Tromsø kommune bør avvikle det forelda konseptet gang- og sykkelvegar. Det vi treng er gode sykkelvegar med fortau som skil gåande og syklande. Det vil og vere sørgje for at færre syklistar bruker den vanlege vegbanen, som mange gjer i dag for å unngå konfliktar med dei som går, skriv Pål Julius Skogholt.

Kven skal få køyre først?

I dag er reglane for forkøyrsrett slik at der ein bilveg kryssar ein gang- og sykkelveg så er det syklistane som har vikeplikt. Tromsø kommune har eit prosjekt der desse reglane blir snudd. Der ein bilveg kryssar ein gang- og sykkelveg skal no bilane få vikeplikt. Det meiner eg heilt klart er eit framsteg.

Dersom vi skal klare å redusere veksten i biltrafikken, og det må vi både for klimaet si skyld og for å ha plass på vegane våre for dei som må køyre, så må vi sørge for at alternativa er raske, effektive og behaglege å bruke. Det betyr at vi må satse på å gjere det raskare, meir effektivt og meir behagleg å ta buss, å sykle og gå. Ein av måtane vi kan gjere det på er å sikre at der vi faktisk har infrastruktur for gåande og syklande. Infrastruktur som gjev dei som går og syklar ha fortrinnsrett. Gang- og sykkelvegane våre er ein slik plass. Derfor meiner eg at å gje dei som syklar forkøyrsrett når dei er på gang- og sykkelveg er eit godt tiltak. I tillegg er det slik at dei fleste bilvegar som kryssar ein gang- og sykkelveg er småvegar og avkøyringar der fartsgrensa er låg, det vil derfor ikkje vere noko stort tap i effektivitet for bilistane å måtte vike for dei som syklar.

Så er det sjølvsagt slik at det finst syklande idiotar, som det finst køyrande idiotar eller gåande idiotar for den del. Folk som skaper problem for dei dei deler vegen med. Uansett kva reglar vi har vil desse til tider skape problem. Men vi kan ikkje la det vere avgjerande for korleis vi bygger infrastrukturen vår. Og, ja det er til tider konfliktar mellom dei som går og dei som syklar. Mange syklar fort anten det er på vanleg sykkel eller el-sykkel. Det kan vere skremmande for dei som går i same vegbanen. Løysninga på det må bli at vi i Tromsø sluttar med det forelda konseptet gang- og sykkelvegar. Det vi treng er gode sykkelvegar med fortau som skil gåande og syklande. Det vil og vere sørgje for at færre syklistar bruker den vanlege vegbanen, som mange gjer i dag for å unngå konfliktar med dei som går.

Kommentator i Nordlys, Tone Angell Jensen tar i eit innlegg og opp eit «problem» med at sykkelvegar vistnok skal ha betre vintervedlikehald enn fortau. Eg skulle nesten ønska at dette var eit faktisk problem. Dessverre har vi nesten ikkje dedikert infrastruktur til syklistane i Tromsø. Det einaste er vel sykkelbanane i vegen opp Kirkegårdsbakken og Storgatbakken. At dei blir brøyta samtidig med at resten av vegen blir brøyta kan då ikkje vere anna enn lurt?

Skal vi klare å løyse trafikkproblema i Tromsø må vi skape gode forhold for alle som går – og vi treng at fleire går. Vi må skape gode forhold for alle som syklar – og vi treng at fleire syklar heile året. Og vi må skape betre forhold for dei som tar bussen – og fleire må ta bussen. Då kjem vi ingen veg med å sette desse gruppene opp mot kvarandre.

Lik Nordnorsk Debatt på Facebook

Annonse
Her er du velkommen til å debattere saken videre. Men tenk gjennom hvordan du vil framstå og hvilke uttrykk du bruker. En liten huskeregel: Ikke skriv noe som du ikke kunne ha ropt ut på torget med mange tilhørere. Du må bruke fullt navn - falske profiler blir utestengt. Hold deg til saken, vis respekt og stor raushet overfor andre. Trakassering, trusler og hatske meldinger slettes.

Med vennlig hilsen Guttorm Pedersen, debattredigerer

Annonse