Regjeringa meinar at det hastar med å gjennomføre ei regionreform våren 2017, altså rett før eit stortingsval. Men då blir folket i val blir avskore frå å gripe inn i dette viktige politiske stridsspørsmålet.

Ikkje uventa viser ei fersk meiningsmåling at det er stor motstand mot å slå saman eige fylke med nabofylke(r). Berre 35,1 % er positive til samanslåing, (Klassekampen 3. januar). Denne meiningsmålinga er tatt opp etter ein omfattande debatt, der tilhengarane har hatt gode vilkår for å argumentere for samanslåing. Når folk flest, etter 9 månader med meiningsbryting har eit standpunkt som går på tvers av regjeringa sitt, kan det rett og slett skuldast at tilhengarane sine argument er for svake.

Stortinget har ikkje bedt regjeringa om å legge opp til «om lag 10 regionar». Eit knapt flertal i Stortinget (regjeringspartia med støtte av Venstre og Kristeleg Folkeparti) har uttalt at «nye oppgaver til regionalt nivå forutsetter at prosessen fører til færre fylkeskommuner/regioner av en viss størrelse» (Innst.333 S (2014-2015).

Nye oppgåver?

Stortinget tar altså utgangspunkt i «nye oppgaver» som er så omfattande at dei noverande fylkeskommunane ikkje kan løyse dei. Dette kunne vore aktuell politikk om Stortinget for eksempel overførte helseforetaka/sjukehusa til regional folkevald styring. Men det vil verken regjering eller stortingsfleirtalet. Så kva veit vi om Stortinget sitt syn på overføring av oppgåver til dei nye regionane? Her kan vi lese eit utdrag av kva Stortinget har uttalt:

«…flertallet er enige om å vurdere om følgende oppgaver kan overføres til det regionale folkevalgte nivå: Vurdering av fylkesvegene etter forvaltningsrefomen fra 2010. Større veger med sterke næringsinteresser kan vurderes overført til staten som en del av denne vurderingen…»

Joda, vi har lese rett: Stortingsfleirtalet meiner at å overføre oppgåver frå staten til regionane betyr å vurdere om oppgåver kan overførast frå regionane til staten. Kan vi vere einige om at dette er eit dårleg utgangspunkt for desentralisering? Og er det tilfeldig at ordet «vurdering» blir gjentatt fire gonger her? «Vurdering» er jo på ingen måte  forpliktande.

«Regjeringen mener..»

Så til talet på nye regionar: Med utgangspunkt i eit knapt stortingsfleirtal sine uklåre oppfatningar om nye oppgåver, konkluderer regjeringa «at landet bør deles inn i om lag 10 nye folkevalgte regioner». Med andre ord vil regjeringa ha færre og større fylker for å løyse oppgåvene, men det er altså oppgåver som kan bli mindre enn dei oppgåvene som fylkeskommunane har i dag!

Reform rett før valet

Regjeringa meinar at det hastar med å gjennomføre ei regionreform våren 2017, altså rett før eit stortingsval. Men då blir folket i val blir avskore frå å gripe inn i dette viktige politiske stridsspørsmålet.  I denne saka har så langt regjeringa støtte frå Venstre og Kristeleg Folkeparti. Dei kommunalpolitiske talspersonane for desse to partia (Andre Skjelstad,V. og Geir Toskedal, KrF) er klare på at dei vil sjå bort frå kva folk flest måtte meine, og kva dei folkevalde fylkestinga har vedtatt.

Medlemspengar og Stortingsval..

Tilsidesetting av folks meiningar og det lokale og regionale organ vedtar, samt hastverk med å gjere bindande stortingsvedtak rett før ei regjering med stor sannsynlegheit blir kasta, er den beste oppskrifta på politikarforakt og Donald Trump-tilstandar her i landet. Heldigvis står Helga Pedersen (AP) fjellstøtt på at meiningane til dei det gjeld rundt i landet må vektleggast, det same gjeld SP og SV sine talspersonar.  Så får vi får berre ønske Venstre og Kristeleg Folkeparti lukke til med innkrevinga av medlemspengar no på vårparten. 

Lik Nordnorsk Debatt på Facebook

På forsiden nå

Mikal Nerberg, førstekandidat i Troms for Miljøpartiet de Grønne. Han er bosatt i Lyngen

Nordlys bekymrer seg på lederplass for at vi i De Grønne kan få regjeringsmakt etter høstens valg. De bør heller frykte hva som skjer om Norge fortsetter som før, altså med stø kurs mot miljøkatastrofe.

2
161

Fremskrittspartiet, Høyre og Arbeiderpartiet prøver nå å vri debatten angående hærens helikopter til å dreie seg om NH90 og redningshelikopter.

2
293