Truleg brukar staten i alle fall 20-30 millionar meir til høgre utdanning og forsking i Finnmark i år enn den gjorde for tre-fire år sidan.

For fire år sidan bad Høgskolen i Finnmark og Universitetet i Tromsø Kunnskapsdepartementet om å få bli ein organisasjon. Dei fire åra etter har vi sett nye spor. Både i Finnmark og i landet.

Vi er blitt fleire i høgre utdanning og forsking. Frå 254 tilsette i Finnmark i 2014 til 284 i dag. Vi veks mykje  i Alta og i Hammerfest, og førebels litt i Kirkenes. Dette inkluderer ein vekst i deltakinga i norsk forskarutdanning (stipendiatar) frå 5-6 til godt over 20. Frå å vera små og marginale er vi blitt større, og brukar stipendiatane erfaringar frå Finnmark i  forskarutdanninga er det også viktig. Og vi er fleire studentar i år i Hammerfest og Alta, i underkant av 100 fleire i Alta enn for 3-4 år sidan.

Veksten set Finnmark på kartet. Vi har auka talet på søkjarar som i nasjonale opptak vil starta på tilbod gitt i Finnmark årleg frå omlag 550 til 1000.  Over 80 utanlandske studentar, i stor grad høgt motiverte europeiske, starta i haust i Alta. Det er ei dobling samanlikna med for eit par års sidan. Å setja UiT i Finnmark som førsteval eller å reisa gjennom mange land  for å studera er ikkje resultat av ein plutseleg innskytelse. Det tenkjer ein gjennom, og langt fleire enn før konkluderer med Finnmark.

Vi gjorde endringar tre år før mange høgskolar måtte gjera det same.  Våre første erfaringar skremde ikkje regjeringa frå å krevja mange samanslåingar i stortingsmeldinga «Konsentrasjon for kvalitet» i 2014-15. I Arbeidarpartiet har ei gruppe arbeidd med universiteta og høgskolane til partiets neste program. I november i år sa gruppa at partiet støttar den blåblå regjeringa sin strukturreform, og at det ikkje ønskjer politisk detaljstyring av dei nye langt større universiteta og høgskolane.

Det er derfor inga nasjonal politisk rørsle for å gå tilbake. Frå Finnmark er det heller ingen grunn til å ønskja det. Truleg brukar staten i alle fall 20-30 millionar meir til høgre utdanning og forsking i Finnmark i år enn den gjorde for tre-fire år sidan. Det blir fort ein auke med 10-15 prosent siste åra.

Vi har brukt det nye armslaget godt.  Vi er i forkant nasjonalt og ved UiT når det gjeld utvikling av fleksible utdanningar. Forskingsgruppa for realfagsdidaktikk vann UiT sin formidlingspris i 2016. Den heng høgt. Vi gjennomfører kvalifiseringsprogram for tilsette med stor deltaking.  Nyleg kom fem frå Alta med i UiT programmet for å utvikla kvinnelege professorar.  Det utvikles meir og meir forsking rundt det oppgraderte testsenteret ved Idrettshøgskolen.  Vi har etablert eit nært, og ein ny type, samarbeid med NAV kontora i Porsanger og i Sør-Varanger. Dei to kontora (og NAV kontora i Tromsø og Harstad) er blitt «UniversitetsNAV».

Vi har utvikla sjukepleiarutdanninga i Finnmark til å dekka krava i denne utdanninga i framtida. Studentar og tilsette er på plass for gjennomføring av femte og sjette året på lækjarutdanninga. I Hammerfest er 15 tilsette i større og mindre omfang engasjert i dette.  Det styrkar også kompetanseutviklinga ved sjukehuset. Det er ei god utvikling ved Barentsinstituttet i Kirkenes. Ein av fire arbeidspakkar i det store nye norske krigshistorieprosjektet som UiT er tildelt etter hard konkurranse leies derifrå. Samovarteateret med sterk medverknad frå våre tilsette skapte ei opningsførestilling det går gjetord om også i meir geografisk sentrale delar av landet.

Vi forskar og vi publiserer den. 2016 var eit godt år. Forsking skapar også debatt.  I 2016 har tilsette ved UiT i Alta minst medverka i redigering, og dermed til at stoff kjem ut, av seks faglege debattbøker.

2017 blir spennande. Får vi den nye «Finnmarksmodellen» i lærarutdanninga til å verka? Det er mange, også på nasjonalt nivå, som er spente. Her kan vi igjen gå opp nye spor. Vi er også spente på den nye fleksible modellen for gjennomføring av masterutdanninga i økonomi.  Den skal utviklast i nært samarbeid mellom fagmiljøa i Harstad  og i Alta. Vi er spente på om staten løyver pengar til det nye Snøskredsenteret. Vi er spente på om NAV sentralt oppgraderer forskinga vår rundt pilotkontora til eit kunnskapsflaggskip nasjonalt. Vi ser fram til resultat av fagutvikling ved reiselivsfaga slik at vi enda meir enn i dag kan medverka til å utvikla denne næringa i nord. Og ikkje minst: 2017 blir «Alta 2017» i juni. Den fjerde verdskonferansen om urfolksorientert sosialt arbeid skal arrangerast i Alta. Dette er store og viktige greier med mange toppkompetente folk og charterfly.  Er slett ikkje sikker på om Alta før har stått for eit så stort fagleg møte.

Det er gjort mykje godt arbeid siste åra og i 2016. Vi har mange utfordringar i 2017. For noen av dei ventar vi på vedtak, for andre står det igjen mye arbeid. Det er slik det skal vera i ein stor organisasjon der det skjer mye – heile tida. Godt år i 2017.

Lik Nordnorsk Debatt på Facebook

På forsiden nå

Karl Eirik Schjøtt-Pedersen har aldri gått av veien for å gjøre det som er nødvendig og riktig i hans egen bok.

1
51

Jeg har jobbet med markedsføring i bedriftsmarkedet i over 30 år. Ser jeg tilbake, har det vært en voldsom utvikling. Folk har alltid handlet med folk, det skal vi også fortsette å gjøre. En ting som er endret derimot, er måten kremmere kan påvirke kundene.  

0
3