Royal Marines og US Marine Corps raider Bogen i Ofoten sjøveien med landgangsfartøyer og beltevogner under øvelse Cold Reponse i 2010. Foto: Lars Magne Hovtun, Forsvaret

Norsk utanrikspolitikk fanga i NATO-retorikk

Motsetnaden mellom tryggleik og risiko i Nato-medlemskapet er difor ein reell motsetnad knyttet til utøvelsen av norsk suverenitet.

Noreg  har blitt ein stadig viktigare «kald-krig-arena» i møte mellom  Russland og USA/NATO.  Men og i høve til NATO-pakta  sitt globale hegemoni i møte med kommunisme/frigjeringsrørslar, islamisme og nasjonalisme verda over. Noreg si deltaking i Afghanistan- og Libyakrigen, men og den stadig djupare integreringa  i amerikansk våpenindustri, står som døme på rolla Noreg har i alliansen.

Vi har ingen sterkere venn eller alliert enn Norge, sa Ashton Carter, demokratenes forsvarsmimister, da han gjesta Norge og Ine Eriksen Søreide. Vi gjør så mye sammen, og de forente stater er så glad for å ha en venn som er så sterk og prinsippfast som Norge, sa Carter etter at de hadde landet i Bodø (Kilde: NTB/ NRK, 2017)

Kan hende er den bilaterale bindinga til USA, og det nære vennskapet  riktig og naudsynt, men overdriven lojalitet  kan og føra til ukritiske haldningar som svekkjar vårt sjølvstende i tryggingspolitikk. At USA byggjar basar i Noreg i ly av vennskapsbindinga samstundes som norske  stridskrefter reduserast, er og til å undrast over. Endringane skjer utan kritisk dialog, berre omtalte i media nærmast som forpliktande  oppfylgjing både i høve til  NATO-doktrina og det gode venskapet til USA.       

NATO-doktrina - «ein for alle, alle for ein» med felles frykt-retorikk og fiendebilete, fremjar  slik «automatiserte pro - USA-haldningar » både i befolkninga og hos politikarane.  Det er ein  psykologisk effekt av at «nennsomt» utvalgte fakta  i høve til eit formålstjeneleg  fiendebilete som  avgjer fokemeininga, og som  Carl J Hambro allerede i 1950  inntok ei kritisk haldning til :  […] Vi har fått en ledelse  av vår utenrikspolitikk som ligger utenfor landets grenser… vi må møte opp med en mistenksom aktpågivenhet overfor våre allierte… Sitatet (Hambroparolen)  er henta frå Den Utvida Utanriks- og Konstitusjonskomite året etter at Noreg hadde slutta seg til NATO. Hambros skepsis var knytt til risikoen for at Norge kunne bli systemfanga og følgelig krigsaktør sammen med stormaktene.

Motsetnaden mellom tryggleik og risiko i Nato-medlemskapet er difor ein reell motsetnad knyttet til utøvelsen av norsk suverenitet. Lågspenning og defensiv militæraktivitet  i nærområda mot Russland, men med tilgang på nok avskrekking om naudsynt, har til no vore dei norske, sjølvpålagte restriksjonane andsynes USA/NATO-aktivitet i nord.

Fleire såkalla tryggingspolitiske veivalg tatt av USA/NATO bryt no med den hevdvunne, norske lågspenningspolitikken, utan at dei ulike tiltaka drøftes i åpne, demokratiske fora. Nokre døme på slike hendingar som ureflektert vert nevmnde i media:

  1. US Marines plasserast ut i Trøndeag og Troms. I ein helsing til soldatane på Værnes sa Robert Neller, sjef for US Marines i Noreg at ein «big ass-fight» no var i kjømda med russarane. Neller sit i USAs militære overkomando. Kva veit han om krigstrusselen som nordmenn ikkje veit

  2. USA utvidar Rygge flyplass til og å husa ein  amerikansk flybase. Pentagon  har løyva 90 millioner til oppgradering. Basen vert del av «Operation Atlantic Resolve» og skal gi kampstøtte til NATO-styrkar på Baltikum.

  3. USA/NATO planlegg  militærøvingar i Midt og Nord-Noreg,  og nærmare Russegrensa  enn nokon gong tidlegare. USA-hangarskip, atomubåtar og overvåkningsfarty patruljerar norskekysten, og kan på kort tid landsette store styrkar.

  4. USA/NATO-overvåking byggjast  ut i Aust-Finnmark

NATO-sjef  Jens Stotenberg  gjesta heimlandet her om dagen. Han tala som Trump. Vi kan nytta atomvåpna  om dei «krympast»  til brukbar størrelse, fortel han oss. Det var var Trump som i 2016 spurde Pentagon : Kva gjer vi med atovåpen om vi ikkje kan bruka dei? No har han  fått svar. Atomterskelen senkes, frykta aukar.  Ein ny atomretorikk er i gang.

Om slik felles frykt-retorikk  skreiv Per Fugelli: «…automatiserte reaksjonsmønstre fanges inn i et psykopatalogisk  tankesystem hvor:

  • krenkelser forsterker krenkelser
  • frykt avler frykt
  • terror fører til mer terror
  • hvor øye for øye gjør verden blind   

… verdens  regjeringer fortsetter å reagere på hverandres reaksjoner frem til de forferdelige endepunktene: holocaust, den 2.verdenskrig, atombombene over Hiroshima og Nagasaki» (Dagbladet Debatt 15.februar 2006)

Ingen norsk politiker eller parti har til no tala den nye retorikken imot. Kva kan det enda med?

Lik Nordnorsk Debatt på Facebook

Her er du velkommen til å debattere saken videre. Men tenk gjennom hvordan du vil framstå og hvilke uttrykk du bruker. En liten huskeregel: Ikke skriv noe som du ikke kunne ha ropt ut på torget med mange tilhørere. Du må bruke fullt navn - falske profiler blir utestengt. Hold deg til saken, vis respekt og stor raushet overfor andre. Trakassering, trusler og hatske meldinger slettes.

Med vennlig hilsen Guttorm Pedersen, debattredigerer