I Vardø hadde både den norske kongemakta etablert eit festningsverk og den norske erkebiskopen etablert ei kyrkje på 1300-talet. Ill. Jan Huygen van Linschoten (1590-talet).

Lyngstuva og grenser nok ein gong

I Knut Skog sitt svar på innlegget vårt om dei historiske grensene på Nordkalotten i mellomalderen, ser også han ut til å vera lite interessert i å ha to tankar i hovudet samstundes.

Opplysninga frå 1251 har me einast frå sagaen om Håkon Håkonsson, og me har såleis inga dokumentert «skatteavtale» som blir «stadfest» i 1326. I sjølve traktaten frå 1326 er heller ikkje Lyngstuva nemnt, slik Skog påstår.

Å vera villig til å sjå for seg eit «dobbelt grensesystem» som me skisserer i innlegget vårt, er ein viktig føresetnad for drøfting av dei ulike grensekjeldene me har tilgjengeleg. Det er ikkje ønsketenking, det er eit resonnement basert på kjeldegransking, prøvd ut i eit internasjonalt fagfellesskap.

Difor, nok ein gong: Det ser ut til å vera ulike grenser for skattlegging (av samar) og anna administrativ og juridisk autoritetsutøving på Nordkalotten i mellomalderen. Den samiske befolkninga blir i eit stort område skattlagt av fleire statar. Den vestlege grensa for den russiske skattlegginga går i følgje det omtalte Grensekjell-dokumentet (truleg frå 1330-talet) ved Lyngstuva, den austlege grensa for den norske skattlegginga går ved Ponoj på Kola. Denne overlappande skattlegginga, med russisk skattlegging av samar endåtil så langt sørvest som Malangen, blir stadfest av ei rekkje andre kjelder, den norske skattlegginga og etterkvart den dansk-norske kongen sine skattekrav i samebyar på Kola likeså. Etter freden i Teusina i 1595 overtek svenskane den russiske skattlegginga av samane sør til Malangen (sjå gjerne S. Sogners samanfatning i Norsk innvandringshistorie bd. 1, A.O. Hauglids Balsfjorden og Malangens historie bd. 1 eller L.I. Hansens artiklar om grenser, samla i festskriftet hans frå 2017).

Nordmenn langs finnmarkskysten blir ikkje skattlagde av russarar, men av den norske kongemakta, som heilt klart har interesser aust til Varanger, der også Håkon Magnusson (truleg) let byggje ei festning i Vardø på byrjinga av 1300-talet, som Skog heilt korrekt nemner. Dér går det også eit skilje mellom Noreg og Novgorod, kall det gjerne ei riksgrense, sjølv om me ikkje veit tydeleg kor den blir trekt i mellomalderen. Altså – eit dobbelt system for grenser – eit stort fellesområde for skattlegging av den samiske befolkninga og ei tydelegare grense mellom den norske kongen og den russiske fyrsten i anna type suverenitetsutøving.

Det må også leggjast til at når Skog hevdar at den «reviderte skatteavtale av 1251 mellom fyrsten i Novgorod og Håkon IV Håkonsson, ble stadfestet i år 1326 av Norge og Novgorod», så er dette svært misvisande. Opplysninga frå 1251 har me einast frå sagaen om Håkon Håkonsson, og me har såleis inga dokumentert «skatteavtale» som blir «stadfest» i 1326. I sjølve traktaten frå 1326 er heller ikkje Lyngstuva nemnt, slik Skog påstår. Der står ingen namn eller opplysningar om kvar grenseskillet går, men avtala overlet grensa «til Gud og til Norges konge å trekke slik det tykkes ham og hans samvittighet», slik det heiter i omsetjinga av Østmoe og Henriksen frå 2003 (Middelalderforum 1–2/2003). I det heile teke er det interne tilhøvet mellom 1251-opplysninga, Grenseskjellet og fredsavtala frå 1326 (og fredsavtala mellom Sverige og Novgorod frå 1323), svært mykje debattert mellom forskarar, og det eksisterer (minst) fem ulike syn på korleis desse heng i hop – der altså Pape, Hansen og vårt syn er at desse underbyggjer ein type dobbelt grensesystem.

Dette systemet skapte både rom for forhandling og diskusjon – og til slutt open strid. For når kampen om Nordområda hardnar til rundt 1600, etter at reformasjonen har kasta om på maktforhold i Europa, den økonomiske utviklinga skyt fart og dei nye, gryande nasjonalstatane vil hevde seg «både til lands og til vanns», er skattlegging eitt av hovudverkemidla for å hevde suverenitet over eit område. Dei eg har skattlagt, seier den dansk-norske kongen, dei er mine undersåttar. Følgjeleg blir det ein kamp – delvis avklart ved freden i Teusina i 1595 og utkjempa mellom anna i den såkalla Kalmarkrigen mellom 1611 og 1613 – om kven av nordkalottstatane som har suverenitet i kva for område. Med andre ord: Det har fram til då ikkje vore eintydige grenser mellom (Danmark)-Noreg, Sverige og Russland. Og sjølv om Kalmar-krigen i første omgang blir vunnen av den dansk-norske kongen, blir som kjent ikkje dei endelege grensene på Nordkalotten trekte før i 1751 og 1826.

Å bruke kjelder og historieframstillingar skrivne fleire hundre år seinare som informasjon om forholda i mellomalderen er utfordrande og krev varsemd. Når det gjeld Lyngstuva nektar me ikkje for at det finst ein stad med same namn på Fiskerhalvøya, som fleire ulike kjelder dokumenterer utover 1600- og 1700-talet. Men dei øvrige kjeldene me har frå hundreåra før, med både traktatar og skatteinnkrevjingspraksis, syner kvifor dette ikkje kan vera den same Lyngstuva som er omtala i Grenseskjellet frå 1330-talet. Kjeldene som Skog og andre nyttar for å støtte opp om at den Lyngstuva som er omtalt i Grenseskjellet ligg på Fiskerhalvøya er skrivne i tida etter freden i Teusina – også dei dokumenta Schnitler byggjer på. Historikarane Peder Claussøn Friis og Erich Johan Jessen tek føre seg Noreg i si samtid, og dei må såleis også tolkast ut frå kva førelegg og framstillingar dei har hatt tilgjengelege. Når me i dag skal tolke meining i dette, må me for det fyrste ta med oss at dei faktiske grensetilhøva på 1600- og 1700-talet var ulike dei frå 1300-talet. Men dei var enno ikkje heilt avklarte, så når ein til dømes brukar stadnamn på kart, utferda av den dansk-norske kongen på 1700-talet, som ei kjelde, må ein ha i mente at dette kan vera uttrykk for territoriale krav i ein geopolitisk forhandlingssituasjon. Skog – og Leijon og Mortensen – bør sjå nærare på argumentasjonsrekkene sine som set saman einstaka kjelder og kjeldeutdrag frå fem hundreår, utan å leggje til ein analyse av den konteksten desse kjeldene er vortne til i.

Å hevde at grensa mellom Noreg og Russland i mellomalderen er éi, og at ho er udiskutabelt dokumentert, handlar om manglande evne og vilje til å sjå at fortida ikkje er like grei å dele i så klare kategoriar og grenser som mange ønskjer å gjera i dag. Det er eit puslespel der tolkinga av ei eller fleire lyngstuver er ein av mange brikker i det heile.

Lik Nordnorsk Debatt på Facebook

Annonse
Nordlys overvåker denne debatten kontinuerlig mellom kl. 07 og 24. Kommentarfeltet er nå stengt og åpner igjen kl. 07.00. Velkommen tilbake da!
Annonse