Vi kan stille krav til korleis reiselivsutviklinga skal skje.

Stadig fleire turistar finn vegen til Nord-Norge, særskilt i vintersesongen. Nordlys, snø og ikkje minst kval er viktige attraksjonar – det er reasons to go.  Reisande frå heile verda vil oppleve arktisk natur og kultur. Det gir store muligheiter. Men korleis sikrar vi at betalingsdyktige turistar vender attende? Kva er reasons to return? Reiseliv er i sterk vekst, og blir saman med fiskerinæringa ofte trekt fram som viktige satsingsområde mot ein mindre oljeavhengig økonomi.  Men norsk reiseliv har relativt lite gjenkjøp. Om reiseliv skal bli motor for lokal utvikling i nord, kan vi ikkje berre tilby ’once in a lifetime-opplevingar’. Vi må og legge til rette for at dei reisande vil vende attende, oppleve og lære meir av det Nord-Norge har å by på.

I samarbeid med reiselivsaktørar, m.a. Hurtigruten, har vi gjennomført forskingsprosjektet Reason to return for å finne ut korleis bedrifter kan auke gjenkjøp gjennom styrka innovasjonspraksisar og kvalitet. Vi har følgt både turistar og reiselivsbedrifter for å avdekke viktige faktorar for at dei reisande skal vende attende. Vårt viktigaste funn er at turistane ønskjer å kome til destinasjonar og attraksjonar som utviser og mobiliserer ansvarligheit – i møte med arktisk natur og kultur.

Turistane vi møter er gjerne høgt utdanna, har besøkt destinasjonar verda over og kan mykje både om nordlys, kval og klima i Arktis.  Dei er kunnskapshungrige, kritiske og kvalitetsmedvetne. Dei er opptatt av korleis folk og dyr har levd og lev her i dag – og av vilkår og visjonar for framtida. Mange er opptatt av klimaendringane og dei utfordringar verda står ovanfor – som  Arktis er blitt eit ’utstillingvindu’ for. Men medfører det ikkje og eit ansvar?

Vi kan forvalte dette ansvaret som ei muligheit. Med ei sterk oppblomstring i kvalturismen har vi heile verda si merksemd retta mot oss. Vi kan stille krav til korleis reiselivsutviklinga skal skje. For turistane vil ikkje berre kome tett på kvalen og ta spektakulære bilete. Dei er opptatt av å vise kvalen og omgjevnadene rundt respekt. Dei vil dra herifrå med sterke opplevingar, ny kunnskap og ei kjensle av å ha opptredd ansvarlig. Då vil dei kome attende.

Det er mange utfordringar knytt til eit ansvarlig reiseliv i nord, frå ”turistifisering” til CO2-utslepp. Samstundes som reiseliv kan bidra til ivaretaking av kultur og landskap, kan overbelastning bryte ned økosystem og lokale kvalitetar. Det ser vi i Lofoten, der reiselivsbedrifter, lokalbefolkninga og besøkande er uroa for at det skal bli for mange turistar. Auka turisme gir auka utslepp og bidrar til globale oppvarming. Det er mykje som kan gjerast på fleire nivå. Det er godt nytt at Hurtigruten leiar an med tiltak og ambisjonar for reiselivet i kjølvatnet av klimaavtalen i Paris, blant anna gjennom landstrøm og mål om elektrifisering på sikt. Vi kan starte omstillinga mot utslippsfrie reiser.

Ansvarlig turisme handlar og om korleis ein opererer i møte med natur og kultur. Det trengs kompetanse og gode retningsliner. Når det gjeld kvalturisme, har ein gjennom samarbeid mellom næring og forskingsmiljø arbeidd med retningsliner for å sikre møte som ikkje uroar og gjer skade på kvalen – som er sårbar når han tar seg inn i fjordane for å kalve og ete seg opp for ei lang ferd. Turistar som kjem for å oppleve samisk kultur, ønskjer ikkje å bli presentert for stereotypiane. Dei har gjerne besøkt andre ”urfolksattraksjonar”, indianarreservat eller pygmélandsbyar, opplevingar dei gjerne skulle vore forutan. Dei ønskjer ikkje samisk kultur på utstilling, men møte kor dei kan lære om kolonial historie, samtida og framtidas utfordringar og muligheiter.

På sitt beste meiner vi turisme kan bidra til å mobilisere ansvarligheit. Når turistar på kvalsafari opplev kompetente båtførarar og guidar, som lar kvalen flirte med båten og ikkje tvingar seg inn kvalflokken, opplev dei at dei er med på å utvise ansvarligheit. Sjeldan er vi så mottakelige for lærdom som i slike møte; dei ”gjer noko med ein”. Turistane opplev at dei ikkje berre står utanfor og observerer, men får eit ansvar for korleis naturen blir forvalta.

Det gjeld også i møte med lokal kultur og kunnskap. Når reinsdriftsfamilien Utsi tar imot turistar i lavvuen og fortel om samisk historie, tradisjonar og kva det vil seie å vere reindriftsutøvar i dag, opplev turistane at dei får ta del i viktige refleksjonar. Turismen gir muligheit for å artikulere og lære meir om eige historie, så vel som visjonar om korleis ein kan forvalte tradisjonane i eit moderne samfunn. Når ein får dette til, kan turisme bidra til å mobilisere sensitivitet for dei komplekse utfordringane vi står ovanfor. Som ein amerikansk turist uttalde etter eit besøk i lavvuen; ”Eg trur vi lærte noko viktig her, for å forstå verdas framtid”. 

Lik Nordnorsk Debatt på Facebook

På forsiden nå

Åpent brev til Stortingets Næringskomite om pliktsystemet for trålerne.

0
59

16. mai kom jeg over et innlegg av Christian Torseth, leder av Nei til EU Nordland. Et innlegg hvor han i 9 avsnitt tar ganske så feil. Dette er hvorfor. 

0
0