Det aller viktigaste er at vi gjennom folkeregisteret på lengre sikt kan skaffe oss oversikt over brukarar av samisk i landet. Det vil lette all offentleg språkplanlegging, og denne reiskapen kan vi få utan ekstra utgifter, skriver Jon Todal.(Bakgrunnsfoto fra infotorg.no)

Kor mange kan samisk her i landet?

Det finst ikkje offisielle tal for kor mange som kan samisk i her i landet. Vi veit heller ikkje om talet på samisktalande no går opp eller ned.

«Det kan ikkje stemme at ein så sivilisert og gjennomregulert stat som Norge ikkje har oversikt over brukarar av dei offisielle språka sine!» Denne reaksjonen har eg fleire gonger fått frå utlendingar som er interesserte i stillinga for minoritetsspråk i Europa. Kvar gong har eg måtta svara at diverre finst det ikkje noka slik oversikt i Norge. Med andre ord, det finst ikkje offisielle tal for kor mange som kan samisk i her i landet. Vi veit heller ikkje om talet på samisktalande no går opp eller ned.

Ein del land (som Storbritannia) prøver å kartlegge slike forhold gjennom å legge språkspørsmål inn i folketeljingane. Andre land (som Finland) brukar frivillig registrering i folkeregisteret til å skaffe fram ei oversikt over minoritetsspråklege, medan Norge har fått kritikk frå Europarådet for ikkje å gjera noko med saka.

Regjeringa sette i 2014 ned eit utval for å komma med forslag til tiltak i samiske språkspørsmål. Utvalet la fram innstillinga si hausten 2016. Men før den endelege framlegginga kom utvalet med ei delinnstilling som handla nettopp om kartlegging av samisktalande. Her foreslo utvalet at det skulle bli høve til frivillig å registrere seg med samiske språk i folkeregisteret, slik folk lenge har kunna gjera i Finland.

Vi veit at Statistisk sentralbyrå etter ønske frå Sametinget no prøver å finne metodar for å berekne kor mange som kan samisk i Norge. Vi veit ikkje om dei vil finne fram til nokon gode metodar for dette, men både frivillig folkeregistrering og statistisk berekning er interessante spor. Dette er to ulike spor som begge må følgjast.

Frivillig registrering av språktilknyting i Folkeregisteret er ein langvarig prosess, som vi truleg vil kunne nyte fruktene av først etter ein 15-20 år. Difor må vi komma i gang no. Det aller viktigaste er at vi gjennom folkeregisteret på lengre sikt kan skaffe oss oversikt over brukarar av samisk i landet. Det vil lette all offentleg språkplanlegging, og denne reiskapen kan vi få utan ekstra utgifter. I tillegg kjem at Norge ved å ta dette grepet, kvittar seg med kritikken frå Europarådet.

Ny Lov om folkeregistrering (folkeregisterlova) vart vedteken av Stortinget i desember 2016. Lova regulerer frivillig registrering av samiske språk. Språkinteresserte politikarar på Sametinget og på Stortinget må no passe godt på slik at forskriftene verkeleg blir gode og tenlege på dette området. Dette er ein historisk sjanse til å skaffe betre kunnskap om dei samiske språka i Norge. Den nye lova og dei forskriftene som høyrer til, blir sannsynlegvis gjeldande allereie i haust!

  • Jon Todal er professor ved Sámi allaskuvla / Samisk høgskole og medlem i Samisk språkutval 2014-2016.

 

Lik Nordnorsk Debatt på Facebook

Annonse
Her er du velkommen til å debattere saken videre. Men tenk gjennom hvordan du vil framstå og hvilke uttrykk du bruker. En liten huskeregel: Ikke skriv noe som du ikke kunne ha ropt ut på torget med mange tilhørere. Du må bruke fullt navn - falske profiler blir utestengt. Hold deg til saken, vis respekt og stor raushet overfor andre. Trakassering, trusler og hatske meldinger slettes.

Med vennlig hilsen Guttorm Pedersen, debattredigerer

Annonse