Bildet er tatt i Nuvsvåg i Loppa kommune.

Spelet om regionen

Namnet er det mest synlege i spelet.

Korleis skapa regionar som gjennom støtte frå staten realiserer regionens spesifikke muligheter for vekst; og korleis få til regional planlegging som inkluderer distrikta  i dei store byanes vekst?  Regionreformen  burde handla om det, og vi er blitt invitert til å svara på dette. I staden er det blitt eit spel der dei eg trudde var mot regionalisering  leverer meldingar med gode argument for. Og der dei eg trudde var for regionalisering, er blitt mot når sjansen til å regionalisera er der.

Regjeringa har levert to stortingsmeldingar. Begge meldingane er meir enn noen region – og regionalmeldingar før forankra i EUs politikk for regional utvikling, dvs. politikk som skapar nasjonal vekst gjennom regionalt forankra vekstprosessar. 

Begge meldingane er gode og dei legg eit godt grunnlag for ein debatt også om regiongrenser. Ein sterk region krev sterke aktørar og leiarskap, og det er avgjerande at dei store byane (som Tromsø) inngår i sterke framtidsregionar.  Det er imidlertid minst to delar av regjeringa sin regionpolitikk som ikkje er gode bidrag. Det eine er den manglande tilliten til dagens regionnivå utrykt gjennom sterke reduksjonar av regionale utviklingsmidlar.  Det andre er at dei nye regionane framleis skal heita fylkeskommunar, visstnok fordi det er for mye arbeid for staten å endra 77 lovdokument.

Likevel, kunne vi venta meir offensive meldingar frå politikarar i og frå nord. Her er eit rom,. Fordi om vi spelar dette til departementa blir det inga regionalisering. At Arbeidarpartiet seier nei fordi det manglar ei statleg oppskrift på regionaliseringa. I den tradisjonen er det staten som regionaliserer eller delegerer. Vi veit det blir lite.

I Finnmark har fylkestinget sagt nei.  Utan å påstå å ha lese alle papir, vil eg  påstå at politikarar i Finnmark og støttespelarar nasjonalt i stor grad vektlegg  avstandar i kombinasjon med været, som gjer  tilgjenge til fylkeskommunens administrasjon vanskeleg. Eg har sidan 1985 i «embets medfør» vore med i meir enn 100 møte i Vadsø om regional utvikling. Reisene har tatt tid, men eg har aldri tenkt at avstanden har vore verken argument mot eller for  regiongrensene.  Derimot har eg ofte tenkt om vi på desse møta har hatt nok å jobba med, og om vi  har hatt nok muligheter å spela på for å realisera dei.

Eg har heller ikkje sett Finnmark fylkeskommune sitt utmerka regionale utviklingsprogram (RUP) nemnd i denne debatten. Kvifor stiller ingen spørsmålet om regionreformen aukar eller minskar mulighetene for å realisera programmet? Eg har heller ikkje sett det regionale utviklingspartnarsskapet i Finnmark nemnd i denne debatten – er dette partnarskapet godt nok for å ta den rolla vi blir utfordra å ta?  Er det blitt mindre eller meir vitalt og eigna med åra? Vil eit partnarskap i ein  ny og større region som inkluderer Tromsø kunne ta eit sterkare grep? Mange bedrifter i Finnmark t.d. har for lengst sett  det siste poenget når dei arbeider med si utvikling.

I staden er politisk skyts retta mot offentlege institusjonar som ikkje er styrt av folkevalde på regionalt nivå, men av offentleg oppnemnde styrer. Desse sentraliserer, det går utover Finnmark og styra høyrer ikkje på dagens fylkeskommunar. Dette må då visa at dagens regionnivå er så svake og uinteressante at det dei seier ikkje vektleggest av dei statleg oppnemnde styra. Einaste håpet er vel da å gjera den regionale stemma sterkare? Regionens eiga geografiske organisering styres  av fylkeskommunen uansett kor stor den er. Det kan også sjå ut som om  nedlegging blir forveksla med endringar. Universitetet får t.d. gjennomgå i denne debatten, samstundes som det er godt dokumentert at det i Finnmark har fått til satsingar  vi ikkje ville fått til åleine.

Men her manglar også andre stemmer. Reformen bygger på at dei veksande byane blir aktivt inkludert i regionale strategiar, dvs. at den nye sterkare regionen vil bestemma meir over kva Tromsø enn dagens Troms. Vil Tromsø det? Eller vil det bli konkurranse? Bergen og Stavanger var skeptiske til den opphavlege vestlandsregionen fordi dei var redde den regionen ville binda dei opp. Oslo er glade dei slepp.

Namnet er derimot det mest synlege i spelet.  Inntrykket der er at vi  ser mot fortida og etablerte identitetar, framfor mot kva funksjonar den nye regionen bør ha.  Den nye regionen må forvalta historia, men gjennom namnet?  Vi vil uansett namn vera finnmarkingar med det dette inneber av historie og identitetar for den enkelte av oss. Namnet må svara på muligheten som ligg i det regjeringa alt har sagt om den spesifikke rolla denne regionen skal ha i nord. Regionen må derfor heita Norges arktiske region, det vil markera oss som ein satsande region i Arktis som sit med nøkkel til mange av dagens globale utfordringar.

Vi veit alt om avstandar og om været.  Som innbyggjar vil eg høyra noe eg ikkje veit.  Regjeringa lanserer nytt innimellom her, men vi ser alt for ofte at politikk frå nord ikkje svarar på invitten. Det lettare å sjå mot eit statleg protektorat der politikk handlar om å ropa høgast og klarast, der er vi gode. Eller å ta rolla som periferisatellittar som kranglar innbyrdes om kven som er mest attraktive for store private og offentlege organisasjonar, der er vi også gode. Men er alternativa til regionalisering eigentleg interessante, og er det i slike posisjonar vi ønskjer spelet skal avsluttast?

 

 

 

 

 

Lik Nordnorsk Debatt på Facebook

Her er du velkommen til å debattere saken videre. Men tenk gjennom hvordan du vil framstå og hvilke uttrykk du bruker. En liten huskeregel: Ikke skriv noe som du ikke kunne ha ropt ut på torget med mange tilhørere. Du må bruke fullt navn - falske profiler blir utestengt. Hold deg til saken, vis respekt og stor raushet overfor andre. Trakassering, trusler og hatske meldinger slettes.

Med vennlig hilsen Guttorm Pedersen, debattredigerer