Oppdrettsføretaka er storprodusentar av mikroplast; i konstruksjonen av flyteringar, fôrslangar, tauverk og nøter vert det nytta store mengder plast som smuldrar opp til mikroplast under bruk. Kor mykje plast som endar i fiskekjøttet, er forskarar usikre på, skriver John Gustavsen. Illustrasjonsfoto: NTB Scanpix

Plast-laks

Gåsenebbkvalen på Sotra med 30 plastposar i magen satte ein støkk i TV-tittarane. Men mikroplasten som vert slukt av oppdrettslaksen, får vi ikkje sjå mykje til.

Vi kan rydda plastposar frå sandstrendene, verre er det med mikro- og nanoplast.

Klima- og miljøminister Ola Elvestuen skreiv 25. januar i Nordlys med god grunn at “Vi må stanse plastforsøplingen av matfatet vårt”. Gjennom ei rekkje medieoppslag har vi vorte klår så smått over kva for fare utsleppa av 8-12 millionar tonn årleg representarar. Ornitolog Geir Wing Gabrielsen er ein av dei som med høgst presisjon og pedagogisk innsikt har hjulpe oss til å fortså faresignala. I sine studier heilt opp mot Nordpolen har han fått fram korleis fuglane vert drepne av plastutsleppa. Åtvaringa om korleis t.d. plastposar kan smuldra opp til mikro- og nanoplast, er alarmerande. Mikroplast har ein storleik på under 5 mm.

Hausten 2017 bad ein fiskarfamilie ved Repvåg meg om å gå langs stranda i den vakre Vedbotn. Her var det ein kar som rundt 1980 gjekk i gang med torskeoppdrett. Foretaket vart ein fiasko, men stønad frå det offentlege fekk han. Nokre år seinare starta nokre opp eit blåskjelloppdrett som endte i konkurs. Foretaka etterlot seg store mengder tauverk, plastrøyr, fangstnett, plastkassar osb. I løpet av 30-40 år er noko av søppelet malt opp til støv, ned til mikro-, kanskje nanoplast. Profittørane kunne pakka saman utan at miljøstyresmaktene greip inn. Hadde det noko å seie at denne fjordpollen låg i eit sjøsamisk område?

Slike døme fins det mange av, og fleire skal det bli. Den blåblåblå regjeringa legg no opp til ei femdobling av oppdrettsnæringa. 2/2 synte Nordlys oss eit kart som prov på at Troms og Finnmark kan venta seg litt av kvart. Fiskeriminister Per Sandberg køyrer både på raudt, gult og grønt oppdrettsljos. Vi har no om lag 800 lakselokalitetar i sving. Arbeiderpartiet i Nordkapp har gått i brodden for at Grieg Seafood og SalMar skal kunne etablere seg i kommunen. Fyrstnemde har nyleg fått tilgjenge på Vedbotn, ved sjøsamebygda Repvågstranda, til protest frå lokalfolk og fiskarar. Ingen fekk nabovarsko, ingen spurt, ingen informasjon på førehand. Munnlege som skriftlege protestar blei avvist av di Akvaplan Niva hadde sikra det marinbiologiske grunnlaget gjennom ei strømundersøking som fastbuande og hytteeigarer stiller spørsmål ved. Av den 123 km. lange Porsangerfjorden ligg om lag 20 km. i Nordkapp. Då Porsanger kommune vart klår over oppdrettsføretaket, reiste ein opinion seg i mot. Grunneigarforeninga fekk gjennomført ein undersøking som viste at berre 13 prosent ville ha oppdrett i fjorden, 73 prosent ikkje. Frykta for dei økologiske konsekvensane inkludert rømming og belte av lakselus ytterst i fjorden, har skaka opp folk. Heilt med til Oslo der Norske Lakselver har kontor.

Oppdrettsføretaka er storprodusentar av mikroplast; i konstruksjonen av flyteringar, fôrslangar, tauverk og nøter vert det nytta store mengder plast. Men merdene er også bygd av koppar (Cu), kadmium (Cd) og PCB-materiale som vil ha skadeleg effekt på livet i og under havet. Koppar nyttas som antibegroinsmiddel. Plasten frå fôrslangane smuldrar opp til mikroplast under bruk. Mindre lokalaviser har teke opp desse faremomenta, t.d. Ságat, Andøyposten og Vesterålen Avis. Sistnemnde kunne 24/11 i fjor fortelja at kvart føretak kan ha mellom 3 og 12 km. plastrøyr. Levetida for plastrøyr varierar frå tre til fem år. Kor mykje plast som endar i fiskekjøttet, er forskarar usikre på. Røyr på 4 km. vil i løpet av eit år spy ut om lag 600 kg. mikroplast. (Kyst.no) Ein flyteslange rundt merda inneheld om lag 3500 kg. plast. Desse vert slitne ned av vind og vêr.

Med okkupasjonen av fjordane som styresmaktene no frontar, vert fiskarane dei store taparane. Ein som ikkje let seg audmjuka, er Arnold Jensen, medlem av Naturvernforbundet. Han undersøkte fôrrøyr i Maursund i Skjervøy, og kom til at eit røyr som slitas ned frå 7 mm til 1 mm vil sleppa ut 410-580 gr. pr. meter. Tala samsvarar bra med kva Miljødirektoratat har kome til. Oppdrettsindustrien kan berre frå fôringsrøyr pøsa ut 325 tonn mikroplast årleg. Under kapping av nedslitne røyr vert det lagt att store mengder plastspon. Hvis ikkje dette vert samla opp, endar det fort i havet. Om t.d. laksen et dette, vil fiskekjøtet kunne skada menneske. Vi kan rydda plastposar frå sandstrendene, verre er det med mikro- og nanoplast. Effektene av mikroplast i menneskekroppen kan vera svull, leverskade, hormonforstyrring, slappleik og nedsatt evne til forplantning. Men vi veit for lite om skadane (NIVA: Norsk institutt for vannforskning).

Garn og tauverk frå merder blir etter kvart også slitne ned. Kor mykje av mikroplasten som blir eten av innesperra laks, er uvisst. Merder med flytekragar inneheld plast. Ein flytekrage med diameter 315 mm. og lengde 90 m. kan ha ei vekt på ca. 3500 kg. Kor mykje som vert malt om til mikroplast av salte bylgjer, er det vanskeleg å finne data om.

Ola Elvestuen reklamerar med at Noreg “forbindes med kaldt, rent  hav og ren natur”. Med god grunn er han oppmuntra over at miljøforsamlinga i FN før jul gjekk inn for ein nullvisjon kva gjeld tilføring av plast i havet. Han har ein stor jobb foran seg, og får straks gå laus på oppdrettsministeren frå FrP som vil opna alle fjordane i nord mot sølvpengar til kommunane. Elvestuen sin kronikk, “Plast i matfatet”, handlar også om laks.

Lik Nordnorsk Debatt på Facebook

Nordlys overvåker denne debatten kontinuerlig mellom kl. 07 og 24. Kommentarfeltet er nå stengt og åpner igjen kl. 07.00. Velkommen tilbake da!