Annonse
Nyheitsbiletet er fullt av djupt tragiske saker. Krig. Epidemiar. Saker det er vanskeleg å ta innover seg fordi dei er så forferdelege. Foto: Scanpix

Eg har ikkje ord

Nokon andre har bevega seg ut til yttergrensene av språket og brukt det opp på saker som i det store biletet er langt ifrå tragiske.

Det er ikkje mange dagane sidan eg kom til å omtale eit uføresett beinbrot som tragisk

Eg manglar ord. Vi har brukt dei opp.  

Denne helga mista eit tysk ektepar livet på Jostedalsbreen. To ungar mista foreldra sine. I ei overskrift på ei sak om hendinga uttalte ordføraren i kommunen der ulukka skjedde: - Tragisk at to ungar mistar foreldra sine.

Overskrifta fekk meg til å grøsse. - Dette er då meir enn tragisk, tenkte eg. Min umiddelbare reaksjon var at ordføraren måtte skjerpe seg. Seinare i saka seier han at hendinga er djupt tragisk og forferdeleg. Eg er heilt einig. Men på same tid er det ikkje nok.

Det er ikkje hans skuld. Nokon andre har bevega seg ut til yttergrensene av språket og brukt det opp på saker som i det store biletet er langt ifrå tragiske. Og vi har ikkje noko å fylle på med. Det er ikkje mange dagane sidan eg kom til å omtale eit uføresett beinbrot som tragisk. Men henta meg inn igjen. Frustrerande, ja. Smertefullt. Upraktisk. Irriterande. Ein tragedie? Nei.

Nyheitsbiletet er fullt av djupt tragiske saker. Krig. Epidemiar. Saker det er vanskeleg å ta innover seg fordi dei er så forferdelege. På same tid er det så mykje anna som er forferdeleg og tragisk. I vinter gjekk verda av skaftet fordi Noreg ikkje tok dei medaljane vi hadde tenkt oss i OL. Ein tragisk smørebom var grunnen til det. Før helga gjekk ein av naboane til Øyafestivalen, ein fire dagar lang musikkfestival ut og snakka om at det var heilt forferdeleg å ha denne festivalen i nabolaget. Sjølv kan eg skryte på meg både angst og depresjonar av ein litt dårleg dag, og dei fleste som gjer noko bra i ein talent- eller idrettskonkurranse synst det er heilt sinnssjukt. Sommaren har vore ekstremvarm. Ein vakker dag kjem ein eller annan nok ein gong til å fiske noko monsterstort. Og katastrofane står sikkert i kø allereie i neste tippeligarunde.

Eg meiner ikkje at vi skal dra opp dei store og vanskelege konfliktene i verda kvar gong nokon av oss opplever noko utfordrande. Nokon gong er eit middels stort ilandsproblem meir enn nok å handtere. Vi har ofte nok med oss sjølv. For ofte. Men ingen kan ta innover seg all verdas elendigheit. Noko av det kan det likevel vere verdt å tenkje over før vi snakkar.

Ekstremvarmen vil truleg bli normalen ein dag. Ein dag vil vi også gå tomme for ord som dekkar tragediane. Det supertragiske. Ekstremtragiske. Kjempetragiske. Kanskje er det også det som kjenneteiknar det som verkeleg er tragisk og forferdeleg. At orda uansett ikkje strekk til.

Lik Nordnorsk Debatt på Facebook

Annonse
Her er du velkommen til å debattere saken videre. Men tenk gjennom hvordan du vil framstå og hvilke uttrykk du bruker. En liten huskeregel: Ikke skriv noe som du ikke kunne ha ropt ut på torget med mange tilhørere. Du må bruke fullt navn - falske profiler blir utestengt. Hold deg til saken, vis respekt og stor raushet overfor andre. Trakassering, trusler og hatske meldinger slettes.

Med vennlig hilsen Guttorm Pedersen, debattredigerer

Annonse