All ære til Tromsø og markeringa av at byen er arktisk hovudstad. Men verken Troms eller Tromsø er avhengig av ei nedlegging av Finnmark for å lukkast med sine oppgåver, skriver Nils Aarsæther.

Ingen grunn til å juble

Her legg regjeringa, med aktiv støtte frå V og KrF, opp til årelange stridigheter som vil tappe energi frå viktige utviklingsoppgåver for heile Nord-Norge

Tvangssamanslåinga av Finnmark og Troms vil nødvendigvis føre med seg strid om plassering av hovudstad, plassering av funksjonar, flytting av jobbar osv. Regjeringa har, på sida av dette, spilt ut sitt lokaliseringskort: Fylkesmannsembeta for Finnmark og Troms er vedtatt slått saman, med fylkesmannen plassert i Vadsø.

Ut frå det vi kjenner til, ligg det ikkje ligg noka utredning til grunn for dette vedtaket, Vi må sjå det som eit reint politisk utspel, kanskje gjort for å dempe raseriet i Finnmark over å bli totalt politisk overkjørt og umyndiggjort. Kanskje Finnmarkingane vil slå seg til ro med at dei «får» den felles fylkesmannen, og så får det vere opp til fylkestinga i Troms og Finnmark å finne ut av plasseringa av funksjonar i den samanslåtte fylkeskommunen.

Her har regjeringa rota det til for seg sjøl – og denne gangen ikkje berre for Finnmark, men også for Troms. For det å ha eit hovudsete i Vadsø gir god meining i ein Finnmark-samanheng. I fylket Finnmark er det eit godt grep at det politiske tyngdepunkt ligg i Øst-Finnmark – av to grunnar: For det første, at Øst-Finnmark er ein meir utsatt del av fylket, samanlikna med det befolkningsmessige tyngdepunktet som har utvikla seg i Alta – Hammerfest –aksen. For det andre, fordi det å opparbeide kompetanse i forhold til det russiske grenseområdet er av vital betydning, og noko som står svært sentralt i Finnmarkspolitikken. Finnmark kan bli tappa for kompetanse, og heile landet vil tape på at strategiske nordområdeinnspel ikkje lenger vil bli utvikla i grenseregionen.

Ved legge ned Finnmark som fylke endrar utfordringsbildet seg. Den daglege oppmerksomheta mot det som skjer i Russland vil aldri bli noko som pregar livet i ein felles Troms-Finnmark-region. I Tromsø er blikket vent mot Bodø og Oslo – og utover i ein internasjonal, arktisk samanheng. Her dreier det seg ei kraftsamling for å styrke kompetanse og aktivitet ved UNN og UiT. Det er vanskeleg å sjå for seg at dette ikkje vil prege aktiviteten i ein felles Troms-Finnmark fylkeskommune. All ære til Tromsø og markeringa av at byen er arktisk hovudstad. Men verken Troms eller Tromsø er avhengig av ei nedlegging av Finnmark for å lukkast med sine oppgåver. Og ingen i Norge er tent med at den kompetansen på grensesamarbeid, og den strategitenkinga som med basis i Vadsø siktar mot å utvikle Finnmark, styrt av Finnmark sine eigne folkvalde, skal bli borte. Det er imidlertid det som Høgre, Frp, Venstre og KrF legg opp til.

Skal folk i Troms og Finnmark no godta at vi får tredd nedover oss eit vedtak som berre eit mindretal av dei det gjeld, har støtta? Eit vedtak, som gjennom statens lokalisering av felles fylkesmann i Vadsø også vil undergrave muligheten for ei effektiv, regional forvaltning? Vel, spelereglane er følgd, dei borgarlege taparane frå valet berga seg eit nødskrik, ved at Venstre fekk rikfolk sine stemmar i ein redningsaksjon på Oslo Vest og i Bærum. Så her legg regjeringa, med aktiv støtte frå V og KrF, opp til årelange stridigheter som vil tappe energi frå viktige utviklingsoppgåver for heile Nord-Norge. Det vi kan håpe på, er at dei høyringane og den debatten som no skjer i Stortinget, vil få fram fakta og legge eit grunnlag for fortsatt arbeid for regionalt folkestyre i Finnmark.

Lik Nordnorsk Debatt på Facebook

Her er du velkommen til å debattere saken videre. Men tenk gjennom hvordan du vil framstå og hvilke uttrykk du bruker. En liten huskeregel: Ikke skriv noe som du ikke kunne ha ropt ut på torget med mange tilhørere. Du må bruke fullt navn - falske profiler blir utestengt. Hold deg til saken, vis respekt og stor raushet overfor andre. Trakassering, trusler og hatske meldinger slettes.

Med vennlig hilsen Guttorm Pedersen, debattredigerer