Annonse
HELT: Gunnar «Kjakan» Sønsteby var då han døyde den høgast dekorerte mannen i Noreg. Den kommunistiske partisanen Trygve Eriksen fekk, til samanlikning, deltakarmedaljen i posten i 1984. Foto: Scanpix

Dei sørnorske sigarherrane skreiv krigshistoria

Forhåpentlegvis vil denne forteljinga bli noko nyansert når krigen i Nord-Noreg nå har fått ny aktualitet, skriv Julia Stangeland.

Historikarane har stått i det som blir oppfatta som sentrale strøk – sør i landet – med alt for svake kikkertar.

Dei norske partisanane kjempa ein verdskrig frå hòler langs den nordlegaste norskekysten. Den kommunistiske ideologien deira og det faktum at dei allierte seg med russarane er sannsynlegvis grunnen til at alt for få kjenner til dei i dag. Dei passa ikkje inn i norsk etterkrigshistorie.

I lange periodar låg norske og russiske partisanar på oppdrag ved norskekysten. Dei skulle spane på tyske krigs- og forsyningsskip og sende etterretning om det til Murmansk. Mellom anna ved hjelp av denne etterretninga, var russiske bombefly og u-båtar i stand til å bombe om lag 80 tyske skip som gjekk langs norskekysten. Skipa var på veg til den nordlegaste Austfronten, gjerne kalla Murmansk-fronten eller Litza-fronten, med forsyningar til soldatane der. Det er liten tvil om at denne etterretninga var eit viktig bidrag til den internasjonale krigføringa. Partisanar var aktive deltakarar i storkrigen, men har fått lite merksemd for det etter krigen.

Samanliknar ein heideren som krigsheltane i Sør-Noreg fekk med den som dei fekk i Nord-Noreg, blir dette tydeleg. Den norske motstandsmannen Gunnar «Kjakan» Sønsteby var då han døyde den høgast dekorerte mannen i Noreg. Han fekk mellom anna Krigskrossen med sverd og Krigskrossen med to sverd i 1946. Den kommunistiske partisanen Trygve Eriksen fekk, til samanlikning, deltakarmedaljen i posten i 1984. Han var derimot høgt dekorert av den sovjetiske staten med Den Røde Fanes og Den Røde Stjernes orden. Vidare kan ein sjå at medan Norges Hjemmefrontmuseum opna i år 1970, opna ikkje partisanmuseet i Kiberg før i år 2000.

Universitetet i Tromsø, Norges Arktiske Universitet, fekk nyleg midlar frå Forskningsrådet og andre, slik at dei kan forske på krigen i Nord-Noreg. Forhåpentlegvis vil desse historikarane  då, som leiaren frå fredag 22. april peikar på, kunne rette opp nokre av dei svakheitene som finst innanfor norsk krigshistorieforsking. Dette er svakheiter som ein blei merksam på allereie på 1980-talet, men som likevel ikkje har blitt korrigert.

Verdskrigen ofra for «Gutta på Skauen»

Historikaren Magne Skodvin hevdar at den verkelege norske krigen gjekk føre seg nettopp i den nordlegaste delen av Noreg. Det er ikkje berre dramaet til sjøs med minelegging og bombing, som viser dette. Det nordlegaste tyske angrepet på Russland starta den 22. juni 1941. Det tyske angrepet på Murmansk fraus fast ved elva Litza, derav Murmansk- eller Litza-fronten. Allereie den 24. juni same år starta bombinga av Kirkenes. Nest etter La Valetta på Malta var Kirkenes den mest bomba byen i Europa, med 1012 flyalarmar og 328 flyangrep. «Festung Norwegen» skulle byggast sterk nord i Noreg. Tyskarane bygde ut flyplassar, fort og nye vegar, og dette ville sjølvsagt det russiske militæret øydelegge. Det blei starten på eit tre år langt mareritt for sivilbefolkninga, eit mareritt som toppa seg med bruken av brent jords taktikk og tvangsevakuering av 50.000 menneske då tyskarane gjorde retrett hausten 1944. Ingenting skulle vere igjen til Den raude armé.

Det er naturleg å spørje seg kvifor historia om Trygve Eriksen, dei andre partisanane og nordnorsk krigsinnsats har fått så liten plass i norsk skule og norsk historieformidling i form av til dømes bøker, fjernsynsseriar og filmar, samanlikna med kongens nei, Gunnar Sønsteby, Max Manus og «Gutta på Skauen». Den kommunistiske ideologien som låg til grunn for denne partisanverksemda, er nok ei viktig årsak til at denne delen av verdshistoria, med utgangspunkt i Noreg blei ofra til fordel for «Gutta på Skauen».

Historieskrivarar med for svak kikkert

Historieskrivarane har hatt fokus på Sør-Noreg og norske kommunistiske heltar hadde ikkje nokon plass i etterkrigstida. Historikarane har stått i det som blir oppfatta som sentrale strøk – sør i landet – med alt for svake kikkertar. Det er sigarherrane som skriv historia, og med kommunisme og Kald krig som bakteppe, blei det nok sett på som viktig at krigen blei vunnen i sør. Ved å skyve frå seg denne delen av norsk historie, slapp ein å skulde russarane noko og som ein konsekvens av det skauv ein òg ut dei som hadde kjempa for norsk fridom med «feil» allierte. Ein gav ikkje dei norske kommunistane noko ære for freden i Noreg og heller inga ære for verdsfreden, sjølv om det når alt kom til alt var nordmennene i Nord-Noreg, dei norske partisanane, som hadde spelt den største rolla i verdshistoria.

Det er eit paradoks at krigen var mest intens i Nord-Noreg, som Skodvin hevdar, men at historieformidlinga fyrst og fremst har fokusert på Sør-Noreg.. Det var her dei største krigshandlingane i Noreg fann stad og ein kan òg seie at denne krigsinnsatsen var viktigare for den internasjonale krigføringane enn det motstandsarbeidet som blei gjort i sør. Fokuset har vore på krigen si tyding for nordmennene, og ikkje på nordmenn si rolle i verdskrigen.

Kommunismen hadde ingen plass i norsk etterkrigshistorie, under Den kalde krigen, og sannsynlegvis var det derfor partisanane heller ikkje fekk sin fortente plass. Problemet er ikkje at kikkerten ikkje var kraftig nok til at historikarar og andre kunne sjå frå Sør til Nord, men at kikkerten verken var fokusert eller innstilt på det rette punktet. Det var dei sørnorske historikarane som skreiv historiebøkene, og som sørgja for at dei blei sigarherrane i norsk krigshistorie. Forhåpentlegvis vil denne forteljinga bli noko nyansert når krigen i Nord-Noreg nå har fått ny aktualitet.

Lik Nordnorsk Debatt på Facebook

Annonse
Her er du velkommen til å debattere saken videre. Men tenk gjennom hvordan du vil framstå og hvilke uttrykk du bruker. En liten huskeregel: Ikke skriv noe som du ikke kunne ha ropt ut på torget med mange tilhørere. Du må bruke fullt navn - falske profiler blir utestengt. Hold deg til saken, vis respekt og stor raushet overfor andre. Trakassering, trusler og hatske meldinger slettes.

Med vennlig hilsen Guttorm Pedersen, debattredigerer

Annonse