Det treng ikkje bli ein ny torskekrig, men utgangen til britane i 2019 kan bli like problematisk som inngangen til spanjolane i 1987.

Nyleg vart den russiske trålaren «Melkart» arrestert av kystvakta i Svalbard-sona for dumping av småfisk. Bota på 200.000 kroner vart vedteken på staden. Saka vart knapt nok omtalt i norske media, og heller ikkje i russiske.

Hadde dette vore for 20 år sidan ville Noreg framleis hatt silkehandskane på i kampen mot rovfiske i Svalbard-sona. Trålaren ville neppe blitt arrestert. I motsett tilfelle ville det truleg blitt bråk med offisielle protestar frå Russland. Krigsoverskrifter i russiske aviser med krav om krig for å «ta tilbake Svalbard». Og tilsvarande i dei norske; om behovet for å skaffe ein sterk alliert i Svalbard-saka.

«Elektron»-saka (2005) hadde alt dette og meir til. Men Noreg kunne støtte seg på at havretten går i vår retning med sterkare binding mellom kyststatar og øyar. Grepet vart festa og Svalbardsona vart likestilt med norsk økonomisk sone når det gjaldt jurisdiksjon: Silkehandskane av, arrestasjonar, rettsaker og bøter på opptil 15-16 millionar. EU-flåten hadde dei grovaste sakene, Russland dei fleste. Begge har reservert seg mot norsk jurisdiksjon rundt Svalbard. Men etter kort tid la protestane seg. I det stille godtok både EU og Russland at så harde sanksjonar mot rovfiske var nødvendig.

Med den nye havretten som grunnlag gjekk to suverene kyststatar Russland (Sovjet) og Noreg, frå kvar si side av jernteppet, saman om ein unik fiskeriavtale i 1974. Samarbeidet om forvaltning og fordeling av felles ressursar har gradvis blitt utvikla, og det ser ut til å halde også etter at klimaet mellom NATO/EU-landa og Russland vart iskaldt frå 2014 etter utviklinga på Krim og i Ukraina. I praksis godtek framleis Russland norsk jurisdiksjon ved Svalbard.

Dette hindrar ikkje at gamle fiendebileta frå sovjettida vert henta fram på nytt. Og det blir laga ulike scenario med Svalbard og havområda rundt som årsak til hybridkrigar og russisk aggresjon. Slikt kan sikkert bli gode dataspel, men heller ikkje noko meir. Å overføre dei historiske erfaringane og det dagsaktuelle, politiske klimaet frå Svartehavet til Barentshavet er meiningslaust, og skapar dårlege vilkår både for ein god handels-, tryggjings- og fiskeripolitikk.

Dette vart dessverre forsterka med regjeringa sin blåkopi av EU-sanksjonane sommaren 2014 som reiser spørsmålet om Noreg evnar å føre ein sjølstendig utanrikspolitikk, noko som ikkje minst er viktig i Svalbard-sona. No er det på tredje året med ein gjensidig handelsblokade mot Russland. Landet var i 2013 største importør av norsk sjømat for 6,6 milliardar. For 2016 blir det null. Ingen regionar i Europa har tapt meir på blokaden enn Nord-Noreg. Sjølv er EU no under press frå fleire medlemsland som vil normalisere handelen. Noreg står tilsynelatande på sidelinja og ventar. På nytt som flinkaste guten i EU-klassen? I mellomtida taper nordnorsk næringsliv marked i Russland som det kan bli tungt å vinne tilbake. Prisen for at Noreg posisjonerer seg som ein EU-marionett kan bli høg.

Dette handlar ikkje om å unnlate å kritisere Russland. Bortsett frå at vi i nokre år har teke lett på dette med Kina, har det ikkje mangla på saker der landet vårt med full rett har kritisert både stormakter og tvilsomme regime for brot både på folkerett og menneskerett. Det ville vore i pakt med denne gode tradisjonen om Erna Solberg hausten 2014 hadde reist til Russland og vist det russiske folket respekt for det dei ofra, også for Noreg, gjennom to verdskrigar. Så kunne ho samstundes sagt si ærlege meining om Krim og Ukraina direkte til Putin.

Takka norsk/russisk forvaltning kan tredjeland i 2016 fiske 124.500 tonn torsk i Barentshavet. Mesteparten av dette går til EU, og ein stor del av EU-kvoten blir fiska i Svalbardsona. Her vart det bråk i 1986/87 då Spania vart medlem av EU, men fekk ein så dårleg fiskeriavtale at dei overfiska EU-kvoten i nord – ved Svalbard. Etter norske trugsmål om arrestasjonar og press frå Brussel gav spanjolane seg. Dei la opp ein ny strategi dei systematisk sikra seg ressursar ved å kjøpe britiske og irske fiskebåtar. Slik vart fenomenet «kvotehopping» ein intern fiskerikonflikt i EU, der spanjolane stort sett fekk medhald i EU-domstolen. Frå britisk hald er det blitt hevda at dei på denne måten tapte kontrollen med 10-20 prosent av den fisken dei hadde med seg inn i EU, ei viktig årsak til at mange britiske fiskarar forbanna Unionen.

No står Brexit for døra, eit bittert skilsmisseoppgjer der Storbritannia naturleg nok vil ha minst like mykje fisk ut buet som dei tok med seg inn. Men Spania har ingenting å gje bort, og EU har både mindre havareal og mindre fisk enn før. Unntaket er Svalbard der Unionen har den einaste torskekvoten som er godt forvalta. Det treng ikkje bli ein ny torskekrig, men utgangen til britane i 2019 kan bli like problematisk som inngangen til spanjolane i 1987. Blir det alvor vil ingen av dei gje seg like lett som den russiske trålaren «Melkart».

 

 

Lik Nordnorsk Debatt på Facebook

På forsiden nå

Vårt samfunn er i stadig utvikling.

0
0

I anledning årets stortingsvalgkamp, så har den såkalte verdidebatten blitt viet ekstra oppmerksomhet. For «verdipartiet» KrF er selvsagt det en gylden anledning til å få fram budskapet om de «kristne verdier».

4
96