Illustrasjonsfoto: Robin Røkke Johansen

Sjødeponi er ressurssløsing!

Når gruveselskapa i dag vurderer det som mest lønsamt å utnytte ein liten del og kaste resten, skuldast det at norske politikarar vil ha det slik

Klarsignalet frå regjeringa til rutilgruve i Engebøfjellet med dumping av rundt 300 000 000 tonn avgang i Førdefjorden, har ført til skarpe reaksjonar frå mange hald. Ei rekke innlegg i media, bl.a. Hans Ebbing sin utmerka kronikk i Klassekampen 15.04. har sett søkelyset på forureininga dette vil føre til. Fleire har og plukka frå kvarandre tilhengarane sitt hovudargument om arbeidsplassar og lokal utvikling. Men det er eit moment i denne saka som har fått lite merksemd: Noverande planar for gruvedrift ved Førdefjorden og Repparfjorden er planar for ei gigantisk sløseri med verdfulle ressursar.

I Engebøfjellet skal det takast ut eklogitt, som her har omlag 4 % rutil og 30 % granat. Granat kan brukast til sliping, sandblåsing, vassjetskjæring og vassreinsking. Nordic Mining skal ta vare på rutilen og omlag like mye granat, bruke 8 % og kaste 92 %. Det aller meste av granaten skal altså ikkje utnyttast, men for all framtid gjørast utilgjengelig på botnen av Førdefjorden, i lag med jernmalm, kvarts og andre nyttige mineral.

I Vestfold har Kodal Mining søkt om å få ta ut fosfor og jern. Her er eit innhald av titanmalm dobbelt så stort som i Engebø, men denne skal ikkje utnyttast. Den eine gruva skal ta ut titan og kaste jern, den andre skal gjøre omvendt.

Til Repparfjorden i Finnmark har Nussir ASA søkt om å få slippe ut  2 000 000 tonn årlig i kanskje 50 år framover. Her skal omlag 97 % av malmen gå på sjøen, 2 % blir avfall ved eit smelteverk og bare 1 % blir brukt.

Dei siste åra har det vore leita mye etter gull, og ein vil ta ut dette der det utgjør eit par milliondelar av berget. Langt over 99,99 % blir avfall som må lagrast på land eller i sjøen. .          

Selskapa bak mineralsatsinga framstiller det som det bare finst to alternativ: Sjødeponi og landdeponi. Røynslene frå Titania syner at landdeponi ikkje er eit alternativ å trakte etter. Miljømessig er det einaste som kan vere akseptabelt å utnytte fleire av minerala, evt. i kombinasjon med tilbakefylling i gruver.

Avgang kan i stor grad utnyttast til byggemateriale, anten direkte til utfylling av hamner, diker, flyplassar osv. eller som bestanddel i betong, murstein, keramiske flisar, asfalt osv. Dette kan delvis gjørast med avgang frå dagens produksjonsmetodar, men det er betre om ein legg om heile utvinnings- og oppreiingsprosessen ut frå at alt skal brukast, og i staden for flotasjon med kjemikaliar skil minerala frå kvarandre med tørrprosessering. Her er fleire prosessar under utvikling, både elektrisk ekspandering med høge straumpulsar, bruk av luftkanoner, syklonar og tyngdekraftseparatorar. Da vil ein kunne skilje ut forskjellige mineral som kan utnyttast og samtidig unngå forureining frå flotasjonskjemikaliar.

Felles for desse alternativa er at forsking og utviklingsarbeid har svært dårlige kår, det er ikkje prioritert verken av gruveselskapa, Norsk Bergindustri eller staten. Mens institusjonar som vil forske på desse metodane får avslag, sløser Norges Forskningsråd 28 mill. kr. på forsking på grønvasking av sjødeponi.

Bruk av avgangsmateriale er ikkje fantasi frå miljøaktivistar. Dei er vitskapelig fundert i forskingsinstitusjonar som Sintef, og ei rekke alternativ er utgreidd på oppdrag av gruveselskap som Nordic Mining og Nussir. Men desse selskapa vil ikkje gjøre noko med det, så lenge kombinasjonen av forventa marknadsprisar og dei politiske og økonomiske vilkåra som styresmaktene legg gjør at dei trur det blir meir lønsamt å dumpe alt i sjøen.  

Rundt om i Noreg ligg millionar av tonn med gruveavgang i tilgjengelige landdeponi og i grunne innsjøar. Desse inneheld store mengder mineral som kan utnyttast, både metallmalmar, industrimineral og gode byggemateriale. Med å utnytte dette kan ein rydde opp etter gamle synder og samtidig spare naturen for nye inngrep. Det har vore gjort forsøk på utnytting av avgangen frå Grong gruver, men så langt har det vore vanskelig å finansiere. Verken frå politikarar, mineral- eller miljøforvaltning er det synderlig interesse for dette.

Uansett kor mye og lite der er av skadelige stoff i avgangen til Bøkfjorden, Førdefjorden, Repparfjorden, Dyngadjupet og andre fjordar, står det fast at all dumping i sjø er eit gigantisk sløseri med ressursar som Noreg og verda treng. Ofte er desse ressursane minst like nyttige som den lille prosenten eller promillen som spekulantane i augneblinken trur det er pengar å tene på.

Når gruveselskapa i dag vurderer det som mest lønsamt å utnytte ein liten del og kaste resten, skuldast det at norske politikarar vil ha det slik. Den norske mineralstrategien er einsidig basert på sjødeponi og det ikkje skal finnast alternativ. Kor er den “kunnskapsbaserte forvaltninga” når forskingsinstitusjonane ikkje blir hørt?

Regelen om “forureinar betaler” gjeld ikkje for norsk mineralnæring, ein kan bryte ut malm gratis og dumpe gratis utan å vere ansvarlige for verknadane. Andre land, som Storbritannia, Polen og India har her ein langt meir ressursvennlig politikk enn Noreg.

Dagens politikk er ikkje verdiskaping, men verdivraking. Historiebøkene vil minnest dette med lita ære. 

Lik Nordnorsk Debatt på Facebook

Her er du velkommen til å debattere saken videre. Men tenk gjennom hvordan du vil framstå og hvilke uttrykk du bruker. En liten huskeregel: Ikke skriv noe som du ikke kunne ha ropt ut på torget med mange tilhørere. Du må bruke fullt navn - falske profiler blir utestengt. Hold deg til saken, vis respekt og stor raushet overfor andre. Trakassering, trusler og hatske meldinger slettes.

Med vennlig hilsen Guttorm Pedersen, debattredigerer