Annonse
Det er skapt eit sorteringssamfunn i samferdslepolitikken. Banebrukarane får enorme subsidier, medan vegbrukarane vert handsama som «nyttig idiotar» og  tvinga til å betale skyhøge statsskattar. Denne meiningslause uretten kjem aldri fram i debatten, skriver Rikard Solheim. Foto: Avisa Nordland

Bompengar og anna galskap

Dersom dei pengane vegbrukarane betaler inn til staten, vert brukt på vegar, kunne vi utan problem bygge og vedlikehalde eit godt vegnett i heile landet.

Det er nesten utruleg, men sant: Samferdslepolitikken i Norge er i høg grad basert på myter. Ei av desse er at det er staten som finansierer utbygging og vedlikehald av vegane våre.

Men sanninga er ei heilt anna. I fleire tiår er det vegbrukarane sjølve som har betalt alle vegkostnader, og mykje meir enn det. Dette har skjedd gjennom avgifter på drivstoff og køyretøy.

Staten har ikkje fortalt kor veldige inntekter dette har gitt. Men ein organisasjon som heiter «Opplysningsrådet for Veitrafikken», lagar oversiktar som vert publisert i rapporten «Vei og samfunn». Der går det fram at i perioden 2000 - 2017 har staten i snitt brukt 17 milliardar kroner årleg til investering og vedlikehald av vegane. I same perioden har vegbrukarane betalt 42 milliardar avgiftskroner per år inn til Staten. Staten har  såleis hatt eit årleg vegoverskot på 25 milliardar kroner!

Då er det nesten utruleg at politikarar stadig er ute i media og påstår at vi ha bompengar for å kunne få eit godt vegnett.

Bompengeopprøret spreier seg i alle delar av landet. Vegbrukarane  protesterer mot ein politikk som handsamar vegbrukarane på ein heilt annan måte enn det som er vanleg i Norge.  

Det vanlege er at for «harde» offentlege tenester (det vil seie alle tenester utanom utdanning, helse og omsorg), er det brukarane sjølve som betalar tenestene.  Dette er valt fordi det er mest rettferdig, og fordi det gjev mest effektiv ressursbruk.

Men i samferdslesektoren er det stikk motsette «prinsipp» som gjeld.  

På den eine sida har banebrukarane i alle år betalt berre ein liten brøkdel av kostnadane sjølve. Det gjeld ikkje minst det såkalla «Intercityprosjektet”, eit system av raske tog  rundt Oslo. Prosjektet er både ekstremt dyrt, vil koste om lag 200 milliardar kroner, og det vil produsere svært lite transport. Dermed må staten ause ut fleire hundre tusen kroner årleg i subsidier til kvar pendlar med desse toga! Det er galskap, men «Oslomakta» er stor brukar, og støttar galskapen. Det liknar sterkt på korrupsjon.

Vegane derimot! Ifølgje SSB har dei 95 prosent av persontrafikken i Norge, og er såleis det store fellesgodet for folk flest. Men vegbrukarane får ikkje subsidier. Dei vert tvert imot  tvinga til å betale om lag tre gonger så mykje som det vegane kostar.

Det er skapt eit sorteringssamfunn i samferdslepolitikken. Banebrukarane får enorme subsidier, medan vegbrukarane vert handsama som «nyttig idiotar» og  tvinga til å betale skyhøge statsskattar. Denne meiningslause uretten kjem aldri fram i debatten. Dette er dobbelt udemokratisk: først fordi politikarane auser ut subsidier til eit lite og velståande mindretal på kostnad av det store fleirtalet, og dernest fordi det skjer i det skjulte

Eg håpar at der er politikarar «der ute» som er såpass modige og rettskafne at dei vågar å gå inn på desse realitetane.

Dersom dei pengane vegbrukarane betaler inn til staten, vert brukt på vegar, kunne vi utan problem bygge og vedlikehalde eit godt vegnett i heile landet. Og vi kunne kvitte oss med statusen som landet med Europas dårlegaste vegstandard.

Lik Nordnorsk Debatt på Facebook

Annonse
Nordlys overvåker denne debatten kontinuerlig mellom kl. 07 og 24. Kommentarfeltet er nå stengt og åpner igjen kl. 07.00. Velkommen tilbake da!
Annonse