Ein ny forskingsrapport frå Institutt for samfunnsforsking har vist at usikkerheit og frykt for tilbakekall av opphaldsløyve trugar integreringa: Folk opplever fysiske og psykiske plager, trekk seg tilbake frå det sosiale livet og er mindre motiverte for utdanning og arbeid i Noreg, skriver Helga Eggebø. Illustrasjonsfoto: Nordlys arkiv

Du kan aldri vera trygg – ny politikk for tilbakekall av flyktningstatus

Kanskje vil folk først forstå alvoret den dagen naboen – som kanskje har budd i Noreg i 8 år, men aldri fått anna enn mellombels og dårleg betalte jobbar og som derfor ikkje har permanent opphald – plutseleg ein dag blir deportert fordi tilhøva i landet ho ein gong flykta frå er blitt betre.

16. mai kom Justis- og beredskapsdepartementet med ein ny instruks til UDI som fører til ei drastisk endring av norsk asylpraksis. Dette har skjedd heilt utan offentleg debatt eller behandling i Stortinget. Endringa betyr at UDI skal tilbakekalla opphaldsløyvet dersom situasjonen i heimlandet betrar seg. Dette inneber at alle som har fått asyl i Noreg – og som fram til no har kunna vera relativt trygge på at dei får bli her – må leva i uvisse heilt fram til dei får permanent opphaldsløyve. Fram til det vil dei heile tida risikera tilbaketrekking og deportasjon.

For berre eit halvt år sidan – i samband med prosjektet «Levekår blant skeive med innvandrerbakgrunn» – intervjua eg ein person med flyktningbakgrunn. Trass i at han hadde fått innvilga asyl i Noreg var han veldig redd for at norske myndigheiter kunne koma til å revurdera asylsaken og sende ham tilbake dersom tilhøva i heimlandet endra seg. Eg forklarte at han ikkje trong vera redd for dette. Når UDI først har vurdert beskyttelsesbehovet og kome fram til at ein person har krav på trygging, så er fornyinga berre ein formalitet. Dei revurderer ikkje asylgrunnlaget når ein søkjer om fornying av opphaldsløyvet.

Men informanten vart ikkje mindre uroa av mine forklaringar av gjeldande regelverk. Han hadde erfart at innvandringspolitikken stadig var stramma inn og at han og andre i hans situasjon var blitt ramma av mange nye reguleringar som ikkje eksisterte då han først fekk asyl i Noreg. Eit halv år etter intervjuet viste det seg at han fekk rett. Den situasjonen han frykta har blitt ein realitet. Mine forklaringar og tryggingar viste seg å vera verdilause og naive.

Informanten hadde dessutan heilt rett i at norsk innvandringspolitikk har blitt stramma inn på mange område i løp av få år. Eit anna døme på det er inntektskravet om permanent opphald som vart gjort gjeldande frå hausten 2017. No må alle som søkjer om permanent opphaldsløyve i Noreg dokumentera ei inntekt på nesten 250.000 kroner i året og at dei ikkje har teke imot sosialhjelp siste året. Statistikken har vist at den gjennomsnittlege flyktningen i Noreg ikkje tente så mykje pengar sjølv etter 10 år i Noreg. Mange flyktningar vil derfor måtta leva med uvissa om tilbakekall og deportasjon i svært mange år – kanskje alltid.

Kombinasjonen av desse to endringane er dramatisk. Svært mange innbyggarar i dette landet vil måtta leva i ein utrygg situasjon i Noreg over veldig lang tid. Ein ny forskingsrapport frå Institutt for samfunnsforsking har vist at usikkerheit og frykt for tilbakekall av opphaldsløyve trugar integreringa: Folk opplever fysiske og psykiske plager, trekk seg tilbake frå det sosiale livet og er mindre motiverte for utdanning og arbeid i Noreg.

Frykt øydelegg tillit. Som ein av våre informantar peika på: «Jeg har ingen garantier for å få bli i Norge. Nye reguleringer ødelegger den tilliten som det norske samfunnet er bygd på».

Merk også at departementet skriv: «Det skal ikke foretas en vurdering av om tilbakekall av oppholdstillatelsen er et forholdsmessig tiltak overfor utlendingen». Det betyr at same kor lenge du har budd i Noreg, same kor godt integrert du er og same kor grufullt det måtte vera å bli riven vekk frå alle relasjonane du har i Noreg, så skal løyvet trekkast tilbake dersom tilhøva i heimlandet tilseier det. Dei som skal handsama desse sakene i UDI vil dermed ikkje kunne nytta sitt faglege skjønn, uansett kor urimeleg tilbakekall og deportasjon skulle vera.

Korleis er det mogleg at Justis- og beredskapsdepartementet gjer så drastiske endringa heilt utan politisk behandling? Departementet viser til asylforliket i Stortinget i 2015 kor stortingsfleirtalet bad om at ein skulle byrja kalla tilbake opphaldsløyve ved varig betre tilhøve i heimlandet. Vidare kom det ein ny instruks i 2016 som peika i same retning (GI04/2016). Men den endringa som no er gjort var ikkje med i lista over forslag som vart sendt på høyring i jula 2015 og handsama i Stortinget i Prop L 90 (2015-2016). Den drastiske endringa som vart gjort i mai i år er det ingen som har vurdert konsekvensane av og sivilsamfunnet har ikkje fått høve til å koma med sine synspunkt og vurderingar. Det er derfor grunn til å stilla spørsmålsteikn med kor demokratiske denne prosessen har vore.

Eg vil dessutan tru at dei aller færraste har fått med seg denne endringa. I alle fall ikkje dei av oss som lever trygt utan å uroa oss for opphaldsløyve og deportasjon. Kanskje vil folk først forstå alvoret den dagen naboen – som kanskje har budd i Noreg i 8 år, men aldri fått anna enn mellombels og dårleg betalte jobbar og som derfor ikkje har permanent opphald – plutseleg ein dag blir deportert fordi tilhøva i landet ho ein gong flykta frå er blitt betre.

Lik Nordnorsk Debatt på Facebook

Annonse
Nordlys overvåker denne debatten kontinuerlig mellom kl. 07 og 24. Kommentarfeltet er nå stengt og åpner igjen kl. 07.00. Velkommen tilbake da!
Annonse