Det som Nordlys no kallar fjøslukt er knapt nok merkbar fordi det er andre ting i norsk politikk som stinkar langt verre. Slik sett kan «fjøslukta» beint fram bli oppfriskande og gje ny oppdrift til Nordlys sin gamle rolle som landsdelsavis. Om dei framleis vil ha den? skriver Gunnar Grytås. Foto: Rune Endresen

Bruk «fjøslukta» som oppdrift, Nordlys

Og dersom Gunnar Wilhelmsen ikkje har tukla med ventilasjonen i Nordlys-huset, bør dette nye draget i lufta også gje ny oppdrift til Nordlys sin gamle rolle som landsdelsavis. Om dei framleis vil ha den?

Med gamle klisjeear prøver politisk redaktør Skjalg Fjellheim i Nordlys 7. august å gjere Senterpartiet til ein framand fugl i nordnorsk politikk. Men dette med «fjøslukt» og «røter i sørnorsk bondekultur» er flåseri som høver betre i VG, Nettavisen eller DN. Frå ei avis som har sine røter i landsdelen må vi ha lov til forvente meir, utan at eg dermed skal slå olje på elden i debatten om mediedekninga frå Nord-Noreg.

For sjølv om Senterpartiet aldri har vore sterkare i nord enn no, er det slett ikkje første gong dei skaper uro hos motstandarane. Det viser mellom anna referatet frå eit møte i Arbeiderpartiets fiskeriutvalg frå 1964. Her møtte fiskeripolitikarane på Stortinget (som det var mange av i dei dagar) leiinga i Norges Fiskarlag, fylkesfiskarlaga og Norges Råfisklag. Fleire sentrale byråkratar deltok også, pluss utvalde fylkesmenn og eit knippe pålitelege journalister. Fleire som deltok på desse møta kunne sitje på kvar si side av bordet når staten forhandla med fiskerinæringa.

På det aktuelle møtet fortalde direktør Johannes Overå i råfisklaget at Senterpartiet jobba målretta for å få sine folk inn i fiskarorganisasjonane. Han vurderte dette som eit trugsmål, men ikkje unaturleg sidan fiskarane i 25 år hadde «kosa seg» med Arbeiderpartiet. Ikkje rart det kunne oppstå «litt døsighet». Og slik vart dette kommentert av Albert Jensen frå Norges Fiskarlag:

«Jeg vil hevde at det er en ulykke at folk i distriktene går til politiske motstandere i  Stortinget, og legger problemene fram for dem, som så blir løst. Også i Norges Fiskarlag har vi  utspekulerte folk som kommer inn i nøkkelstillinger. Vekk med dem!»

Møtet vedtok at Håkon Lies folk på partikontoret skulle ta kontakt med alle fylkessekretærar på kysten og be dei finne fram til partifolk som kunne velgjast inn i fiskarlaget sine fylkesstyre og styret i råfisklaget. Partikontoret i Oslo ville også ha lister over fiskarane sine tillitsvalde med informasjon om politiske haldningar.

Hausten 1964 kjende Arbeiderpartiet opplagt korleis regjeringsmakta forvitra under føtene på dei, og etter valget i 1965 var det klart for ei borgarleg regjering, leia av Per Borten. Her vart SP i Troms for første gong representert på Stortinget ved Johannes Gilleberg som sat der i 12 år. Den første frå Nord-Noreg som kom på tinget for Bondepartiet/SP var Erling Engan frå 1954 til 1973. Sidan har SP i dette viktige landbruksfylket hatt ein eller to representantar fast. Ein av dei: Peter Angelsen vart også fiskeriminister (1997-2000).  Det same vart Trygve Olsen, utbrytar frå den familiære AP-bastionen i Havøysund i Finnmark. Han var i 1973 var garantist for fiskerinæringa då Korvald-regjeringa fekk ein ny handelsavtale med EU. Anne Vik frå Kvæfjord sat ikkje på Stortinget, men var landbruksminister i Syse-regjeringa i 1989-1990.

I Troms gjorde SP eit brakvalg i 1993 som sende Tor Nymo og Rita Roaldsen til Løvebakken. Sidan har partiet med unntak for to periodar hatt ein nokså trygg plass på Stortinget. Finnmark braut ikkje denne barrieren før Geir Adelsten Iversen kom inn i 2017. Slik det ser ut no kan det bli fleire i 2021.

Også i Nord-Noreg forsvarar Senterpartiet rollen som eit «ordførarparti». Ein av dei mest markante var Reidar Kroken frå Bardu som døydde tidlegare i år. I tillegg til eit langt politisk virke i Troms var han også svært aktiv i arbeidet med å organisere vasskraftkommunane landet over i LVK. Frå Karlsøy kom fyrvaktaren Thor Tøllefsen som også vart los for alle norske kommunar som leiar i Kommunenes Sentralforbund.

Så har vi Arne Nordgård; bybonden som på slutten av 1970-talet vart ordførar i Tromsø. Som Kroken og Tøllefsen hadde også han ein nasjonal talarstol for politisk arbeid; i landbrukssamvirket. Som aktiv bonde på Berg, både kunne og burde det lukte fjøs av Arne Nordgård. Men det som Nordlys no kallar fjøslukt er knapt nok merkbar fordi det er andre ting i norsk politikk som stinkar langt verre. Slik sett kan «fjøslukta» beint fram bli oppfriskande. Og dersom Gunnar Wilhelmsen ikkje har tukla med ventilasjonen i Nordlys-huset, bør dette nye draget i lufta også gje ny oppdrift til Nordlys sin gamle rolle som landsdelsavis. Om dei framleis vil ha den?

 

 

 

Lik Nordnorsk Debatt på Facebook

Annonse
Her er du velkommen til å debattere saken videre. Men tenk gjennom hvordan du vil framstå og hvilke uttrykk du bruker. En liten huskeregel: Ikke skriv noe som du ikke kunne ha ropt ut på torget med mange tilhørere. Du må bruke fullt navn - falske profiler blir utestengt. Hold deg til saken, vis respekt og stor raushet overfor andre. Trakassering, trusler og hatske meldinger slettes.

Med vennlig hilsen Guttorm Pedersen, debattredigerer

Annonse