Cederique Augustave Lovasoa er ikkje berre ein god student. Han er og flittig, og gjennom å jobbe ved sida av studiane har han forsørga seg sjølv og har ikkje vore verken det norske samfunnet eller nokon annan til byrde. UDI har i denne saka mista eit kvart begrep om sunn fornuft, skriver Pål Julius Skogholt. FOTO: ANDREAS NILSEN TRYGSTAD / NRK TROMS

Skal ikkje hardt arbeid lønne seg?

I Tromsø har vi mange flinke studentar. Ein av dei heiter Cederique Augustave Lovasoa. Han er frå Madagaskar og er i ferd med å avslutte ein Master i International Fisheries Managment, som han har tenkt å bruke til å vere med å utvikle Madagaskar når han er ferdig med studia.

Han er ikkje berre ein god student. Han er og flittig, og gjennom å jobbe ved sida av studiane har han forsørga seg sjølv og har ikkje vore verken det norske samfunnet eller nokon annan til byrde.

Men for å få studieopphold i Noreg må du kunne vise til at du har pengar på konto. Derfor lånte han den summen pengar som han trengte for å få studentvisum. Det er heilt greitt og innafor regelverket. Når det viste seg at han klarte seg sjølv gjennom deltidsarbeid ved sida av studiane, så betalte han tilbake dette lånet.

Dette, som ikkje viser noko anna enn at Cedrique er flittig og arbeidssam fekk UDI til å gå bananas og miste eit kvart begrep om sunn fornuft. Fordi han betalte lånet tilbake, så fann UDI ut at han hadde lurt oss! Det er jo heilt vanvittig. UDI vil no kaste han ut to månader før han er ferdig med masteren og uansett skulle reise heim.

Heldigvis har han tatt saka til retten, og eg er utruleg stolt av at vårt universitet, Universitetet i Tromsø, har bestemt seg for å dekke kostnadane med saka. Det viser at UiT tar vare på studentane sine, og tar ansvar for både fornuft og å rette opp i urettferdighet.

Innlegget vart først publisert på www.skogholt.org

Lik Nordnorsk Debatt på Facebook

Annonse
Her er du velkommen til å debattere saken videre. Men tenk gjennom hvordan du vil framstå og hvilke uttrykk du bruker. En liten huskeregel: Ikke skriv noe som du ikke kunne ha ropt ut på torget med mange tilhørere. Du må bruke fullt navn - falske profiler blir utestengt. Hold deg til saken, vis respekt og stor raushet overfor andre. Trakassering, trusler og hatske meldinger slettes.

Med vennlig hilsen Guttorm Pedersen, debattredigerer

Annonse