Sett frå Hammerfest og Melbu er det tungt å godta at prisen for å fjerne eit utskjelt regime også skal vere eit framtidig tap på 75 prosent av kvotene.

Våren 2016: Ein jublande opposisjon i Stortingets næringskomite kunne fortelje at regjeringa endeleg hadde lidd nederlag i striden om  leveringsplikta. Eit samla storting hadde instruert fiskeriminister Per Sandberg om få utgreidd kaoset rundt alle pliktene og kvifor trålarane bryt vilkåra om at dei skal levere råstoff til industrien i Nord-Noreg.

Sigerstrofeet var den såkalla pliktkommisjonen som skulle gjere den jobben Tveterås-utvalget ikkje greidde; Å løyse opp flokane rundt det såkalla pliktsystemet. No ligg ein ny rapport på bordet, og pliktkommisjonen blir takka på same måten som Per Høgmo og det norske landslaget; jubelen har lagt seg både på Løvebakken og langs kysten – for å sei det mildt.

Ingrid Heggø, Ap si talskvinne for fiskeripolitikken på Stortinget, meiner at kommisjonen ikkje har gjort det dei fekk mandat for. I fylgje nettavisa ABC lovar ho bråk på Stortinget, og at forslaget om kvoteauksjon og næringsfond ikkje vil få fleirtal. Torgeir Knag Fylkesnes frå SV hevdar at det er vanskeleg å ta vare på intensjonen bak pliktene når Austevoll-selskapet Lerøy som i dag eig Havfisk AS slepp så billig unna.

«Pliktrapporten» får også hard medfart frå lokalpolitisk hald i fleire trålaravhengige fiskerisamfunn. På tross av dette er kommisjonen si vurdering av leveringsplikta på linje med kritikken frå fleire kystordførarar gjennom snart 20 år. Også kommisjonen meinar at «….pliktsystemet er sterkt uthulet. Da leveringsplikten ble omgjort til en tilbudsplikt i 2003, falt i realiteten koblingen mellom industrianlegg og trålere bort, og den opprinnelige leveringsplikten ble illusorisk. Utviklingen etter dette har vært en ytterligere undergraving av intensjonene med leveringsplikten»

Dette handlar først og fremst om Havfisk og korleis det tidlegare Røkke-selskapet bygde frysetrålarar, kutta band mellom land og sjø, la ned store arbeidsplassar i filetindustrien og reduserte aktiviteten til eit minimum. Alt basert på råstoff frå kystflåten som var frakta lange vegar med lastebilar; «Tilpasningene har foregått med myndighetenes aksept. Mange av dem er irreversible, og har umuliggjort eller vanskeliggjort en tilbakevending til det opprinnelige systemet»

Med så mykje «tyn» av trålarane vil nok mange også forvente at Havfisk må leggje att sine 30 trålkvotar på kaikanten. Men så langt vil ikkje kommisjonen gå. Dei nøyer seg med å fastslå at avvikling av aktivitetsplikta vil utløyse eit krav å gje tilbake cirka 25 prosent av torsken og hyse som Havfisk har kvote for; rundt 10.000 tonn torsk og 3.500 tonn hyse til ein verdi rundt 200-220 millionar. Dei to andre pliktene (tilbod og bearbeiding) har i denne bitre skilsmissa ingen verdi og gjev ingenting tilbake til dei forsmådde. Det same er 20 og 40 prosent av torske- og hysekvotene som var med i leveringsplikta frå før 2003, men som Fiskeridepartementet ikkje tok med i det nye pliktregimet.

Om dette handlar om politikk eller pedagogikk kan vere det same. Men med denne reknemåten påfører pliktkommisjonen seg sjølv eit problem. Dei som har tapt på 20-25 års undergraving av leveringsplikta har naturleg nok ein anna fasit. Landingar på mange hundretusen tonn torsk og hyse er tapt for alltid; Råstoff som ville hatt ein enorm verdi for 10-15 hardt pressa fiskerisamfunn dersom kystflåten hadde fått ansvar for å gjere jobben. Sett frå Hammerfest og Melbu er det tungt å godta at prisen for å fjerne eit utskjelt regime også skal vere eit framtidig tap på 75 prosent av kvotene.

For den fjerdeparten av kvotene som kan fordelast på nytt, går kommisjonen inn for at desse skal inndelast i «pakkar» som skal auksjonerast ut til fiskeindustrien i Finnmark og Lofoten/Vesterålen. Så skal kvotene leigast ut til kyst- og trålarflåten for fiske og produksjon utanom vinter/vår-sesongane. Overskotet frå auksjonen skal gå til eit næringsfond som skal støtte gode prosjekt i det same området.

Slike «avlatsordningar» er prøvd før, med blanda suksess. Kommisjonen peikar sjølv på slike eksempel. Korleis kombinasjonen av auksjon/utleige vil påverke fiskeprisar og lønsemd både på sjø og land blir avgjerande. Blir det «gigantar» som Nergård, Norway Seafood, Jangaard og Fjordlaks stikk av med det meste? Elles er her rom for mindre, lokale produsentar som har tapt mest på leveringsplikta? Vil leigavtalene bli styrt mot kystfiskerederi der industrien er inne på eigarsida? Vil pakkane bli brukt til å simulere linedrifta og dermed betre kvaliteten, slik Island har gjort med stor suksess? Eller skal slike stimuli framleis gå til supereffektive snurrevadbåtar som er best til å levere store fangstar på kort tid, men mindre gode på kvalitet slik bonusfisket på hyse i sommar demonstrerte så altfor godt.

Finst det alternativ til kommisjonen sitt avlatsregime? Er det på tide å skifte ut den pillrotne trålstigen, eit snart 30 år gamalt skjørt kompromiss frå Norges Fiskarlag, og endre den langsiktige kvotefordelinga mellom kyst og hav, slik det no kjem forslag om frå andre hald? I tillegg har vi distriktkvoteordninga som har eit vidt, men lite utnytta spelerom. Fiskarlaget vil nok protestere. På tross av dette, eller kanskje nettopp difor, bør Stortinget grave djupare i verktøykassa og finne reiskap som det no er på tide å ta fram og bruke.

 
 
 
 
 
 
 
 
 

Lik Nordnorsk Debatt på Facebook

På forsiden nå

Nasjonalstaten Norge har akseptert at der bor samer innenfor landets grenser. Denne erkjennelsen har fått dyptgripende konsekvenser; nasjonalt ved at et samisk folkevalgt organ er opprettet og grunnloven endret og internasjonalt ved at Norge har sluttet seg til ulike folkerettslige konvensjoner.

1
72

Går man noen få år bakover i tid, var det få eller ingen som tvilte på at samene var et urfolk i Norge. De kom først til Nordkalotten. De var blitt fratatt både land og rettigheter. Sameland var okkupert og kolonialisert av sørnorske inntrengere.

2
16