskinga i følge regjeringa ikkje har ført til større skader enn at ein mikroskopisk sum på 5 millionar årlig skal kompensere det.
Vidare i intervjuet uttaler statssekretæren: «– Vi er enig med både Sametinget og Kirsti Bergstø om at det er behov for å få mer kunnskap om fornorskningspolitikken.» Det er heilt tydelig at det er behov for – ikkje minst i regjeringskrinsar, når ein kan uttale slikt som det som er referert over her.

Det er likevel eit positivt og nytt signal at regjeringa no ser behov for meir kunnskap. Det har ikkje tidligare regjeringer alltid gjort. I perioden 2003-13 pågikk arbeidet med 6-binds-verket Samisk skolehistorie, der underteikna var med i redaksjonen (http://skuvla.info). Verket gjaldt i stor grad fornorskingspolitikken og verknadane av denne, og eg trur eg tør seie at dette er den største samla kjelda til kunnskap om fornorskingspolitikken som vi har i dag. Eit slikt arbeid er ikkje gratis, det kom på 4-5 mill. kr. Av dette var 100000 kr. betalt av sentrale norske styresmakter, ei eingongsløyving frå departementet med ansvar for samesaker. Elles søkte vi Kunnskapsdepartementet, Utdanningsdirektoratet og diverse andre statsorgan for kvart bind, utan å få eit øre. Departementet nekta og konsekvent å møte oss så vi kunne legge fram saka. Da bokserien var ferdig, tilbaud vi å lage ein turne til skolar og institusjonar og informere om kva vi hadde funne ut, men ingen av dei offentlige institusjonane var interessert i dette. Dei haldningane vi møtte var akkurat like negative uansett farge på regjeringane.

2400 sider kan ikkje oppsummerast på eit par linjer, men kort sagt kom vi fram til at fornorskinga hadde vore ein prosess som i større eller mindre grad har gått i alle fall frå 1700-talet til i dag, og med ein intensiv fase omlag 1850–1970. Det var ei målmedvete satsing for å utrydde samisk og kvensk språk og kultur, og ein klarte nesten å oppnå målet. Frå at samisk for vel hundre år sidan var eit levande språk i store delar av Nord-Noreg og Trøndelag, var det for 30 år sidan praktisk talt bare i tre kommunar at språket blei naturlig overført frå foreldre til barn. Kvensk blei i same periode så godt som utrydda. Med språket forsvann også store delar av kulturen og kunnskapen som samane hadde opparbeida gjennom generasjonar. Den massive stemplinga av det samiske som mindreverdige tok og frå folk sjølvkjensla, noko som har fått verknadar i generasjonar etterpå. Ein sentral del av fornorskinga gikk ut på å gjøre folk historielause. Eit resultat er at mange i Nord-Noreg i liten grad kjenner sine eigne røter eller kva fornorskinga har tatt frå dei.

Ønsker vi kunnskap om dette, eller tør vi ikkje sjå fortida i auga? Når Samisk kirkeråd og Sametinget ønsker seg ein sanningskommisjon, veit dei kva dei snakkar om. Eg er ikkje sikker på at regjeringa gjør det. Men om dei no meiner at alt er vel og bra og fornorskinga er retta opp, kan dei da ikkje innsjå og ta konsekvensen av at representantane for dei som blei ramma meiner noko anna? Om vi toler å høre sanninga (og det gjør vi vel?), kva har vi da å tape på å oppnemne ein breitt samansett sanningskommisjon til å granske historia og legge fram forslag til kva som må gjørast for å oppnå ei forsoning etter dei såra som fornorskinga har skapt?

Lik Nordnorsk Debatt på Facebook

Her er du velkommen til å debattere saken videre. Men tenk gjennom hvordan du vil framstå og hvilke uttrykk du bruker. En liten huskeregel: Ikke skriv noe som du ikke kunne ha ropt ut på torget med mange tilhørere. Du må bruke fullt navn - falske profiler blir utestengt. Hold deg til saken, vis respekt og stor raushet overfor andre. Trakassering, trusler og hatske meldinger slettes.

Med vennlig hilsen Guttorm Pedersen, debattredigerer