Pål Julius Skogholt (SV) mener Høyre og Jens Johan hjort skaper et feilaktig inntrykk om Tromsø. Foto: Bengt Nielsen/Nordlys

Kva vil du prioritere, Hjort?

Det er ingen tvil om at det er mykje Tromsø må bli betre til. Skal vi bli betre må vi diskutere det mer substans enn Jens Johan Hjort gjør, skriver Pål Julius Skogholt.

Det vi veit er at sist Hjort og Høgre styrte Tromsø tømte dei alle fond og sparebøsser. Er det det som er prioritering?

Jens Johan Hjort hadde fått tid i politisk kvarter på NRK fredag. Kva brukte ordførarkandidaten til Høgre i Tromsø tida på?

Eg beklager å seie det, men det var lite substans. Det er viktig å prioritere, sa han. Men det var ikkje eit ord om kva han og Høgre ville prioritere. Bortsett frå at eigedomsskatten skal ned. Det er jo hyggeleg, men kva vil det gå utover? Det svarte ikkje Hjort på. Han sa ikkje om det var skolane som skulle få mindre, eller om det var helse og velferd, eller kanskje barnehagane? Det er det fint om han og Høgre vil svare på.

Det aller viktigaste for Hjorth virka å vere å opne kommunen for kommersielle aktørar innafor helse og omsorg. Såkalla fritt brukarval var kjempeviktig. Det vi veit heilt sikkert er at det er mykje dyrare for kommunen. Korleis har Hjort og Høgre tenkt å betale for det. Skal folk få velje «fritt» innafor dårlegare tilbod? Det vi veit er at sist Hjort og Høgre styrte Tromsø tømte dei alle fond og sparebøsser. Er det det som er prioritering?

Eg kjenner og at lar meg irritere av at ein ordførarkandidat som snakkar om at Tromsø må slutte å bruke innestemme, som vil snakke opp Tromsø, faktisk snakkar ned kommunen vår når han får tid på nasjonale media. Tromsø er på 408 plass på kommunebarometeret hevda han. Det er ikkje riktig. Faktum er at Tromsø er 223. plass. Det er sjølvsagt ikkje bra nok, Tromsø burde vere nummer ein. Men korfor fortelje oss at vi er dårlegare enn vi er? Så kan det sjølvsagt hende at det finst ein delindeks der Tromsø er dårlegare, men det var ikkje det Hjort snakka om i politisk kvarter. Men det finst dermed og mange delindeksar der Tromsø er mykje betre.

Det er ingen tvil om at det er mykje Tromsø må bli betre til. Skal vi bli betre må vi diskutere substans, og vere tydeleg på prioriteringane. Eg håper Høgre kjem dit i løpet av det året vi har fram til kommunevalet.

Lik Nordnorsk Debatt på Facebook

Annonse
Her er du velkommen til å debattere saken videre. Men tenk gjennom hvordan du vil framstå og hvilke uttrykk du bruker. En liten huskeregel: Ikke skriv noe som du ikke kunne ha ropt ut på torget med mange tilhørere. Du må bruke fullt navn - falske profiler blir utestengt. Hold deg til saken, vis respekt og stor raushet overfor andre. Trakassering, trusler og hatske meldinger slettes.

Med vennlig hilsen Guttorm Pedersen, debattredigerer

Annonse