Foto: Sjømatrådet / Torgrim Rath Olsen

Vi må utvikle sjarkflåten

Pengane skal betyr meir, og innsatsen til kvar einskild fiskar skal bety mindre. Det meiner eg heilt kort oppsummert er innhaldet i høyringsnotatet frå Per Sandberg om framtida for sjarkflåten. Dette har stor betydning for Tromsø som er Norges viktigaste sjarkkommune, med flest deltakaradgangar av alle kommunane i Noreg.

Det er sjølvsagt ikkje uventa at FrP vil ta frå dei mange og gje til nokre få, men for SV er dette umogleg å vere med på.

Fiskeriminister Sandberg argumenterer i notatet for at vi bør innføre strukturpolitikk i den minste flåten vi har. Det betyr at dei som har tilgang på kapital skal kunne kjøpe andre sine kvoter, slå dei saman og bli større. Dette vil ha mange negative konsekvensar.

Dette meiner eg er dei aller viktigaste:

  1. Skal du vere med i konkurransen om kvoter treng du pengar, pengar får du frå banken, desse pengane må du betale renter for. Det betyr at meir av fiskeressursen går til å brødfø rike bankar og mindre går til fiskarane og lokalsamfunna der dei høyrer heime.
  2. Det er sannsynleg at fiskeressursane blir samla på færre stader. Det betyr at inntekta frå fiskeria kan forsvinne frå fiskevær langs kysten.
  3. Insentivet kan endre seg. Når den samla kvota blir stor, blir det viktigare å få all fisken på land, enn å sørge for å få mest ut av kvart kilo fisk. Kvaliteten kan bli skadelidande. I dag er det den minste flåten som har den beste kvaliteten på fisken. For eksempel i hysefisket, så er 1,8% av hysa skada i den minst strukturerte flåten, medan andelen fisk som har skadar aukar med struktureringsgraden. I den mest strukturerte delen av flåten er heile 11,3% hysa skadd.

Det er sjølvsagt ikkje uventa at FrP vil ta frå dei mange og gje til nokre få, men for SV er dette umogleg å vere med på. Vi vil ha ein politikk for dei mange og ikkje for dei få, også i fiskeria.

Innlegget vart først publisert på Pål Julius' blogg

Lik Nordnorsk Debatt på Facebook

Annonse
Her er du velkommen til å debattere saken videre. Men tenk gjennom hvordan du vil framstå og hvilke uttrykk du bruker. En liten huskeregel: Ikke skriv noe som du ikke kunne ha ropt ut på torget med mange tilhørere. Du må bruke fullt navn - falske profiler blir utestengt. Hold deg til saken, vis respekt og stor raushet overfor andre. Trakassering, trusler og hatske meldinger slettes.

Med vennlig hilsen Guttorm Pedersen, debattredigerer

Annonse