Det er ikkje akseptabelt om det er slik at Forsvaret no bruka deler frå ein fregatt til å vedlikehalde ein annen.

9. april 1940 markerer ein av dei tyngste, men også viktigaste datoane i Noreg si historie. Dette var dagen då me vart invadert av tyske soldatar og mista vår fridom. 9. april fortel oss at nasjonal suverenitet og fridom ikkje er noko sjølvsagt.  Den fortel oss om stort mot frå kongen, einskilde politikarar og mange soldatar.  Det er viktig er at me brukar 9. april til å hylle dei som stod fremst i motstandskampen. Desse heltane sette fellesskapen i Noreg framom eigne liv. For fedrelandet ofra dei eigen tryggleik, trassa  personleg smerte og, diverre i mange tilfelle, ofra også eige liv. 

75 år etter krigsutbrotet er ekspertar uroa at den norske forsvarsevna også i dag er alt for svak. Generalløyntnant Robert Mood slår i Aftenposten fast at «det er optimistisk å tru at om vi samlar heile den norske Hæren så kunne me - i eit klassisk scenario - maksimalt forsvare ein bydel i Oslo». Regjeringa skriv sjølv, i sitt eige Forsvarsbudsjettet for 2015, at Forsvarets operative evne i krise og krig er «mindre god». Dette viser kor alvorleg situasjonen er.

Få, om noko land har større land-, sjø- og luftterritorium å forsvare i høve til folketalet enn Noreg. Noreg har eit landareal på storleik med Italia, men med ein tidel av Italias folketal. Me har eit havareal som er like stort som Middelhavet. Noreg har ei strategisk viktig plassering for fleire statar, noko som kan gjere landet utsett. Me har ein kyst som er rik på naturressursar og fisk. Ressursrike og geopolitisk viktige område er tradisjonelt meir utsette for konfliktar. 

Første prioritet bør no vere å tilføre forsvarsgreinene nok midlar til at den delen av strukturen som alt er bemanna kan fly, segle og marsjere så mykje som trengs. Neste steg må vera å syte for auka bemanning, slik at ein kan ta i bruk materiellet Forsvaret alt har kjøpt inn. I dag har Forsvaret fregattar, ubåtar og fly som står ubrukte. Det er ikkje akseptabelt om det er slik  at Forsvaret no bruka deler frå ein fregatt til å vedlikehalde ein annen. 

Forsvaret må no reorienterast til hovudoppgåva - forsvar av norsk territorium. 

Lik Nordnorsk Debatt på Facebook

På forsiden nå

Den norske - og særlig den nordnorske - debatten rundt samiske spørsmål har en tendens til å bevege seg langs fastlåste og beklagelig forutsigbare linjer.

5
595

Nord-Norge har hatt høyeste prioritet hos våre ulike regjeringer siden 2005. Men hvorfor griper ikke landsdelen sjøl sin historiske sjanse, spør John Arne Markussen.

4
269