Å kalla det nye fylket for Nord-Norge vil senka terskelen for ei utviding på eit seinare tidspunkt.

Etter at Stortinget har vedtatt at Troms og Finnmark skal gå saman i eitt fylke, har debatten gått om namnet på det nye barnet. Finnmark er foreslått. Eg synest det er eit lite gjennomtenkt forslag, sjølv om det har fått ein del tilslutning i den offentlege debatten. Eg meiner namnet sjølvsagt må bli Nord-Norge!

Det er i hovudsak to argument bak forslaget om Finnmark. Det eine gjeld at det er nødvendig å vera raus overfor Finnmark, som jo har vore sterkt imot denne fylkesfusjonen. Det er ein tanke som har utspring i tromsøelitar med regonbyggingsambisjonar og blir nok oppfatta som irrelevant i store delar av befolkninga i Troms, som jo vil utgjera to tredjedelar av det nye storfylket. Det andre argumentet er at Finnmark har ei historisk forankring som fellesnamn. Det som nå er Troms (Senjen og Tromsøen fogderi), var ein del av Finnmarkens amt i perioden 1787 til 1866. Det kan elles nemnast at Finnmarkens amt vart delt i to «distriktsformannskap» i 1837 (i realiteten to amt med ein amtmann) og at diskusjonen om ei deling av amtet kom opp alt på 1840-talet. Eg meiner dei historiske argumenta taler sterkare for Nord-Norge som namn på det nye fylket.

Nord-Norge som namn for den nordlegaste delen av Norge, vart skapt av nordnorske intellektuelle i Kristiania på slutten av 1800-talet. Alt frå 1910-talet var det i alminneleg bruk – og har altså i dag ei meir enn 100 års historie. Det er slik at alle i Troms og Finnmark i dag reknar seg som tilhøyrande Nord-Norge, og tre fjerdedelar ser den nordnorske identiteten som viktig eller svært viktig både i Troms og Finnmark. Det er altså eit namn på det nye fylket som folk flest kan slå seg til ro med, i motsetning til namnet Finnmark som nok mange vil føla seg framand for og som difor kan piska opp ei heilt unødvendig polarisering.

Og så er det nokre som meiner at det vil vera provoserande overfor folk i Nordland at landsdelsnamnet blir brukt utan at det omfattar dei. Eg kan heller ikkje sjå at det er eit haldbart argument. Det er vedtatt at eit nytt fylke av Hordaland og Sogn og Fjordane skal heita Vestlandet, eit landsdelsnamn som elles omfattar fire fylke. Eg er frå Rogaland og reknar meg som vestlending, og det vil eg halda fram med heilt uavhengig av kva Hordaland og Sogn og Fjordane kallar seg. Slik vil eg tru dei fleste i Nordland også vil sjå det,

Det er eit anna aspekt ved dette: Det har skjedd store endringar i kommunikasjonar og arbeidsliv som har knytt Ofoten mykje nærare Harstad og Tromsø enn tidlegare. Å kalla det nye fylket for Nord-Norge vil senka terskelen for ei utviding på eit seinare tidspunkt. Det er ikkje noko historisk grunnlag for å bruka Finnmark som namn på ein region som går utover fylkesgrensa mellom Nordland og Troms. På 1920-talet vart det etablert ei avis i Narvik som heitte Nord-Norge. Eg bare nemner det!

Lik Nordnorsk Debatt på Facebook

På forsiden nå

Først tenkte jeg å la dette ligge, det blir bare mer bråk av det. Men så fant jeg ut at ja, det SKAL bli bråk, jo mer bråk jo bedre!

0
46

Vi kan ikke fjerne statlige bevilgninger til trossamfunn og tro at ikke noe skjer med landet vårt. Det vil være slutten på folkekirken slik vi kjenner den.

0
0