Det blir jobba godt innafor helse og omsorg i Tromsø kommune

Det er store oppslag i media om overforbruk og kutt innafor Helse og omsorg. Dessverre går det under radaren at det blir jobba svært godt i heile avdelinga.

Per no driv heile avdelinga 80 til 90 millionar billigare på årsbasis enn dei gjorde i desember. Det skjer på grunn av stor innsats i heile avdelinga: 

  • Det skjer samtidig som det ikkje ligg somatiske pasientar på UNN og ventar på hjelp frå kommunen.
  • Det skjer samtidig som vi omtrent ikkje har venteliste for langtidsplass på sjukeheimane i kommune
  • Det skjer samtidig som Helsehuset og Otium er komen i full drift

Det blir altså gjort ein kjempeinnsats på alle nivå i organisasjonen. Vi er på rett veg, men ikkje i mål enno.

I løpet av dei siste åra har utgiftene til helse og omsorg auka med nesten 500 millionar. Inga anna avdeling har fått meir pengar. For desse pengane har innbyggarane i Tromsø fått betre tenester.

Vi har fått:

  • Middag når det er middagstid på sjukeheimane, og eit ekstra måltid
  • Full drift på Otium
  • Full drift på helsehuset
  • Det fantastiske tilbodet på Dreis
  • Drift av nye barnebustader på Trudvang
  • Ein ny og betre tryggheitsstandard på sjukeheimane
  • Bestiller-/utførermodellen er avskaffa og innsatsstyrt finansiering er avskaffa
  • Vi har starta arbeidet med ein pilot i heimetenesta som koplar saman ergoterapeutar, fysioterapeutar, sjukepleiarar, og andre for å gje pasientane ei betre oppfølgjing.
  • Vi har fått fleire heile stillingar og komen langt i å skape ein heiltidskultur, hovudsakleg gjennom eit godt samarbeid med fagforeiningane om særavtalar.
  • etablert ressursbasar for at det skal vere enklare å få tak i vikarar. Saman med bemanningskontoret fører det til at langt fleire vikarar har fast jobb og ikkje sit med telefonen i handa og ventar på vakter.
  • Innført vaksine mot hjernehinnebetennelse for russen i Tromsø

Helse og omsorg har framleis store utfordringar. Både når det gjeld økonomi og rekruttering. Det som er viktig no er at vi ikkje hovudstups gjer kutt som undergrev det langsiktige arbeidet med økonomien i helse og omsorg, eller ender opp med tilbod som ikkje har den kvaliteten som innbyggarane i Tromsø kan forvente.

 

Lik Nordnorsk Debatt på Facebook

Annonse
Her er du velkommen til å debattere saken videre. Men tenk gjennom hvordan du vil framstå og hvilke uttrykk du bruker. En liten huskeregel: Ikke skriv noe som du ikke kunne ha ropt ut på torget med mange tilhørere. Du må bruke fullt navn - falske profiler blir utestengt. Hold deg til saken, vis respekt og stor raushet overfor andre. Trakassering, trusler og hatske meldinger slettes.

Med vennlig hilsen Guttorm Pedersen, debattredigerer

Annonse