Eg er så sjukt stressa. Eg skal på ferie.

Eg gler meg berre til å komme heim igjen.

I staden ligg eg søvnlaus i senga og slit med ein halvsløva hjerne som problematiserer heile feriekonseptet.

Eg er så sjukt stressa. Ja, det er eit i-landsproblem, men også i-landsproblem krev si kvinne: Eg skal på ferie.

Om ei veke sett eg meg på flyet til utlandet. – Ååååhh, seier alle, når eg fortel om reisemålet og ferieplanane. – Det er så fint der. Eg har vore der. Du må ete der og handle der og bade der og drikke der. Og så må du sjå det og det og det og det. Og gløym for all del ikkje å lese den og den boka før du drar.

Eg nikkar, smiler og kikar rastlaust i kalenderen. Sju dagar att. Eg har tusen ting å gjere på jobb. Såpass mykje at eg ikkje burde tatt ferie. Eg har brukt altfor mykje pengar i vår og brukte opp feriepengane frå min forrige jobb i fjor og har strengt tatt ikkje råd til å dra på ferie. Men å dra på ferie er noko normale, vaksne menneske gjer. Og når ein er på ferie skal ein kose seg.

Men før eg kan begynne å kose meg, må eg førebu meg på å kose meg. Eg må pakke. Og vaske alle kleda eg skal ha med meg. Eg bør kjøpe litt solkrem. Lese meg opp på byen eg skal besøke. Strengt tatt burde eg vaska på kjøkkenet.  

Lære meg eit nytt språk. Rydde under senga. Spare pengar. Avise frysaren. Få ein nydeleg og veltrent kropp som fungerer perfekt for små plagg på stranda. Planlegge kva oppbyggeleg litteratur eg skal lese. Finne nokon bra restaurantar å ete på.

Og så langt kjem eg aldri. For eg har gått i den klassiske førjulsfella midt i juni og skal treffe alle eg kjenner for å ha avslutning. Før eg forlet byen og landet og drar på ferie. Og blir borte i heile ti dagar.

Nokon må skjerpe seg. Og det er meg. I staden ligg eg søvnlaus i senga og slit med ein halvsløva hjerne som problematiserer heile feriekonseptet, mens eg ser på at vekkarklokka på nattbordet tikkar nærmare og nærmare avreise. Og eg gler meg berre til å komme heim igjen.

Men det er ikkje berre berre, det heller.

Ein ven ringte meg for ei stund sidan. Han hadde vore på draumeferien. Ikkje sin eigen, men alle andre sin draumeferie. Like etter at han landa på norsk jord, ringte han meg for å øve på å fortelje om ferien. Ein ferie som heile venekretsen og alle på jobb og andre folk han knapt kjente, gledde seg vilt til å høyre om.

Fordi dei drøymde om den ferien. Eller hadde vore der sjølv. Ein ferie som for han hadde vore tidvis glimrande. Tidvis traurig. Mesteparten av ferien hadde vore heilt grei. Litt sånn som nokon vanlege veker i livet, eigentleg.

Det held ikkje for ein ferie. På ferie skal ein kose seg glugg i hjel og vere brun, blid og fullstendig utkvilt, intellektuelt stimulert og inspirert, og 110 prosent lukkeleg når ein kjem tilbake på jobb.

Men då kan eg i det minste slappe av. For då er det lengje til eg skal på ferie igjen.

Lik Nordnorsk Debatt på Facebook

Annonse
Her er du velkommen til å debattere saken videre. Men tenk gjennom hvordan du vil framstå og hvilke uttrykk du bruker. En liten huskeregel: Ikke skriv noe som du ikke kunne ha ropt ut på torget med mange tilhørere. Du må bruke fullt navn - falske profiler blir utestengt. Hold deg til saken, vis respekt og stor raushet overfor andre. Trakassering, trusler og hatske meldinger slettes.

Med vennlig hilsen Guttorm Pedersen, debattredigerer

Annonse