Oppdrettsnæringa kunne blitt ei velsigning for kystfolket, men no minnar utviklinga om det som hende i Latin-Amerika.

Dei europeiske kolonisatorane erobra den gode jorda i Latin-Amerika. Dermed vart bøndene på kort tid omskapt til fattigfolk. Då dette gjekk opp for folkemassane, kom politikarar på at no måtte den stolne jorda takas attende, ekspropieras.

Finn vi parallellar i Noreg? Ottar Brox som kan mykje om fisk og ållmenning, vil kanskje skriva under på at staten på kort tid har sikra reiarar - mange busett på Vestlandet og i hovudstaden - enorme fiskekvoter. Røkke fekk nærmast ei folkegåve frå statsminister Stoltenberg mot å levera trålfisk m.a. i Mehamn. Han lot vera. Utan å verte stoppa. Utan krav om å sende kvotene attende til kystfiskarane. Det er jo folket som eig kysten, ikkje ein klikk med reiarar utan folkeskikk. Finn vi parallellar på andre kant av kloden å læra av?

Chile er som Noreg ein kyststat. Oppdrettsnasjonen Noreg har hatt ei rad føretak på plass i det fjerne landet for å sopa til seg profitt, nær sagt kosta kva det kosta vil. Kjersti Sandvik skildrar “En skitten historie om det norske lakseeventyret” i boka Under overflaten (Gyldendal Norsk Forlag 2016: 88-104)

I 1973 gjennomførte general Pinochet i 1973 statskupp mot den sosialistiske regjeringa til Salvador Allende. Dermed slapp staten laus spekulantar i næringslivet, etter kvart også norske oppdrettsføretak. Chile var eit framifrå land for dei, då restriksjonar på miljø- og sosialområdet knapt eksisterte. Det måtte gå galt for chilenarane då næringa kollapsa; folk som hadde jobba i oppdrettsindustrien, blei satt på dør, mange endte i fattigdom og sjukdom. Lærdomen er omtalt slik av økonomiprofessor Ragnar Tveterås: “Er det noen næring som absolutt ikke bør overlates til seg selv, så er det laksenæringen.” Utan sterk statleg forvaltning og kritisk forskning går næringa utfor stupet. Elles får folket nok ein gong rekninga. Så til tida lenge før samanbrotet i Chile rundt 2010.

I Chile auka den hatske stemninga blant bønder som vart jaga bort frå jordlappane sine før Allende vant presidentvalet i 1970. I byane tok studentar og industriarbeidarar signala. Det kristelege partiet vakna då dei såg resultata av urettferd, og lova jordlause fattigfolk åkerlappar. Sosialistane i storbyane vakna til kamp med Salvador Allende(1908-1973) som frontfigur. Deira parolar var: No Queremos Tierra! Queremos Trabajo! (Vi vil ikkje ha jord! Vi vil ha arbeid!)

I Noreg var det meininga at små havbruk skulle bli ei god attåtnæring til fattige kystkommunar. Så kom storkapitalen i full fart, kjøpte opp det eine føretaket etter det andre. I dag har vi eit oligarki av storingar, ikkje berre mannen frå Molde, men også han som er busett på Kypros samt ei handfull til. Utanlandske kapitalistar har som europearane i Latin-Amerika også forstått at Noreg er på billegsal og kjøpt seg inn; sjå t.d. på bilfirmaet Mitsubishi som slo kloa i den statlege oppdrettaren Cermaq.

Med denne utviklinga sit kystfiskaren att med Svarte-Per. Ein Peer Gynt driv no spelet til store høgder. Det eine fjordbassenget etter det andre er teke, frå Rogaland til Vest-Finnmark. Havbruka skal femdoblas på kort tid, og vi må rekna med at fjordane i Troms og Finnmark vert forsøkt kapra, steg for steg. Troms har ein fylkesrådmann som tenner grønt ljos, trass i protestar frå fjordfolket. I Nordkapp har vi ein ordførar som vil gje bort fjordane til bergensmilliardærar. Desse Ap-folka ignorerar folkemotstanden, noko som gjer at mange frå partiet vender seg til SV.

Laksekaksane er klåre på kvifor dei vil satsa på fjordar og sund i nord: her er enno reint vatn, ikkje mykje lus og langt færre sjukdommar enn lengre sør i landet. Men problema spreier seg nordover; Gratangslaks mista nyleg 38 000 laks under avlusing.

Salvador Allende ville fjerna urettvisa i landbruket. Kva som vil skje i Noreg når det går opp for folk at fjordane ikkje berre er kapra, men også dekka med avføring, får vi berre gjetta oss til. Framfor valet til Stortinget om ei veke kunne dette vera ei vinnarsak. Men dei politiske partia er tagale. Eit unnatak er SV-utsendingen frå Troms, Fylkesnes.  I same blad som Brox kvessa penna si, er SV-kollega Lars Haltbrekken intervjua. Han mumlar mest om vern av Lofoten.

Forfattaren Pablo Neruda (1904-1973) som fekk Nobelprisen i litteratur i 1971, døydde 12 dager etter attentatet mot Allende. Han rakk å skriva: “Allende ble myrdet fordi han hadde nasjonalisert Chiles annen naturrikdom, kobberet.” (Jeg tilstår at jeg har levet Gyldendal 1974:453)  

Oppdrettsnæringa kunne blitt ei velsigning for kystfolket, men no minnar utviklinga om det som hende i Latin-Amerika. Sentrale politikarar har dekt lakse-bordet for finanseliten. Kystfiskarar og naturvernarar har ei stor og felles kampsak å gå laus på. Til og med læstadianarane på kysten burde vakna. Oppsiktsvekkjande nok var fisk og oppdrett ikkje-tema under statsministerdebatten 29/8, i fiskerihovudstaden Tromsø! Difor:

Queremos el Mar, queremos Justicia!

Lik Nordnorsk Debatt på Facebook

På forsiden nå

Det er svært alvorlig at Tromsø kommunes administrasjon synes å prioritere gress og sykkel framfor effektiv fullverdig toveis kollektivfelt på Stakkevollveien.

0
59

Valget 2017 er historie og koalisjonsregjeringen mellom Høyre og FrP med støtte fra Venstre og Krf beholder trolig regjeringsmakten.

0
20