Samisk sett frå eit språkhistorisk perspektiv

Forsking på samisk språkhistorie gjev eit anna bilete, med kanskje uventa konklusjonar, enn det som Kjell B. Mortensen og andre har presentert i det siste.

Det at forskingslitteratur blir tilgjengeleg via internett, utanfor universitetsbiblioteka, er ein god ting. Det føreset likevel at lesarane les teksten i samanheng, at dei les arbeida teksten byggjer på, og ikkje at dei berre plukkar dei sitata som passar til eige bruk.

I Nordlys 19.4.2017 skriv Kjell B. Mortensen innlegget “Urbefolkning i Troms og Finnmark – vi trenger en avklaring”. Eit sentralt premiss for konklusjonane hans er, eg siterer “Nyere finsk forskning viser at samene innvandret fra øst til søndre Finland rundt begynnelsen av vår tidsregning. Til nordre del av Finland kom de langt senere. Etter nasjonsdannelsen i Norge.” I eit tidlegare innlegg i februar har Mortensen referert til ”den finske forskeren Heikkilæ” som denne nyare forskinga.

Mikko Heikkilä skreiv i 2014 doktoravhandlinga “Bidrag till Fennoskandiens språkliga förhistoria i tid och rum” (avhandlinga er tilgjengeleg på nettet). Dei sentrale konklusjonane hans bygger på og er i samsvar med resultat frå anna nyare forsking på dette feltet (Jorma Koivulehto, Ante Aikio, Petri Kallio, Janne Saarikivi og Jaakko Häkkinen). Resultata desse forskarane har komme fram til dei siste tiåra har gjeve bidrag til å kaste nytt lys over forhistoria vår. Per Inge Østmoen sin konklusjon i eit svar til Mortensen ”hvem som kom først får vi aldri vite” er etter mitt syn for pessimistisk. På dette feltet har forskinga faktisk ein del sikre svar.

Problemet med Mortensen sin bruk av Heikkilä er at Heikkilä ikkje seier at samane kom til Finland ved byrjinga av tidsrekninga vår, og til Nord-Finland langt seinare. Tvert i mot hevdar han (s. 268) at det vest-uralske urspråket kom til traktene rundt Finskebukta ca. 1900-1500 før vår tidsrekning).

Kjell B. Mortensen sine konklusjonar har dermed ikkje dekning i forskingslitteraturen, verken hos Heikkilä eller hos andre. Heikkilä seier t.d. eksplisitt (s. 135) at det ikkje finst støtte i avhandlinga hans for å stille spørsmålsteikn ved “samernas status som ursprungsbefolkning” etter ILO-konvensjonen.

Konsensusen som står fram i arbeida til forskarane sitert ovafor er at språket finsk og samisk stammar frå vart snakka i området rundt Finskebukta før vår tidsrekning. Heikkilä tidfestar sentrale samiske stadnamn i nord til ikkje eldre enn tida rundt byrjinga av vår tidsrekning (t.d. namna Háldi, Ráigegáisi, jf. Heikkilä 2014 s. 134-135), og ikkje i mellomalderen (800 - 1300), som Mortensen hevdar. Andre forskarar, som Aikio, legg tidfestinga til siste halvpart av årtusenet før vår tidsrekning. Heikkilä har etter mitt syn gode argument for synet sitt, men det er ikkje mange hundreår som skil dei. Heikkilä og Aikio er så samd om at samisk må ha komme hit ikkje seinare enn ca. år 500-600, dvs. for 1500-2000 år sidan. Jf. Ante Aikio “An essay on Saami ethnolinguistic prehistory”, 2012 s. 86, som viser at særleg stadnamn og ord for nordleg fauna er lånt inn i samisk frå eit no utdøydd språk, i tidsperioden før overgangen frå urnordisk til gammalnorsk.

Det at samisk vart snakka i det nordlege Fennoskandia først for to tusen år sidan, dvs. seinare enn ein del språkhistorikarar tidlegare har gått ut frå, inneber likevel ikkje at nordgermanske folk “kom først”. Det finst både urgermanske og eldre indoeuropeiske lån i ursamisk, men desse låna finst også i uraustersjøfinsk, altså i det felles vest-uralske urspråket. Det som derimot finst i ursamisk, men ikkje i same grad i uraustersjøfinsk, er ord utan samsvar verken i andre greiner av uralsk eller i indoeuropeisk . Pekka Sammallahti drøftar desse orda (i ”The Saami languages”), og Ante Aikio viser at dei utgjer 1/3 av det rekonstruerte ursamiske ordforrådet (jf. m.a. sentrale ord som t.d. atnit 'å bruke', bivvat 'å halde varm', čáhppat 'svart', uhcci 'liten'). Dette er i samsvar med ein modell der det ekspanderande ursamiske språket blanda seg med språket til eit folk i det nordleg Fennoskandia som tidlegare har snakka eit anna språk, i slekt verken med germansk eller med uralsk, og der dagens samar er etterkommarar av dette folket. Sjølv om samisk ikkje har vorte snakka her i meir enn 2000 år betyr det ikkje at det var norsk som vart snakka her tidlegare. Tvert i mot snakka folka her då andre språk fram til dei skifta til samisk, språk vi i dag ser spor av i dei samiske språka.

Fast norskspråkleg busetjing fekk vi i dette området langt seinare. Ei nærare tidfesting av dette vil eg overlate til historikarane, men frå eit språkleg synspunkt er det klårt at dei norske dialektane frå Troms og vestover skil seg frå andre norske dialektar på ein måte som er i samsvar med at eit språkskifte til norsk har skjedd først etter gammalnorsk tid. Rett nok har nordiskspråklege kjent til desse områda, det finst samiske namn som er lånt inn frå urnordisk, men dei norske dialektane i området er av nyare dato.

Det at forskingslitteratur blir tilgjengeleg via internett, utanfor universitetsbiblioteka, er ein god ting. Det føreset likevel at lesarane les teksten i samanheng, at dei les arbeida teksten byggjer på, og ikkje at dei berre plukkar dei sitata som passar til eige bruk. Folk som er interessert i etnohistoria på Nordkalotten bør absolutt lese Heikkilä, men dei bør også lese litteraturen Heikkilä viser til, i vår samanheng særleg Aikio, i og med at Heikkilä sitt hovudfokus ligg på utforskinga av sørgrensa av det samiske språkområdet (kor lenge samisk har vorte snakka i Sør-Finland), der Aikio 2012 har fokus på nordgrensa (når samisk vart teke i bruk i nord). Skulle nokon vere frista til å hevde at samisk språk kom til Nord-Noreg seinare enn perioden 0-500, må dei også påvise at Heikkilä og Aikio tar feil, og kome med alternative analyser av datamaterialet og den språkhistoriske kronologien dei legg fram. Det er framleis uklåre spørsmål i dette biletet, som t.d. om skilnaden mellom orda av ukjend opphav vi finn i t.d. sør- og nordsamisk kan tyde på at det har vorte snakka ulike før-samiske språk i dei nordlege og sørlege delane av det samiske språkområdet. Interessant som dette er i seg sjølv, har det mindre relevans for politiske spørsmål som t.d. språklege rettar for samane av i dag.  

Lik Nordnorsk Debatt på Facebook

Annonse
Her er du velkommen til å debattere saken videre. Men tenk gjennom hvordan du vil framstå og hvilke uttrykk du bruker. En liten huskeregel: Ikke skriv noe som du ikke kunne ha ropt ut på torget med mange tilhørere. Du må bruke fullt navn - falske profiler blir utestengt. Hold deg til saken, vis respekt og stor raushet overfor andre. Trakassering, trusler og hatske meldinger slettes.

Med vennlig hilsen Guttorm Pedersen, debattredigerer

Annonse