Frå ryggrad til blindtarm?

Norges Fiskarlag har tapt posisjonen som et redskap for kystfiskere i Nord-Norge, mener kronikkforfatter Gunnar Grytås.

Norges Fiskarlag er på veg til å bli ein organisasjon der kystfiskeflåten i Nord-Noreg for all framtid er dømt til å kome i mindretal. På landsmøtet nyleg var det vedteke at alt av fylkes- og regionlag skal vekk. I staden kjem tre gruppeorganisasjonar; Sør-Norges Fiskarlag, Nord-Norges Fiskarlag og havfiskeflåten under det relativt nye namnet Fiskebåt.

Vedtaket vart gjort mot røystene til fiskarane frå Nordland, Troms og Finnmark som bad om meir tid for å finne ein betre modell slik at dei ikkje skulle bli så totalt ribba for makt. Men dette vart avvist med 46 mot 23 røyster, og alt tyder no på at vedtaket blir endeleg stadfesta på landsmøtet i 2019. Slik vart den nye maktesløysa avdekka allereie no. Utan at så mange ser ut til å bry seg blir den flåtegruppa som ein gong var ryggraden både i fiskarlaget og kyst-Noreg redusert til ein permanent mindretalsfraksjon - eller ein blindtarm som rett og slett kan skjerast vekk om det blir for mykje verk?

For det stoppar neppe med dette. I havfiskeflåten trur dei at Norges Fiskarlag om ti år har flytta frå Trondheim til Oslo, og er heilt utan fylkes-, region- og gruppeorganisasjonar. Her ser nok Fiskebåt også for seg at dei sjølve har full kontroll både over kurs og fart, men utan å sei akkurat dette høgt. I kampen om makta i fiskarlaget har Fiskebåt også fått god drahjelp frå mange nye og store kystfartøy som har kjøpt seg maksimalt opp på strukturkvoter, og teke mobilitet, frysekapasitet og gjeld med seg over i havfiskeflåten. Dei fleste av desse er nordnorske. Det gjorde ikkje frustrasjonen på landsmøtet mindre.

Kampsakene er det nok av. Ein gong hadde fylkeslaga all makt i Norges Råfisklag. No må eigarandelane samlast inn og fordelast på nytt. I dei siste vekene har tildelinga av den såkalla «Hjeltnes»-kvoten i Mehamn reist viktige prinsipielle spørsmål. Ei endå ferskare sak er Klo-bruket i Vesterålen sin nye dispensasjon for eigarskap til eit stort kystfiskefartøy. Og i open gruppe i torskefisket har nokre tusen sjarkar kjempa seg fram til eit levebrød. Kva skjer dersom neste års kvote blir halvert?

Medan store deler av fiskeflåten i dag vassar i pengar, har Norges Fiskarlag dei siste 25 åra vore på ein knallhard slankekur. Det er ikkje noko nytt at landsmøtet må kutte hardt i stillingar, leggje ned fylkeslag og gruppeorganisasjonar, og redusere talet på tillitsvalde i alle styrande organ. Samtidig har tusenvis av medlemer svikta laget som i dag har samla inntekter på 46 millionar, medan det var 114 millionar (NOK 2016) i 1991.

For Norges Fiskarlag kom det som eit veritabelt sjokk då Høgsterett sommaren 1997 avsa dom i saka om den såkalla faglagsavgifta, reist av fem kystfiskarar mot Norges Råfisklag. Over natta mista laget det meste av inntektene sine fordi dei ikkje lenger kunne finansiere nye og gamle oppgåver med overføringar frå råfisklaget og dei andre salslaga. Dommen drog opp ei viktig grense: I medhald av råfisklova var salslaga monopol som alle fiskarar måtte betale ei avgift til for å bruke. Medlemsskap i Norges Fiskarlag, eller andre fagforeningar etter kvart som dei kom, var ei frivillig sak som måtte betalast av eigen lomme. Med dette stadfesta dommen fiskarane sin rett til fritt val av fagforening, og at dei ikkje kunne tvingast til å betale kontingent til eit fiskarlag og ein politikk dei ikkje kunne støtte.

Det som mange misnøgde fiskarar kalla ei tvangsavgift var blitt svært viktig for Norges Fiskarlag. Frå 1981 var den på 1,0 prosent av fangstverdien, og ti år seinare stod den ulovlege avgifta for 64,4 millionar av laget si totale inntekt på 67,9 millionar. Sjølv om avgifta vart redusert frå 1993 var den framleis viktig for fiskarlaget – men like ulovleg. Den mangla heimel i lov og forskrift, men dette hindra ikkje at vedtektene var godkjende av Fiskeridepartementet.

Spørsmålet om korleis bruken av ei ulovleg avgift til å finansiere eit fiskarlag som også var ein viktig forhandlingsmotpart til staten, er interessant. Vi må leggje til grunn at begge partar rundt bordet var klar over at departementet med eit pennestrøk kunne slå fiskarlaget konkurs – om dei ville. Årsaka til at det ikkje skjedde var at avgifta gav fiskarlaget økonomiske musklar som gjorde dei mindre sårbare i høve til kontigentnekt og medlemsflukt – for eksempel til det nye Norges Kystfiskarlag. Om staten og Norges Fiskarlag fann det nødvendig kunne dei i samarbeid styre politikken i ein retning som ikkje krevde brei støtte i fiskarstanden og på grasrota i laget.

Når så sterke økonomiske bindingar, med store summar og ulovlege pengar, kjem på forhandlingsbordet i andre land, kallar også vi det for korrupsjon. Og slik var det at den norske staten fekk sin «representative organisasjon i næringen å forholde seg til», slik Fiskeridepartementet skriv i eit internt notat 5.oktober 1992.

Med dette særeigne styrketilhøvet mellom fiskarlaget og staten fekk vi avtalen om langsiktig fordeling av fiskeressursane, med den omstridde «trålstigen» som resultat. I same kategori kjem inndelinga av kystflåten i eit A- og B-lag. Dei første med ein garantert fartøykvote på torsk som vart inngangsbiletten til privatisering og kvoteomsetning. På same tid  gjorde dei nordnorske fylkesfiskarlaga sitt beste for å stoppe Norges Kystfiskarlag på alle område. I staden satsa dei på kompromiss med havfiskeflåten i forhandlingar som var så harde at fiskarlaget meir enn ein gong heldt på å bli kløyvd i to. For tjue år sidan trudde dei fleste at det ville bli ei ulukke for kysten. I dag er det nok mange som meiner at det tross alt hadde vore ei betre løysing. 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

  

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Lik Nordnorsk Debatt på Facebook

Nordlys overvåker denne debatten kontinuerlig mellom kl. 07 og 24. Kommentarfeltet er nå stengt og åpner igjen kl. 07.00. Velkommen tilbake da!