Annonse
Avishuset i flammer og førstesideoppslaget til avisa som vart sprengt - dagen etter hendinga, 4. mars 1940. Norrskensflamman i Luleå var avhengig av leigetrykk andre stadar i Sverige i lang tid etter attentatet. (Foto fra Luleå kommunes arkiv)

Brennande hat mot avishuset «Flamman»

Brødtekstbilder: 
Førstesida til Norrländska Socialdemokraten etter attentatet i Luleå.
I Luleå står dette monumentet til minne om terrorhandlinga mot Norrskensflamman i 1940. Norrsken er det svenske ordet for nordlys, slik at navnet på avisa kan oversettes til Nordlysflammen. Monumentet ble reist i samband med 60-årsminnet i 2000.
Filip Forsberg var sjefredaktør i Norrskensflamman ved attentatet i 1940. Han ble hardt skadd. (Foto fra Luleå kommunes arkiv)
Dette handla ikkje berre om tysk press, men også om at den svenske staten gjekk til krig mot deler av sitt eige folk.

For 80 år sidan, natt til 3. mars 1940, levde avisa Norrskensflamman i Luleå opp til namnet sitt på ein måte kommunisthatarane i Sverige hadde drøymt om. Etter at ein kraftig eksplosjon hadde flerra opp vinternatta, stod avishuset i fyr og flammar. Fem personar omkom i det som så langt er den verste terrorhandlinga i svensk historie.

Dei fem tilhøyrde familier som jobba og budde i avishuset, to av dei var mindreårige born. Fem andre greidde å berge seg ned frå tredje etasje, takka vere innatsen til den nye og snarrådige redaktøren Filip Forsberg som sjølv vart hardt skada og døydde i 1944. Ein som berga livet var journalisten Valdemar Granberg som miste både kona si Svea og sonen Torgny i brannen. Han sat for tida, utan lov og dom, i ein interneringsleir for kommunistar som forsvaret hadde oppretta i Norrbotten. No fekk han permisjon for å leite etter restane av familien i ruinane, med ufine og spydige kommentarar frå vakta med på vegen.

I daglegtale heitte avisa «Flamman». Den vart starta tidleg på 1900-talet som organ for arbeidarklassen og særleg kommunistane som stod svært sterkt i Norrbotten. Som største avis i Nord-Sverige var det mange som såg på «Flamman» som ein samfunnsfiende, særleg i dei øvre samfunnslag der Hitler-Tyskland vart møtt med betydeleg støtte og sympati. I Luleå var Norrbotten-Kuriren den argaste konkurrenten; sterkt høgreorientert og så tyskvennleg at mange rekna den for ei naziavis.

Det var «Kuriren» som meinte at det var kommunistane sjølv som utført attentatet mot si eiga avis for å skaffe seg sympati. Etterforskninga stod i stampe frå første dag, og hadde det ikkje vore for ein modig journalist i «Kuriren» ville saka kanskje aldri blitt oppklart. Han gjekk til statspolitiet med informasjon om at politimeister Ebbe Hallberg i Luleå var hjernen bak eit nøye planlagt attentat mot avisa. Han hadde med seg kaptein i hæren, Uno Svanbom, og ein journalist i «Kuriren»; Gunnar Hedenstrøm. Alle desse heldt seg klokeleg unna då det vart plassert tidsinnstilte bomber i kjellaren der pressa stod og i redaksjonen og setteriet i 1. etasje. Dette vart utført av tre utplukka fenrikar og ein vernepliktig soldat. Dei forklarte i rettsaka at dei følte det som ei plikt å utføre ei «fosterlandsk handling» av stor nasjonal verdi, støtta av Forsvaret.

Arrestasjonen av dei sju attentatmennene kom fire-fem veker etter attentatet. Det som velta spelet var vitnemålet til journalist Arvid Moberg i «Kuriren». Han fortalde at planane om attentatet var kjende i redaksjonen. Her vart det sagt at politiet ikkje skulle bry seg, at politimeister Hallberg hadde ordna med ei trygg fluktrute over til Finland, og at han sjølv skulle leie etterforskninga inn på eit blindspor.

Tiltalen handla ikkje om drap eller mordbrann, men om erstatning for skaden på avisbygget. Også her tapte avisa som fekk kravet sitt redusert frå 350.000 til 18.500 kroner. Respekten for fem tapte menneskeliv var totalt fråværande i saka, særleg i rådhusretten som der  straffeutmålinga var svært låg. I hovretten var straffene skjerpa til sju og seks år. Ebbe Hallberg var sinnsjuk og døydde i fengsel, medan dei andre var benåda i 1944. Det gode med rettsaka var at dei tiltalte skulda på kvarandre, og politimeisteren vart avkledd til skinnet.

Eit sentralt punkt i rettsaka var om dei tiltalte visste at det budde opptil 10-12 menneske over avislokala. Sjølv nekta dei for dette, og fekk hjelp av etterforskarane som hevda at dette kunne vere eit «parallelattentat»; det vil sei at det vart utført to attentat mot avishuset denne natta. Hellberg-banden  måtte ta skulda for skadeverket på avislokala, medan det kunne ha vore utført eit anna attentat  mot husværa legger opp i bygget. Både aktor og dommarene godtok denne teorien med takk, og slik unngjekk dei spørsmålet om mordbrann.

Terroren mot ei folkeleg og populær avis i Luleå kom ikkje ut av ingenting, men var eit produkt av det «hemmakriget» som den svenske staten i åra 1939-43 førte mot kommunistane. Her kom det tyske krav om pressesensur som no vart innført, og særleg råka kommunistavisene. Det gjekk mot storkrig i Europa og den svenske regjeringa hadde nøytralitet som eit viktig mål. I vinterkrigen mellom Finland og Russland vart det også piska opp ei hatsk antikommunistisk stemning, og i Norrbotten frykta general Archibald Douglas ein sovjetisk invasjon. Han meinte folk Norrbotten med si manglande nasjonale haldning ikkje var til å stole på. Mange var kommunistar og i tillegg hadde svensk rasebiologi stempla tornedalingane som ein svært lågtståande rase. Denne delen av fosterlandet vart no underkasta total telefon-, telegraf- og brevsensur. Over 1.000 yngre kommunistar vart internerte for å halde dei unna militæret, folk med venstresympatiar i viktige sivile stillingar vart sparka eller tvangsflytta sørover.

Under planlegginga av «Flamman»-attentatet hadde leiargruppa kontakt med både justisminister K.G.Westman og utanriksminister Richard Sandler for å diskutere korleis Luleå-avisa kunne stoppast, og denne kontakten gjekk gjennom general Douglas. Sjølvsagt nekta dei to politikarane kjennskap til planane, og det fanst heller ikkje prov for noko slikt. På eit punkt snakka attentatmennene likevel sant: Heilt til topps i det svenske samfunnet ville mange bli glad dersom Norrskensflamman vart stoppa. Dette handla ikkje berre om tysk press, men også om at den svenske staten gjekk til krig mot deler av sitt eige folk. Slik kunne galningar som politimeisteren i Luleå tru han hadde frie hender. Dommen i rettsaka viste at han langt på veg hadde rett.

Både i Noreg og mange andre land bør dei nasjonale E-tenestene kunne lære mykje både frå soga om den svenske heimekrigen og avisattentatet i Luleå.  Forsvarets e-sjef var på veg ut i hengemyra då han nyleg hevda at folk nord i landet vårt er lettare offer for russisk propaganda enn andre. Han fekk beskjed om lese Lund-kommisjonen på nytt. Nyttar ikkje det ligg det ei 80 år gamal historie frå Nord-Sverige som er endå sterkare.

 

Lik Nordnorsk Debatt på Facebook

Annonse
Her er du velkommen til å debattere saken videre. Men tenk gjennom hvordan du vil framstå og hvilke uttrykk du bruker. En liten huskeregel: Ikke skriv noe som du ikke kunne ha ropt ut på torget med mange tilhørere. Du må bruke fullt navn - falske profiler blir utestengt. Hold deg til saken, vis respekt og stor raushet overfor andre. Trakassering, trusler og hatske meldinger slettes.

Med vennlig hilsen Guttorm Pedersen, debattredigerer

Annonse