Fiskeridepartementet har lukka augnene, representantar for Sjømat Norge kaller motforestillingane "vandrehistorier" og sume forskarar kallar dei "anekdoter".

Marin Harvest utløyste på foråret kraftig strid då dei ville leggje ut nok eit oppdrettsføretak i Kvænangen. Fiskarar protesterte, miljøaktivistar truga med aksjon og forskarar åtvara. John Fredriksen sitt selskap ville ta eit område ved øya Spildra til lakseoppdrett. Yrkesfiskarane fortalde at dei fekk mykje mindre fisk i den ein gong så rike fjorden. Signala om feilfôring av villfisk som beita nær merdene, var alarmerande. Folk som freista eta denne fisken, kjende stanken før den kom på matbordet. Rømming freista MH minimalisera.

Kvænangen kommunestyre hadde med 15-9 gått inn for lokaliteten det var strid om. I samtale med MH sine folk vart det umogleg å få veta kor stor omsetinga var for året. Men ein som kjende til føretaket i Jøkelfjord, snakka om ein milliard kroner.

På lista over dei rikaste som Kapital for 22/9 offentleggjorde, er den rikaste mannen i landet, John Fredriksen, ikkje med ein gong. Den rikaste “fiskar'n” er Gustav Witzøe (63), god for 16,5 milliardar kroner, ein auke på 6,5 milliardar frå 2015. SalMar-direktøren toppar lista over dei 25 som er inne på 400-lista. Alle på lista har auka formuen sin monaleg. Witzøe seier:

- Salmar er et speilbilde på hva som har vært mulig å gjøre i norsk oppdretts- og havbruksnæring.

Utsegnet tyder på at SalMar ikkje har vært møtt av motforestillingar og langt mindre restriksjonar frå miljøstyresmaktene. Ein har tvert om fått grønt ljos til å gå på. Frå om lag 400 millionar laks i dag skal talet femdoblas. Lesaran bør veta at det berre kjem 1/1000 så mange villaks inn til kysten årleg.

Styresmaktene har konsekvent følgd ynskja frå oppdrettsnæringa. Forskningsføretaket SINTEF er med i jubelbruset som om det var eit høgtløna konsulentselskap. For nokre år sidan hevda det at næringa innan 2050 ville ha ei omsetning på 550 milliardar kroner. Mange fekk blod på tann. Styresmaktene opna fjordane for “den nye oljen”. Samstundes har motstanden vakse: Kvart år rømer opp mot to millionar laks frå merdene, blandar seg med villaksen og øydelegg det som ein gong kunne kallas fisk. Oppdrettslaksen et opp mot 70% fôr av soya som vi m.a. importerar frå Brasil, med følgjer for regnskogen som igjen skal stogga CO2-utsleppa. På rabaldermøtet i mai om Spildra kom motstemmane fram:

- Nå må vi fiskere si fra, ellers blir vi leilendinger i eget land. (Fiskar Arnold Jensen)

- De valser over oss og tar seg til rette. Så trekker de overskuddet ut av Nord-Norge. (Pensjonert regionaldirektør i Fiskeridirektoratet, Arne Luther).

- Dere kaller det kloakk og avfall, jeg kaller det organisk belastning. (Miljøkoordinator Are Moe i Marine Harvest).

Nettverket for fjord- og kystkommuner har etter kvart krevd mykje meir att for føretak mange hevdar mest er til skade. MH slipp frå det i Kvænangen med ein eigedomsavgift på under 100 000 kroner. Selskapet har kjøpt seg goodwill hjå kvænangsværingane ved å løyva 725 000 kroner til kunstgrasbanen til Burfjord IL, mindre enn ein promille av omsetninga?

- Vi er enige i at kommunen bør få en større del av kaken, men vi er prinsippielt imot særavgifter som en arealavgift, sa kommunikasjonsjef i Marine Harvest, Ola Helge Hjetland(Dagens Næringsliv 21/5-2016). Elisabeth Aspaker gjekk som fiskeriminister i mot arealavgift av di ein ikkje kan nytta oppdrettselskapa som “melkeku”.

Finnmark er av vekstpolitikarar og oppdrettarar utpeika som satsingsfylke. Havet er reinare, fjordane lite forpesta av lus og folk lite informert om følgjene ved oppdrett. Cermaq er på plass med 14 matfiskkonsesjonar. Fiskarar i Ytre Altafjorden hevdar at dei ikkje lenger får fisk, og at det er varsla styresmaktene. Edvin Dagsvold frå Hønseby som eig den vesle sjarken Basse, har måtte gå mange timar heimefrå for å få fisk. Cermaq svarar ikkje på henvendingar frå fortvilte fiskarar. Fiskeridepartementet har lukka augnene, representantar for Sjømat Norge kaller motforestillingane “vandrehistorier” og sume forskarar kallar dei “anekdoter”. Staten var hovudaksjonær i Cermaq, og valde for to år sidan å selja føretaket til Mitsubishi Corp. Men eigarane i Tokyobukta vil nok vera meir opptekne av profitten frå laksesalet enn av miljøstandarden i havet. 

Grieg Seafood er på plass i Finnmark med 24 konsesjonar og 210 tilsette. Det var Harald Volden som i 1978 kom i gong med Volden Group, og då han solgde til Grieg S. var det med stor forteneste. Føretaket har to lokalitatar i Nordkapp, Lafjord og Sarnes, og har ei omsetning på ca. 350 millionar kroner. Fiskarar og hytteeigarar fortvilar av di serleg Lafjorden er sterkt forureina. Grieg har om lag 20 tilsette i kommunen, men Nordkapp kommune mottok i 2015 ikkje meir enn 92 400 kroner i arealavgift.

Produktet frå Grieg blir ikkje vidareforedla i Nordkapp, men frakta på trailerar utanifrå. Eigarane i Bergen stikk av med dei store inntektene. På lista over dei 400 rikaste finn vi fire frå Grieg-familien, samla formue 4 650 millionar kroner. Milliardar av kroner strøymer inn til dei som har kapra kyst- og fjordbassenga. Møkka under havoverflata veit vi rett nok for lite om, for forskninga har ikkje gått til botn etter fakta. Fiskarane må ta rekninga. Lokalfolk og hytteeigarar får havmiljøet forpesta.

Lik Nordnorsk Debatt på Facebook

På forsiden nå

Sandra Borch (SP) er stadig er ute og arresterer folk, senest Justisministeren, så nå er jeg lysten på å bruke samme arrestmetoden på henne og SP.

9
1,068

SV vil innføre en nasjonal regel som sikrer skolene flere lærere, og dette kravet støttes av lærerne selv.

0
0