Annonse
FINNMARKS FRAMTID: Vegen framover for Finnmark blir på langt nær like strak som denne, konstaterer Nils Aarsæther. Men det er likevel gode odds for at motstanderne mot fylkessammenslåing vil vinne fram til slutt, mener han.

Denne kampen vinn Finnmark

Argumenta for «Fortsatt Finnmark» er så sterke at eit robust demokrati før eller seinare vil bringe politikken i samsvar med folkeviljen. Derfor er det så hjerteskjærande feil å sette i gang ein samanslåingsprosess som i løpet av to år kan bli reversert.

Overskrifta er kanskje ønsketenking, for det har ikkje sett lyst ut for Finnmark sin fortsatte eksistens som fylke, som valgkrets til Stortinget og som politisk-demokratisk enhet. Tre gongar har Stortinget, med knapt fleirtal, valgt å underkjenne det klare ønsket fra Finnmarks folkevalgte og befolkning (i folkeavstemming) om å vidareføre Finnmark. Dette skjer, trass i at argumenta mot samanslåing er blitt sterkare: (1) Dei store oppgåvene til fylka kom ikkje likevel (St.m. nr 6), dermed forsvann kronargumentet om at Finnmark var for lite til å makte dei nye oppgåvene. (2) Oppsluttinga om samanslåing har ikkje tiltatt. Verken regionalt eller nasjonalt er det skapt forventningar og entusiasme, det einaste partiet der det er registrert jubel er i Venstre.

Og eit tredje argument: Ikkje uventa har arrogansen frå Stortingsfleirtalet (Finnmark kan bli vedtatt nedlagd utan utredning og høyring, for det skal vere 11 og ikkje 12 fylke i Norge) ført til at mange i Finnmark er i ferd med å miste trua på demokratiet og den grunnleggande tilliten til at dei folkevalde både skal lytte til folket – og styre på grunnlag av faglege råd. Det finst ingen faglege råd om at 11 er eit optimalt antal fylker i landet.

I tilfellet Finnmark er det svikt på begge dei demokratiske grunnføresetnadene – hensynet til folket, dei det gjeld, og normen om å bygge politikken på faglege råd. Demokratiet blir ein parodi på seg sjøl når eit knapt fleirtal (53 mot 50 sist)  berre pukkar på sin rett til å bestemme. Demokratiets lågmål blei nådd i stortingsdebatten 6. desember då ein representant for eit av regjeringspartia brukte «dårleg tannhelse» i Finnmark som argument for samanslåing.

Men det nye i dette argumentet – arroganse som skaper politisk mistillit – er det sikkerhetspolitiske. Det er svært risikofylt for einkvar nasjon å innrette seg slik at tilliten til sentrale styresmakter blir svekka i ein grenseregion. Finnmark er det einaste fylket som har grense mot Russland, og ein statleg politikk som provoserer befolkninga i grenseregionen vil, utilsikta, kunne lette arbeidet for andre makters etteretningsteneste.

Argumenta for «Fortsatt Finnmark» er så sterke at eit robust demokrati før eller seinare vil bringe politikken i samsvar med folkeviljen. Derfor er det så hjerteskjærande feil å sette i gang ein samanslåingsprosess som i løpet av to år kan bli reversert. Det vil gå med enorme kostnader til å lage eit samanslått fylke. Og etter stortingsvalget i 2021 kan det bli regjeringsskifte, med påfølgande enorme kostnader til å løyse opp den uønska og lite berekraftige konstruksjonen. Berre fordi Venstre og Kristeleg folkeparti ikkje er i stand til å realitetsorientere seg. Høgre og Frp kan på si side lene seg tilbake og tenke at her gjekk det med ein milliard kroner på ei mislykka samanslåing, men det var verd det, for no kan alle sjå kor idiotisk det regionale folkestyret eigentleg er.

Vegen framover vil bli kronglat. Ei fellesnemnd som osar av motvilje skal i arbeid, og vil kanskje ikkje kome i mål etter tidsplanen. Prosessvarsel om rettsleg prøving av samanslåingsvedtaket er sendt departementet. Det går mot eit felles fylkesvalg i september, der andre viktige saker vil kunne drukne i striden om samanslåinga, og der mange «hoder» kan rulle – både i Troms og Finnmark. Kanskje oppstår det tverrpolitiske lister for å samle partitrøytte velgarar til kamp mot samanslåinga?

Det ulykksalige i denne situasjonen er at den utspeler seg i ei tid der oppgangstidene i landsdelen kan bli avløyst av stagnasjon, og der alle krefter burde settast inn på å sikre tilførsel av arbeidskraft og kompetanse, og ikkje minst, å halde på kompetente folk gjennom arbeidet for å skape attraktive byar og distriktssamfunn i Nord. Befolkningsstatistikken er urovekkande og varslar behov for auka innsats. Det sørnorske fleirtalet på Stortinget som har provosert fram splittinga i og mellom Finnmark og Troms har gitt sitt tydelege bidrag til å svekke Nord-Norge, og dermed utsiktene for heile nasjonens framtid. Folk i Troms og Finnmark kan ikkje finne seg i dette. Heldigvis er argumenta mot samanslåinga sterke, kampviljen er til stades – og det er gode odds for at Finnmark til sist vil vinne.

Lik Nordnorsk Debatt på Facebook

Annonse
Her er du velkommen til å debattere saken videre. Men tenk gjennom hvordan du vil framstå og hvilke uttrykk du bruker. En liten huskeregel: Ikke skriv noe som du ikke kunne ha ropt ut på torget med mange tilhørere. Du må bruke fullt navn - falske profiler blir utestengt. Hold deg til saken, vis respekt og stor raushet overfor andre. Trakassering, trusler og hatske meldinger slettes.

Med vennlig hilsen Guttorm Pedersen, debattredigerer

Annonse