Når det blir meir liv og røre i næringslivet på plassar som Breivikbotn (bildet), Kjøllefjord og Havøysund, smittar det over på stemninga lokalt. Fleire får trua på eige lokalsamfunn og ser vitsen i å delta i næringslivet og i styringa av kommunen, skriver Nils Aarsæther. Foto: Marit Rein

For ei oppdaging!

Dersom lederskribenten  får auga opp for fakta og underbygde samanhengar, ser ho/han kanskje også kva skade Nordlys er i ferd med å forårsake med sine «Skrifta-på-veggen»- formaningar om å gi opp kampen for å skape og vidareføre levedyktige distriktssamfunn i Nord.

Lederartikkelen i Nordlys slår 28. juni stort opp at det framover vil vere lågare befolkningsvekst og sterk aldring i distrikta. Ja takk, men dette var noko vi blei klar over omkring 1980, altså for 38 år sidan. Når Nordlys formidlar denne «nyheten» ved å vise til Statistisk Sentralbyrå sine framskrivninger, utan å halde talmaterialet opp mot det vi i nord veit om lokalsamfunn og småkommunar, uttrykker det mangel på kritisk sans, og mangel på kunnskap. Men ærendet er kanskje ikkje å bidra med opplysning, det gjeld visst å finne eit nytt argument for patentløysinga: Samanslåing. Av kommunar generelt, og av fylka Finnmark og Troms spesielt.

Joda, det så lenge ut til at eldrebølge og få fødslar fra 1980 av skulle ta knekken på mange småkommunar. Utover 1990-talet og eit stykke ut på 2000-talet så det faktisk mørkt ut, med ein vedvarande befolkningsnedgang utanfor bykommunane. Men så skjedde det noko i 2008, i det store kriseåret i verdsøkonomien. Det som skjedde i Nord-Norge det året og fram til 2016 har eg og mange andre forskarar prøvd å formidle dei siste ti åra, men åpenbart utan å nå inn i Nordlys-redaksjonen (og ikkje så få statlege øvrighetspersonar, prega av det eg vil kalle eit formørka syn på landsdelens samla muligheter).

Så no gjentar eg, på lesarbrev-plass i Nordlys: I 2008 viser statistikken at befolkningsnedgangen i mange nordnorske småkommunar stoppa opp, også i dei mest sårbare kystdistrikta. Ikkje fordi det blei fleire fødslar eller mindre utflytting. Men (1) fordi næringslivet tok seg opp, både i fiske, fangst, oppdrett, fiskeindustri, ferskfisk-uttransport, leverandørindustri og fisketurisme. Og (2) fordi jobbane blei sett på som attraktive av folk frå Aust-Europa (EØS opna for dette) og ein aukande straum av flyktningar. Stadig fleire tilflyttarar frå utlandet blei registrerte som bosatte i, og i arbeid i, småkommunar der det var jobb å få. Og (3) når finanskrisa skapte ekstra stor arbeidsløyse på kontinentet, var det mange som flytta mot nord.

Når det blir meir liv og røre i næringslivet på plassar som Breivikbotn, Kjøllefjord og Havøysund, smittar det over på stemninga lokalt. Fleire får trua på eige lokalsamfunn og ser vitsen i å delta i næringslivet og i styringa av kommunen. Eg vil påstå (men dette har eg ikkje forskingsmessig dekning for å hevde) at denne stemninga er ein direkte årsak til den sterke motstanden mot kommunesamanslåing og mot samanslåing av Finnmark og Troms. Men for Nordlys-redaktørane dreier motstanden seg om ugrunna frykt og  ikkje å forstå sitt eige beste. Dersom lederskribenten  får auga opp for fakta og underbygde samanhengar, ser ho/han kanskje også kva skade Nordlys er i ferd med å forårsake med sine «Skrifta-på-veggen»- formaningar om å gi opp kampen for å skape og vidareføre levedyktige distriktssamfunn i Nord.

Lik Nordnorsk Debatt på Facebook

Annonse
Nordlys overvåker denne debatten kontinuerlig mellom kl. 07 og 24. Kommentarfeltet er nå stengt og åpner igjen kl. 07.00. Velkommen tilbake da!
Annonse