Det verkar ikkje som om det er undersøkt godt nok kva konsekvensar det vil ha for lokal kunnskap om arkiva i dei ulike regionane, og heller ikkje kva det vil ha å seie for brukarane om «forvaltningsbenet» vert vektlagt.

I Nordnorsk debatt onsdag 11. november skreiv tidlegare riksarkivar Ivar Fonnes og John Herstad om den føreståande omstruktureringa i Arkivverket, og som masterstudent bekymrar situasjonen meg.

Sant nok så treng Arkivverket å områ seg til den nye tida, og dei nye digitale dokumenta av i dag treng å setjast i fokus. E-arkiv og digitalt arkivmateriale gir Arkivverket ein stor og utfordrande jobb i åra som kjem. Likevel må ein ikkje gløyme kva funksjon Statsarkiva har rundt om i regionane i Noreg. 

Arkivverket og Statsarkiva har ei viktig oppgåve i samfunnet. Dei forvaltar dokumentarven vår, og passar på at nye dokument ikkje vil gå tapt for ettertida. Saman med musea og biblioteka er dei det kollektive minnet åt samfunnet. Utan Arkivverket hadde historisk forsking vorte vanskeleg; det er ein hjørnestein dei fleste historikarar og masterstudentar ikkje klarar seg utan.

Det første som slår meg er korleis eit sentralt styreledd i Oslo vil kunne forstå kva arkivmateriale og kva tiltak som er viktige å gjera i dei forskjellige regionane i Noreg. Det er store regionale forskjellar i landet vårt; det er tross alt eit langstrekt land vi bur i. Då vil eg meine lokal kunnskap om området ein skal forvalte dokumentarven til er viktig. Ei lokal leiing med kunnskap om lokale forhold vil lettare kunne ta avgjersler som er til nytte for sin region.

Stavanger viser til Norsk olje- og gassarkiv som dei har bygd opp. I Tromsø kan ein vise til arkivet etter Riddu Riđđu-festivalen. Lokal legitimitet er viktig for at aktørar i næringslivet skal kunne gi frå seg lokal kultur til forvaltning for ettertida. I tillegg vil ei lokal leiing ha større forankring og tyngde i møte med potensielle samarbeidspartnerar om avtaler om arkivoppbevaring. Dersom Statsarkiva sluttar å eksistere som autonome einingar, har dei ikkje same spelerom for strategiske satsingar i regionen, og heller ikkje til å prioritere regionen sine interesser.

Eit ønskje frå regjeringa er at offentlege institusjonar skal minske byråkratiet, men dersom dei forskjellige arkiva skal kunne setje i gang prosjekt, må dei med ny struktur få godkjenning frå ei sentral leiing, noko som vil bety meir papirarbeid og at nye prosjekt kan komme i gang for seint.

Førstearkivar i Stavanger, Torkel Thime, kallar Statsarkvia for «lyttepostar» i dei ulike regionane. Vil dei framleis vere like gode lyttepostar når dei ikkje sjølve kan bestemme kva dei skal arbeide med?

Morgenbladet (6. november «Alarm i arkivet») skriv at leiinga i Arkivverket vil legge større vekt på «forvaltningsbenet» enn på «formidlingsbenet». Ja, forvaltning av dokumentarven er viktig, og at dokumenta vert take godt vare på for ettertida er også viktig. Men eg vil meine formidling av kva som finst i arkiva er like viktig. 

Dersom arkiva ikkje kan formidle kva type dokument og skjulte skattar som kan gøyme seg i hyllemeter på hyllemeter, så er det jo nesten ikkje vits i å ta vare på desse hyllemetra lengre.

Det som ikkje vert brukt, vert borte frå hukommelsen uansett. Å setje søkelys på ulike delar av arkivet ein har, vert viktigare og viktigare. Ein kan ikkje tenkje så einsidig om Arkivverket at det berre er forvaltning som skal vera styrande.

Riksarkivar og økonom Inga Bolstad meiner at tenestene i den nye organisasjonen vil bli meir heilskaplege med klarare mål og sterkare fagmiljø. Mange av hennar ønskje om omstrukturering ser for meg ut til å vera ei dårleg vidareføring av 1980-talet si New Public Management bølgje, og ei einsidig vektlegging på nyliberalistiske marknadsidear. Det å gjennomføre ei slik omstrukturering etter berre eitt år i jobben, er hastverk.

Fleire har uttrykt ei bekymring for at det kjem til å bli ei nedbemanning av tilsette, der lokal kunnskap vert borte og at det ikkje vil finnast tilsette på arkivet lengre som kan gi forskarar den nødvendige informasjonen og tilgangen på arkivmaterialet. Studentar som skal kaste seg ut i masterskriving, og forskarar forøvrig, har ikkje tid til å sette seg inn i systemet til Arkivverket. Vi er veldig avhengige av god hjelp, og her er også leiinga på Statsarkiva viktige.

Det har også vore tale om «et utvalg betalingstjenester». Studentar er avhengige av gratis tilgang på forskingsmateriale. Ei betalingsteneste vil i verste fall stenge ute unge og uetablerte forskarar som manglar tilstrekkeleg finansiering. Studentar kjem inn under denne gruppa. Greitt nok at ei løysing der dokument vert scanna og sendt elektronisk utan at ein fysisk treng å møte opp i eit arkiv vil kunne spare ein pengar, men det er ikkje alltid så lett å vite kva dokument ein eigentleg treng.

Ofte må ein sette seg ned og bla seg gjennom fleire hyllemeter med arkivmateriale for å finne eit par dokument som kan vera interessante for eiga forsking. Kva med gratisprinsippet? Utdanning på grunnskulen og vidaregåande skule er gratis. Det er heldigvis ikkje skulepengar på norske universitet og høgskoler enno, men å innføre ei belastning på studentane er noko dei ikkje treng.

I tillegg kostar det allereie staten mykje å drive med grunnforsking, så om statlege institusjonar no skal pålegge andre statlege institusjonar å betale for tenester, går vel vinninga opp i spinninga. Med betalingstenester kan ein skape eit skilje mellom dei som har råd og dei som ikkje har råd til å kjøpe seg tilgang.

Det vil kunne forskyve historisk forsking frå å vera eit mangfaldig område som både amatørforskarar, lokalhistorikarar, slektsforskarar og studentar bruker til ein elitebasert forskingsdisiplin der berre etablerte forskarar og professorar på store institusjonar får tilgang til arkivmaterialet. La oss håpe det aldri vert slik.

Det verkar som prosessen har gått for fort. Fleire saknar ei utgreiing og analyse av konsekvensane av ei slik omstrukturing. Det gjer eg også. Det verkar ikkje som om det er undersøkt godt nok kva konsekvensar det vil ha for lokal kunnskap om arkiva i dei ulike regionane, og heller ikkje kva det vil ha å seie for brukarane om «forvaltningsbenet» vert vektlagt.

Ei inkludering og undersøking blant brukarane til Arkivverket hadde vore nyttig for å vite kva dei ser på som viktig i møtet med forvaltarane av dokumentarven. Å skulle gjennomføre ei slik omstrukturering allereie frå 1. januar 2016, utan ei utgreiing av konsekvensane, vil eg også kalle med Torkel Thime sine ord: «halsbrekkende».

Eg vil takke Ivar Fonnes og John Herstad for ein oppvekkar. No har masterstudentane hive seg inn i debatten, eg ønskjer at også fleire brukargrupper enn historikarar hiv seg med. Kva meiner juristane og journalistane? Kva meiner folket?

Statsarkivet i Tromsø og Statsarkiva elles i landet bør ikkje slutte å vera autonome einingar i Arkivverket. For masterstudentane er dei gull verdt som samlarar av lokal kunnskap og sit på forskingsmateriale til utallige masteroppgåver. Dei er viktige som regionale «lyttepostar», og bør fortsetje å vera det i all overskodeleg framtid.

Lik Nordnorsk Debatt på Facebook

På forsiden nå

Når man skal gjøre opp med fortiden, behøver man ikke gå seg vill i egen samtid.

5
127

Tidligere sametingspresident, Ole Henrik Magga, sier til Nordlys at det ikke er behov for egen granskingskommisjon av fornorskingen. Han begrunner det med at fornorskingen og dens skader er allerede grundig dokumentert, og at samene har fått et vern i grunnloven.

2
207