Når Nordlys ønsker seg ein storkoalisjon mellom AP og Høgre i kommunespørsmålet, er det å late som om dette spørsmålet ikkje handlar om interessemotsetningar. Men det er ikkje tvil om at den finmaska kommunestrukturen bidrar til å styrke bosetting og næringsliv utanfor storbyane, skriver Nils Aarsæther. Bildet viser Nordlys' lederartikkel 24. januar.

«Storkoalisjon» for kommunesamanslåing?

Gjennom meir enn tre år har Nordlys raust gitt spalteplass til innlegg som kritiserer regjeringa sin kommunereform. Det er vel og bra, men når Nordlys-redaksjonen sjøl kjem med sitt syn, er det som om statsråd Sanner har utplassert eit ekko-kammer i nord. Nordlys gjentar til det keisame at det trengs kommunesamanslåingar fordi den noverande kommunestrukturen er lite «formålstjenlig» og at samanslåingar må gjennomførast «ut fra regionale hensyn». At nokon ordlegg seg på denne måten i år 2017 er nokså merkeleg. For allereie på 1960-talet møtte debattantar som påberopte seg objektiv viten om «det formålstenlege» motbør: Skarpe kritikarar som Ottar Brox og Jon Hellesnes kunne på sakleg vis opplyse at det ikkje finst noko slikt som samfunnsmessige og historiske nødvendigheter. Både den enkelte og samfunnsinstitusjonar foretar valg og kan påvirke utviklingsretninga. Bak vala ligg det verdisyn. Og eikvar endring vil ha ujamne fordelingsverknader – eit tiltak kan vere til fordel for ei gruppe, men vere til  ulempe for andre.

Når Nordlys ønsker seg ein storkoalisjon mellom AP og Høgre i kommunespørsmålet, er det å late som om dette spørsmålet ikkje handlar om interessemotsetningar. Men det er ikkje tvil om at den finmaska kommunestrukturen bidrar til å styrke bosetting og næringsliv utanfor storbyane. Med svekka busetting og næringsliv i distrikta vil dei sosiale forskjellane blitt større her til lands. Utan ein folkevald infrastruktur tett på distriktsnæringane vil vi sannsynlegvis få like stor arbeidsløyse som i resten av Europa, med dei sosiale problema det fører med seg. «No problem» for dei velbemidla, som kan låse seg inn, med sine familiar, i beskytta bustadområde. Men ei kampsak for AP? Neppe.

Satt på spissen: Slår vi saman kommunar, er det til fordel for dei som vil jobbe fram privatiserte velferdstenester, og til ulempe for folk som vil gjere seg gjeldande gjennom demokratisk deltaking. Samanslåingar gir ingen økonomisk gevinst for samfunnet i det store og heile, og det er ikkje påvist korleis samanslåing skal gjere den aldrande befolkninga i ytterdistrikta yngre.

Det er ei ærleg sak å ønske seg slutt på (stats)støtten til småkommunar og at folk i enda større grad blir konsentrert i byar og regionale sentra. Men då må ein tørre å seie dette, istaden for å gjømme seg bak «det er slik utviklinga går». Det går nemleg opp og ned: Alt på 1960-talet begynte tilbakegangen i distrikta, og det såg ut som småkommunane var dømt til avfolking. Etter EF/EU-striden på 1970-talet blei det bygging av ungdomsskolar, eldreinstitusjonar og svømmehallar, og urbaniseringa bremsa opp. Så, frå 1980-talet og fram til 2008 opplevde distrikta ein ny nedgangsperiode, men frå 2009 av viser tal frå Statistisk Sentralbyrå at befolkningsnedgangen i distrikta har stoppa opp. Det kan ha sin bakgrunn i godt fiske, vekst i oppdrettsnæringa og i vinter- og fisketurismen. Kulturskolar, idrettshallar, innvandring og ein verdig eldreomsorg bidrar til stabilisering i mange småkommunar. Den som trur at dette ville ha kome uansett, utan kampvillige folkevalde, ordførarar og rådmenn, bør tenke seg vel om.

For det er politikk mykje dreier seg om, i Nord. Tromsø sin vekst etter 1970 er for eksempel meir basert på Stortinget sine budsjettvedtak, enn på vitaliteten i byens næringsliv. At Tromsø no også veks av eigen reproduktiv kraft (nær 1000 fødslar i året) heller enn av tilflytting frå småkommunar, er også viktig å få med seg.  Poenget er at den nordnorske befolkninga, meir enn den sørnorske, gjennom politisk arbeid har skapt lokalsamfunn i by og bygd som vi kan vere stolte av i dag. Det er ikkje naturkreftene, midnattsola eller ressursgrunnlaget i seg sjøl, men det engasjementet og den politiske kompetansen som Nord-Norge med sine 2000 folkevalde har, som er garantisten for ei fortsatt gunstig utvikling i nord. 

Lik Nordnorsk Debatt på Facebook

Nordlys overvåker denne debatten kontinuerlig mellom kl. 07 og 24. Kommentarfeltet er nå stengt og åpner igjen kl. 07.00. Velkommen tilbake da!