Finnmark er i eit vegkryss der eine skiltet viser «region», det andre «stat». «Region» går også til Tromsø, fordi byen har ein sjølvsagt og avgjerande plass i den nordlegaste regionen i Noreg. «Stat» går til Oslo. Som i 2001 er det mest interessante kva veg Arbeiderpartiet tek, skriver Sveinung Eikeland. Bildet viser Hammerfest. Foto: Colourbox / Andrey Armyagov

Kor e alle regionalistar hen?

Det einaste problemet regjeringa har i Finnmark er grensa mot aust og fråfallet i den vidaregåande skolen.

«Finnmark» rettar sinnet mot Monica Meland. Men det same sinnet har vore retta mot andre før, og det vil ikkje gå over med det første. 

Finnmark var det beste dømet på at ein geografisk periferi ikkje var ein politisk periferi.  Dette skuldast Finnmark arbeiderparti (FAP) sin posisjon i ei tid der skiljet mellom stat og parti var uklart. Regionreformen set det første punktum for noe som har vore i gang lenge:  Innflytelse globalt og nasjonalt frå «Finnmark» skal skje gjennom ein region. 

Dette burde mange ha sett lenge. Folk sørfrå forstår ikkje Finnmark, er derimot mantraet hos redaktørar, kulturarbeidarar og opposisjonspolitikarar. Men Arbeidarpartiet har sett endringane for lengst.  Statsminister Jens Stoltenberg såg det  i 2001, men kom seg vidare utan å svinga.  Han omtalar Finnmarksopprøret i 2001  i  «Min historie» frå 2016 og fortel at det var sterk uro i Finnmark og det var usikkert om Finnmark ville bestå som eige fylke.

Jens Stoltenberg deltok på folkemøte i Vadsø der 1000 menneske møtte.  Statsministeren sa at Finnmark skulle bestå som eige fylke og at Vadsø skulle styrkast som fylkeshovudstad. Men det gjorde ikkje mye inntrykk, skriv han. Leiaren for organisasjonen  Folkeopprøret for Finnmark (som i dag er ein av leiarane av motstanden mot fylkessamanslåinga) fekk møtedeltakarane til å reisa seg og snu ryggen til statsministeren. 

Stoltenberg registrerte at «De var ikke komme for å lytte til statsministeren, de var kommet for å gi beskjed». FAP dyrkar enno denne rolla.  Ein god politikar skal gje klare og tydelege beskjedar, kor slike skal gå og om det er det som hjelper er det mindre interesse for. FAP går ikkje med på at vilkåra for beskjedregimet er endra og får opinionen med.  Stoltenberg ville ha folk til å lytta, ut frå at dialog stat-region er sentralt i ei regionalisering. Men fekk ikkje gehør.

Bakgrunnen gav leiaren for Folkeopprøret i Finnmark i «Dag og Tid» i mars 2001 der ho seier at «Dei kallar det regionalisering. Men kva tyder ordet regionalisering for oss her oppe? Det er det same som sentralisering. Dei jobbane som er truga, blir truleg flytta til Tromsø eller Oslo». 

Vi er likevel noen regionalistar igjen i Finnmark. Vi hyllar Sametinget, som tok éin bit av staten primært i nord. Vi framsnakkar FEFO, som tok ein stor bit.  Forslaga til regionalisering frå Hagenutvalet  er som søt musikk. Regionmeldinga, St.meld. 22, 2015-2016 snudde opp-ned på tilhøvet stat-region og gav oss håp. Vi trur enno på slike endringar,  sjølv om majoriteten i Finnmark er mot det meste av dette. Vi arbeider gjerne saman med regionalistar i Tromsø, og vi veit at det er dette samarbeidet som kan trekkja det vidare. 

Eg trudde det var fleire av oss på venstresida. Arbeiderpartiet er på veg tilbake til dei trygge gamle dagar og lagar fråsegner om at «Finnmark raknar». Dei som for tredve år sidan sa at no er det opp til oss sjølv, er låst inne. Kanskje er det for å unngå å bli minna om at det var ei Brundtland-regjering som stansa Finnmark fylkeskommune (FFK) si forvalting av alle næringstiltak og all bedriftsstøtte tidleg på 1990-talet og som FFK gjennomførte med glans.  Eller at ei Stoltenberg-regjering fjerna sjukehusforvaltinga frå fylkeskommunen.  Ved dei to høva kunne vi utvikla ein skikkeleg fylkeskommune med mange oppgåver og stor kapasitet. Meland får partiet til  å trø til for å redda restane, men er engasjementet truverdig?  

Klassekampen har  tatt ansvar for å leita opp alle som kan framføra motargument. Her blir det varsla både hungersnaud og 100 års krig.  EU-motstandarar mobiliserer.  Regionbasert vekst som basis for nasjonal vekst er noe styggedom, sjølv om slike modellar  har gitt vekst i ein del europeiske land. Veksten har vore naudsynt for å løysa sysselsettingskriser av ein storleik vi ikkje kjenner i Noreg.  Krisene har gjerne vorte forverra ved at import av dyr norsk energi gir små rom for raus offentlege næringsutvikling. Norske oljeinntekter  gjer derimot at Noreg kan gløyma slike utfordringar og gjer vilkår for regionbasert vekst til eit spørsmål om identitet og forståing.   

Meland kan gje opp noe ho ikkje trur på, men kven tener på det? «Finnmark» vil jubla, men kva endringar blir fylket ein del av?  For Meland er det er ikkje så farleg om Finnmark er med i nye regionmodellar.  Finnmark har lite folk, betyr lite for klima, for økonomisk politikk og næringslivet utviklar seg  uavhengig av ein nedbygd fylkeskommune. Det er storkonserna, internasjonal lov og prisar på verdsmarknaden som gjeld. Det einaste problemet regjeringa har i Finnmark er grensa mot aust og fråfallet i den vidaregåande skolen.  

Leiaren i Arbeidarpartiet foreslår å konkludera når vi kjenner erfaringar frå andre regionar i 2022. Vi veit at desse er uinteressante.  9 av 10 Finnmarkingar var  forbanna i 2001, 2018 og vil vera det i 2022.  Og Jens Stoltenberg sin analyse vil vera minst like gyldig i 2022 som i 2001. FFK vil meina den kan ta same posisjon som Viken fylkeskommune. Det er det få andre som trur.  

No skal det også seiast at mange europiske regionar er skeptiske til regionalisering. Dei beste vekstmodellar har også taparar, og dei krev sterkare statar. Da er det kanskje ikkje anna å gjera enn å ta den gamle statsvegen ved t.d. at:  Regionaliserte statsfunksjonar frå 2020 går til fylkesmannen; Staten blir direkte ansvarleg for sysselsetting i Aust-Finnmark;  Finnmarksting  av ordførarane; Staten evaluerer utvikling og drift av vidaregåande skolar; og eigen valkrins i Stortingsvalet. 

Finnmark er i eit vegkryss der eine skiltet viser «region», det andre «stat». «Region» går også til Tromsø, fordi byen har ein sjølvsagt og avgjerande plass i den nordlegaste regionen i Noreg. «Stat» går til Oslo. Som i 2001 er det mest interessante kva veg Arbeiderpartiet tek.

Lik Nordnorsk Debatt på Facebook

Annonse
Her er du velkommen til å debattere saken videre. Men tenk gjennom hvordan du vil framstå og hvilke uttrykk du bruker. En liten huskeregel: Ikke skriv noe som du ikke kunne ha ropt ut på torget med mange tilhørere. Du må bruke fullt navn - falske profiler blir utestengt. Hold deg til saken, vis respekt og stor raushet overfor andre. Trakassering, trusler og hatske meldinger slettes.

Med vennlig hilsen Guttorm Pedersen, debattredigerer

Annonse