Den nye Stakkevollvegn må (i priorietert rekkefølgje) sikre at bussane får rangen, den må sikre trygge og effektive vegar for dei som går og syklar, og den må sikre tilgang til forretningar og bustader langs vegen med bil, skriver Pål Julius Skogholt. Illustrasjon: Tromsø kommune

Stakkevollvegen kan ikkje bli ein motorveg

Det aller viktigaste når vi no skal oppgradere Stakkevollvegen er å sørgje for at bussane kjem fram.

Eg meiner vi sikrar dette best med ein femfeltsveg med to kollektivfelt, sykkelfelt, fortau og eit felt som er einvegskøyrd for anna biltrafikk.

 

Det betyr at vi må ha kollektivfelt i begge retningane langs heile vegen. Det betyr likevel ikkje at vi må bygge ein firefelts motorveg. Vi må sikre ei løysing som gjer at både dei som skal gå og dei som skal sykle langs denne strekka kan komme seg fram på ein effektiv og trygg måte.

I debatten om Stakkevollvegen er det nokre viktige fakta vi må ha klart for oss:

  1. Vi har ikkje ubegrensa plass til å bygge veg. 19,5 meter skal breidda vere, men mange stader må vegen bli smalare.

  2. Området nedanfor Stakkevollvegen er eit omdanningsområde. I løpet av dei neste 20 åra blir det mellom 10-20 000 nye innbyggarar som skal bu her.

  3. Det var ei føresetning frå Stortinget si side då vi fekk halde fram med bensinavgifta (som skal finansiere dette) at det skulle bli gode tilhøve for dei som skal sykle langs vegen.

  4. Alle bilar som skal gjennom området kan køyre tunnelen. Stakkevollvegen treng ikkje dimensjonerast for gjennomgangstrafikk.

Den nye Stakkevollvegn må (i priorietert rekkefølgje) sikre at bussane får rangen, den må sikre trygge og effektive vegar for dei som går og syklar, og den må sikre tilgang til forretningar og bustader langs vegen med bil.

Eg meiner vi sikrar dette best med ein femfeltsveg med to kollektivfelt, sykkelfelt, fortau og eit felt som er einvegskøyrd for anna biltrafikk. Det er sjølvsagt nokre utfordringar med ei slik løysning, for det finst ingen perfekte løysningar her, det har vi ikkje plass til. Den største utfordringa er at det kan bli naudsynt med ei omkøyring gjennom tunnelen for å nå forretningar langs vegen. Eg meiner likevel dette er den løysing som best tar vare på dei behova som finst langs vegen. Vi kan eventuelt opne eit av kollektivfelta for næringstrafikk i periodar av dagen for å sikre levering til næringsliv og forretningar langs vegen.

Alternativet er å bygge ein veg der det ikkje er mogleg å sykle. Ein kunne tenkt seg å kanalisere sykkeltrafikken gjennom Gulengvegen/Langsundvegen. Det vil kreve omfattande ekspropriering for å lage ein samanhengande sykkelveg. Det kan og tenkast at får ein samanhengande sykkelveg gjennom området nedanfor Stakkevollvegen. Men det tar fort både 15 og 20 år før det er klart. Når det har skjedd kan vi eventuelt vurdere å gjere om vegen til ein firefeltsveg. Einvegskøyring av Stakekvollvegen kan og bli mindre problematisk om vi opnar opp eit nytt tunnelinnslag ca midt på vegen. Då blir eventuelle omkøyringar kortare.

 

Lik Nordnorsk Debatt på Facebook

Annonse
Her er du velkommen til å debattere saken videre. Men tenk gjennom hvordan du vil framstå og hvilke uttrykk du bruker. En liten huskeregel: Ikke skriv noe som du ikke kunne ha ropt ut på torget med mange tilhørere. Du må bruke fullt navn - falske profiler blir utestengt. Hold deg til saken, vis respekt og stor raushet overfor andre. Trakassering, trusler og hatske meldinger slettes.

Med vennlig hilsen Guttorm Pedersen, debattredigerer

Annonse